Halsnøy J19 slo Bremnes 6-0!

Nest siste kamp for sesongen blei spelt på kunstgrasbanen mandag kveld. Jentene har gode mulighetar til å ta puljesigeren og lot ikkje Bremnes stå i vegen for den.

Ein noko famlande opning, der det verka som om alvoret prega jentene. Men etter å ha rista av seg nervene begynte pasningar og kombinasjonar å sitja. Kjersti Marie blei spelt nydeleg gjennom etter ca 10min og satte ballen kontrollert i mål til 1-0! Gunnhild ordna 2-0 på straffe og Hanne satte inn 3-0 etter nydeleg innlegg frå Ina.

Omgangen viser at det til tider er klasseforskjel på laga. Halsnøy er veldig flink å spela fri spelera på kant gjennom veggspel og har ein solid midtbane som er ballsikre og i tillegg besitter stor løpskapasitet. Bremnes kjem ikkje til ein målsjanse, som gjer at Alex i mål har ein heller kald kveld i buretsmiley3-0 står seg til pause.

2. omgang er mykje lik fyrste. Halsnøy ruller opp angrep på kantane, men slit til tider litt med den avgjerande pasningen/avslutninga. Allikevel er det ingen tvil om kor sigeren skal gå. 4-0 ved Kjersti Marie, 5-0 ved Gunnhild og heilt på slutten set "storscorar" Christine inn 6-0, etter eit flott løp og iskald avslutningsmiley. I mangel på innvolveringar må faktisk Alex byttast ut som følge av tilnærma frostskadar midtvegs i omgangen. Det fortel vel litt om spelets gang. Dei gongen Bremnes kjem over midten og går i angrep, blir dei kontant stoppa av forsvaret.

Ein veldig solid kamp av J19, som nå treng eit poeng borte mot SST 2 for å bli seriemestera i 2012. Det vil i så fall vera 3. (eller 4.?) gong årgangen f95/96 er i KM-sluttspel. La oss nå håpe på like solid kamp mot SSt 2 neste veke.

 

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift