Heldig seier for gutelaget - 3 viktige poeng imot Nore/Søre Neset

Nore Neset/Søre Neset-Trio/Halsnøy 2-3. Ein spanande og hektisk kamp, melder trenar Kjell Magnar Eide om serieopninga - historiens første obligatoriske seriekamp for samarbeidslaget Trio/Halsnøy G16. Etter 2-2 til pause, trykka heimelaget valdsamt på etter kvilen, men Emanuel vart dagens mann då han banka inn sitt andre med ein strålande prestasjon.

 

 
 

Trio/Halsnøy starta svakt og tafatt. Nore Neset hadde trykket i kampen, dog utan å kome til store sjansar. Det kom derimot i andre enden, der Emanuel først bomma på eit gjennomløp, før han scora på eit nesten identisk framspel, der han vart hardare pressa enn ved første høvet. Sjølv med to mann på seg, vendte han seg fri og sette ballen elegant i lengste hjørnet.

 

Ti minutt seinare fekk Svein Helge ballen på 16-meteren etter litt klabb og ein god del babb. Han var ikkje nådig og med eit godt skudd fauk ballen i nota til 0-2. Kort etter måtte Helge ta ein pause etter ein alboge i auga, og straks etter det fekk heimelaget ei redusering. Det gjorde at Trio/Halsnøy datt litt saman og siste fem minutta var det hardt trykk mot bortemålet. Det resulterte også i utlikning kort før pause. 2-2 

Kvinnheringane hadde ikkje vore heilt på. Litt passivitet mot eit fysisk sterkt lag frå Os, forutan ein god periode midt i omgangen. Generelt litt for upresise og gjev vekk ballen for lett.

 

I andre omgang starta det litt rotete, men etter kvart pressar Nore Neset stadig meir på. Og stadig meir med lange framspel, der dei flytta fram stadig fleire folk i front. Mot slutten spelte heimelaget med tilnærma 4 spissar, som dei lempa opp på. Men Trio/Halsnøyforsvaret sto i mot. Etter at Adrian opna på uvant plass som stoppar i lag med Vidar, vart Ole Martin etter kvart henta ned på sin 'faste' plass for å demme opp.

 

Midt i omgangen er det likevel Trio/Halsnøy som får utteljing, på ein praktfull prestasjon. Etter eit kast frå sida, dempar Emanuel ballen på brystet, vender og knallar ballen i kassen på volley frå skrått hald.

 

Eit stadig hardare trykk, men gutane sto i mot og skaffa seg sjølvtillit med tre deilige poeng på ein ikkje heilt topp dag. Laget fekk det ikkje heilt til å stemme, men plussar særleg til keeper Christopher, Ole Martin og ikkje minst Emanuel, som jobbar godt mot svære bamsar i heimeforsvaret.

 

Neste helg er det heimekamp mot Baune, den kampen går på Husnes søndag. Før det skal lag 3 ha heimekamp mot Rosendal på onsdag og lag 2 bortekamp mot Eikelandsfjorden på torsdag.

Kampfakta frå Nore Neset idrettsplass

G16: Nore Neset/Søre Neset-Trio/Halsnøy1 2-3 (2-2)

0-1 (minutt) Emanuel Onasaka

0-2 (minutt) Svein Helge Hølland

1-2 (minutt)

2-2 (minutt)

2-3 (minutt) Emanuel Onasaka

Gult kort: Helge Mehammer

 

Trio/Halnsøy sitt lag:

Christopher Lemicka Brix, Hugne Eik Sjo, Vidar Kaldestad Buhl, Adrian Hope Berntsen, Bjarne Mehammer Tofte (Espen Bakke Handeland frå 65 minutt), Helge Mehammer (Henrik Eik Sjo frå 30 minutt, Helge Mehammer frå 55 minutt), Ole Martin Hillestad, Dawit Kahsay, Svein Helge Hølland, Emanuel Onasaka, Martin Lygre.

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift