Halsnøy - Olsvik (0:0) .0:0.

Det var ei serieopning med lite sjansar og mykje dårleg pasningsspel (og eit ver som minna lite om nyslått gras på Nyamyro).Halsnøy hadde ein stor sjanse ved Mats Paulsen der Olsvik fekk avverga i siste liten. Olsvik kunne vel (om me legg godviljen til) fått eit straffespark. Alt i alt var uavgjort eit greit resultat sett utfrå sjansar og spel.

 

Coach Kleven hadde på seg den nystrøkne finskjorta si og alt var klart for serieopning. Halsnøy gjekk ut i ein 4-4-1-1 formasjon med denne lagoppstillinga:

Svein Kristian-Jonas Hølland-Dan Greger Våge-Marcus Øvrevik-Chriss Andre Grønstøl-Martin Lygre-Joachim Tharaldsen-Fredrik Eide-Svein Helge Hølland-Mats Paulsen(c)-Fredrik Berntsen. Innb: Erik Steinsbø - Daniel Stoknes- Sigmund Medhus- Tobias Medhus.

Ikkje speleklare: Mordasas Kestutis - Terje Kristiansen- Mats Lorentzen.

 For Halsnøy gjeld det og ta med seg det positive: det vert ikkje slept inn mål og me prøver og spela fotball, forsvaret med Dan "Pique" Våge og Marcus "Mathieu" Øvrevik i spissen klarte seg godt, det gjorde og midtbanen - Joachim Tharaldsen debuterte idag. Han kom med ein kort kommentar til bladfyken etter kampslutt:"vanvittig deilig og ta på seg halsnøydrakta!!" No gjeld det berre å fylla på med folk i boks når me angriper og øve til neste kamp som er i Bergen neste laurdag mot NHH2. Positivt er det og at monsteret frå Bosnia vaknar på måndag - Asmir "Dzeko" Jakupovic

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift