Endelig siger på heimebane

1-0 mot Olsvik/Kjøkkelvik på laurdag var faktisk fyrste heimesiger til Trio/halsnøy 1 i haust. Og med det resultatet plasserte laget seg på øvre halvdel av tabellen.

Ein lang og hektisk sesong går mot slutten for denne flotte treningsgruppa, som utgjer Trio/Halsnøy 1 og 2. Siste 11er kamp var mot Olsvik/Kjøkkelvik på laurdag. Gutane våre stod med 3 sigrar i haust, men alle var komen på bortebane. i tillegg så var motivasjonsfaktoren å kapre 5.plassen i 1.div pulja og å blir beste lag i Sunnhordland.

Olsvik/Kjøkkelvik var atter eit nytt bekjentskap. I ei pulje der nesten alle kan slå alle, så visste me at dette ikkje blei noko lett match. Ein del skadar gjer at me og er veldig tynt besatt nå på tampen av sesongen, men alle var innstilt på å avslutta på best mogleg måte.

Gutane opna kampen litt under pari. O/K dominerte banespelet dei fyrste 10min og hadde eit par veldig farlege gjennomspel til ein hurtig spiss. Vår nykomponerte midtbane kom ikkje oppi ballførar og forsvaret var litt rufsete i formasjonane. Men heldigvis så redda "forsvarsmaestroen" Vegar opp i siste liten fleire ganger.

Vegar Hoff

Strålande kamp av Vegar!

Etter kvart fekk gutane justert seg inn og tatt meir tak i kampen, og spesielt på overgangar skapte me sjansar. 20 min ut i kampen vinn Ruben ballen på midten. Han slår til Sander, som igjen finn Simen på 16.meteren. Simen vender og plasserer ballen i lengste hjørnet, 1-0! Like etterpå er me frampå igjen. Ballvinning på egen halvdel og Ruben tar med seg ballen framover i stor fart. Gode bevegelsar frå angriperane gjer at Ruben får relativt fri bane mot mål. Skuddet er bra, men det stryk uheldigvis utsida av stolpen.

Kampen er ellers prega av tøffe duellar og lite finspel. Me prøver å spela fri både kantar at spiss, men O/K forsvarer seg veldig godt. Banen og ballen er ellers veldig våt i regnveret, så det får ta litt av skulda for manglande touch og presisjon i begge lag. Resultatet står seg til pause.

2.omgang er noko betre frå vår side. Som vanleg er det veldig god innsats over heile linja og ein gir alt i duellane. Men ingen av laga kjem til dei heilt store sjansane. O/K har eit par langskudd like utanfor eller rett på Rasmus og me har eit par muligheter etter gjennomspel på kant og gjennom midten. Kampen blir ellers litt oppstykka av gule kort (5min på sidelinja). 2 til O/K og 1 til oss. Men ingen av laga klarer å utnytte overtallet. 

Veldig glade gutar jublar i regnveret, når dommaren bles av kampen. Heimesiger, 5.plass og foran Stord og Bremnes i pulja. Akkurat som planlagt:-)

Ruben Saug

Ruben jobba godt og var nær scoring!

Da har vore lærerikt å kjenna på nivået i 1.div, der gutane har fått testa seg mot lag frå Bergensområdet. Ein ser at tempoet er høgare og at ein har mykje mindre tid med ballen. Det krever gode basisferdigheter for å hevda seg blandt dei beste og for å kunne styre kampar gjennom hurtig pasningsspel. Her har spelargruppa fortsatt ein del og gå på. Gutane har ikkje blitt utspelt i nokon kampar (kanskje bortsett frå mot Gneist) og har bite godt frå seg. Me slepp inn få mål og ingen av laga me har møtt tar gutane våre på innsats. Me er kanskje ikkje best trent, men mange har evnen til å pressa seg sjølv. Da er ein viktig egenskap. Så får kvar og ein tenke litt på kva ein må jobbe meir med fram mot spel på G16-nivå. Kos dåke med fotballen og for dei som har eit sterkt ynskje om å bli mykje betre, så gjeld da å trena med kvalitet - terping på detaljar, som Martin Ødegård seier:-)

Laget:

Rasmus, Vegar, Vebjørn, Sander, Imam, Patrick, Ruben, Marcus, Simen, Marius, Nikolai og Mathias G.

Mål:

1-0 (20min) Simen (Vebjørn)

-Verner og Bjarte-

 

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift