Uavgjort og seier i dei to siste for juniordamene

Uavgjort i Odda og storseier heime på Myro.

Odda - Halsnøy 1-1

Etter å ha slått Trio følte me at me var godt i siget, men var spente på kva lag me møtte i Odda.

Me var enige om å komme tidlig i gong med spelet vårt som mot Trio, men i staden er det Odda som tar tak i kampen. Dei slår mykje langt, og me er for nølende i press på ballfører. Me kjeme på halvdistanse og står for ofte og lurer på kven som skal ta ballen. Me må vere meir bestemte jenter. Til pause ligg me under 1-0, ikkje noko å sei på det men me kunne fort ha putta ein ball og to i mål med litt tur. Odda skaper ikkje så mangen sjanser, men Alex har eit par gode redninger.

I pausen var me enige om å skjerpe oss, og spelet hever seg fleire hakk uten at det blir så bra som me kan. Gunnhild setter inn utligninga og kunne fort gitt oss ledelsen i ein periode der me skaper mange sjanser. Men kampen ebber ut med 1-1, noko me kan vere rimelig godt fornøyd med kampen sett under eit. Men me kan mykje bedre enn dette jenter.

Halsnøy - Finnås 7er  19-0

Til denne kampen var det viktig å få jentene til ikkje å ta for lett på motstanderen, i og med at me har slått Finnås greit i 3 kamper tidligere i år. Fokuset var å sikre 3 poeng og ikkje sleppe inn mål - då ville me vere det einaste laget som har unngått baklengs mot Finnås i årsmiley  Me møter eit lag som me er bedre enn i alle spillets faser. Tar litt tid før me kjeme i gong, men når me begynner å sette fart på ballen og bevegelsen blir større så sliter Finnås med å henge med. Etterkvart begynner me å treffe mål og  til pause står det 7-0.

Me tar det litt rolig i starten av 2 omgong. Men etterkvart kjeme me i gong og det blir til tider veldig bra spel med godt tempo i ballen. Måla begynner å renne inn og me gjer oss ikkje før det står 19-0. Godt gjennomført, og bra gjort å holde fokus heilt inn. Når alt kjeme til alt kan denne målforskjellen vere god å ta med seg.

Før dei to siste kampene er me serieledere, og alt er opp til oss sjølve. Med seier i dei to siste er det ingen som kan ta oss igjen. Så kom og støtt oss i siste heimekamp for sesongen på kunstgraset på fredag kl 18.

Bra jobba jentersmiley 

Mål: Kjersti Marie 7, Gunnhild 6, Marthe 4, Hanne 1, Christine 1

Kjell Inge

 

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift