Norway Cup 2013

Det er om lag 2 veker til Norway Cup brakar laus og G16 (Trio/Halsnøy) skal delta.

Gutelaget hadde i utgangspunktet meldt på to lag, men grunna ein del forfall har vi måtta trekke det eine og reiser i staden med ein stor stall på det eine laget. 17 spelarar er påmeldt og laget har fått ei spanande innleiande gruppe. Klasse B (G16) er som vanleg den største og tøffaste klassen, godt over 200 lag er påmeldt. Under er litt om motstandarane Trio/Halsnøy skal møte i gruppespelet.

Før den tid blir det treningskamp mot Trott.

 
Klikk på bilete for full storleik
Svein Helge er i storform, hevdar han sjølv.

Keflavik FC (søndag 28/7 kl 18.30 på bane 5 på Ekeberg):

Keflavik, eller Knattspyrnudeild Keflavíkur, er frå Island og byen Reykjanesbær heilt vest på Island, rett attmed hovudstaden Reykjavik. Klubben har 8 kampar i Champions League kvalik, med 0 poeng og 5-35 i mål som resultat. Klubben er seriemeister 4 gongar på Island, sist gong i 1973. Mest kjente spelar er vel Stefan Gislason (ex-SIF, Lyn, LSK). Om gutelaget deira er det ikkje godt å vite noko som helst.

 
Klikk på bilete for full storleik
Tre knekte fingrar gjer at det ikkje blir Norway Cup på Warhel :/

Stegaberg (måndag kl 13.15 på bane A2 på Abildsø):

Stegaberg utanfor Haugesund har A-lag i 5.divisjon, om lag på nivå med Falkeid og Karmsund, som har spelt jamnt med Trio i treningskampar siste halvanna året. I antal lag er klubben på storleik med Trio. Dei har juniorlag som er betydeleg svakare enn vårt og G16-laget ligg nest sist på tabellen (rett nok jamnt) i 2.divisjon Rogaland, som tilsvarar 3.divisjon her. Det kan virke som at dei starta sesongen med to lag, men har trekt det eine. Dei har i allefall tapt ein kamp mot Bremnes, som vi kjenner, med 9-0.

 
Klikk på bilete for full storleik
Simen har reist til England for å kjøpe fotballsko.

Follo FK (tysdag kl 14.30 på bane 10 på Ekeberg):

Follo er tabelljumbo i Adeccoligaen og har B-lag i 3.divisjon. Altså ein stor klubb og ein samlingsklubb for sitt område i Akershus med lag kun frå 14 år og oppover. G16-laget var med i NM (Adidas Cup) og rauk nyleg ut i 1/8-finalen med 0-4 for Molde. I serien spelar dei i Interkrets med Oslo laga og ligg på 8.plass der av 13 lag. Dei har slått Lillestrøm og spelt uavgjort borte mot Vålerenga. I ei eliteturnering spelte dei 2-2 mot Rosenborg og Fredrikstad og slo Fyllingsdalen 2-1.

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift