Seier for Trio/Halsnøy G14-2 og tap for Trio/Halsnøy G14-1

Trott - Trio/Halsnøy G14-2: 3-6 Bjarg - Trio/Halsnøy G14-1: 1-0

26.09. Trott - Trio/Halsnøy G14-2: 3-6

Fredag reiste gutane til Prestegardskogen og spelte 7er kamp mot Trott. Veret var til tider forferdelig, med kraftig vind og styrtregn.

"Dette er veldig dårlig", sitat Nikolai Maier, oppsumerer vel egentlig 1.omgangen. For lite stemte dei fyrste 35 minuttane. Merkelige valg med ball, lite presise pasningar og ikkje imponerande innsats. Men mot slutten av omgangen så får ein allikevel satt inn 2mål. Fyrst Simen på frispark frå midtbanen og deretter Håvard, etter flott samspel med Oliver. Trott reduserte like etterpå og resultatet ved pause var 1-2.

Nikolai Maier

God 2.omg av "Niko"

Gutane heva seg noko i 2.omgang og auka tidleg leiinga til 1-3 ved Marius, etter pasning frå Nikolai. 1-4 kjem 6min ut i omgangen, også den frå Marius. Men da tar bare 10 min etter dette, så har Trott redusert 2 ganger og da er ny spenning i kampen når da står 3-4!

Etter at begge lag har hatt sin dose med sjansar, så klarer gutane våre å punktera kampen. 3-5 ved Nikolai (Sindre) og 3-6 kjem i rask rekkefølge mot slutten av kampen. Det siste etter nydeleg raid av Vebjørn opp høgresida og 45gr pasning ut til Marius.

Kjekt med seier igjen etter uavgjort og tap i dei to siste. Men gutane kan allikevel betre enn dette, noko dei alle var veldig enig i etter kampen. Og då har ein kome langt, når prestasjon på banen tel minst like mykje som resultat.

Neste kamp er mot Stord 2 4.oktober, på Halsnøy Kunstgras.

Lag: Rasmus, Vebjørn, Marius, Tommy, Sindre, Håvard, Nikolai, Simen og Oliver

Mål: 0-1 Simen, 0-2 Håvard (Oliver), 1-3 Marius (Nikolai), 1-4 Marius, 3-5 Nikolai (Sindre), 3-6 Marius (Vebjørn).

 

28.09. Bjarg - Trio/Halsnøy G14-1: 1-0

Fyrste tur til Bergen blei aldri noko "høydare". Dessverre var dette eit steg tilbake i forhold til stigninga ein har hatt i dei 3 fyrste kampane.

Innsatsen til laget var relativt bra, men den er og heilt nødvendig etter alle dei balltapa ein har. Om ikkje så kunne dette blitt svært stygge siffer. Dei kreftene som skal brukast i angrep blir raskt brukt opp og ein får lite trøkk framover når det trengs.

Bjarg leiar fortent 1-0 til pause. Målet kjem på ein corner, som blir stanga i mål. Markering når innlegget kjem er ein kunst som må lærast. For da er ikkje bare på innlegg ved dødball me slit. Også når motstander kjem rundt på kant og legg inn, har me litt for mange som vil blokkera innlegg og som etterlater enorme rom inne i feltet. Men, ein lærer av sine feil håpar me. For Bjarg kom til fleire sjansar på akkurat denne måten.

I motsatt ende av banen har me egentlig bare ein reell sjanse. Marcus kjem litt skrått på mål, men får smelt av med venstreslegga. Dessverre er keeper nede i hjørnet og redder. 

Bjarg er, som alle andre lag i denne divisjonen, eit godt lag. Dei er i snitt noko betre enn oss når da kjem til basisferdighetar. Våre mottak, pasningar og valg med ball er dessverre noko under det ein håpar på. Men innstillinga er å retta opp litt av inntrykket i 2.omgang.

Noko betring blir det, men ikkje slik at Bjarg føler seg veldig truga. Marius klarer å halde litt på ballen oppe i banen, som gjer at ein kan få flytta laget lengre opp og få til nokre gjennomspel og avslutningar. Marius er og hårstrå i frå å setja hovudet på eit frispark frå Patrick. Dei har Quamèn scora mange på før! Marcus har og eit godt skudd i denne omgangen, men rett i nettveggen dessverre. Bjarg på si side kjem ikkje til noko særleg med sjansar dei heller og kampen endar 1-0 til heimelaget, heilt fortent.

Dåke trenar og spelar kampar for å bli betre. Så lenge alle tar litt lærdom med seg frå slike kampar, så blir da veldig bra til slutt:-)

Neste kamp er heime mot Bønes 2.oktober kl 1900 på Kvednabekkjen. Då hevar me oss litt gutar!

Laget: Rasmus, Vebjørn, Vegar, Henning, Imam, Nikolai (Marius 35.min), Patrick, Daniel (Nikolai 60.min), Markus (Håvard 50.min), Simen og Ruben.

     

Erik (menisk) og Oliver (beinbrudd) er dessverre ute for resten av sesongen. God betring gutar!

 

- Verner og Bjarte - 

 

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift