Uavgjort mot Fitjar

2-2 borte mot Fitjar var positivt etter at ein tapte stort heime for Trott 2, samtidig som Fitjar vann fyrste kamp 22-0!!

2. serierunde 14.04.15: Fitjar G14- Halsnøy G14 2-2 (1-1 pause)

Mål: Joachim og Selmer

Med 3-10 tap for Trott i første serierunde var det ein revansjelysten gjeng som reiste til Fitjar. I tillegg til dei 12 G14 spelerane hadde me fått låne Selmer og Mathias frå G13. Her skulle gutane spele få spele på gras. Kjekt både for dei og trenaren! Fitjar kom frå ein 22-0 siger i første serierunde borte mot Moster men me var fast bestemte på at Fitjar ikkje skulle få glede seg over slike siffer denne kvelden.

Me gjekk ut i ein 5-4-1 (3-4-3): Erik- Nitiphon, Magnus, Adrian- Waldemar, Halvard- Selmer, Marcus(k), Mathias, Joachim- Brede.

1.omgang: Fokusområda i denne kampen skulle vere å utnytte høgresida med Waldemar/Selmer og venstresida med Halvard/Joachim. Samstundes måtte kommunikasjonen og innsatsen opp mange hakk frå førre kamp. Sjølvtilliten Fitjar hadde tatt med seg frå Moster måtte tidleg få seg ein knekk difor pressa me høgt og aggressivt frå start. Dette lukkast bra dei første minuttane og Waldemar og Selmer kom i innleggsposisjon frå høgresida ved fleire høve. I tillegg vann me dei viktige duellane på midten og Magnus styrte forsvaret på ein god måte. Fitjar kjempa seg likevel inn i kampen og kombinerte fint  langs venstrekanten deira. Etter 10-15 minutt kjem Fitjar til eit innlegg som me ser ut til å ha kontroll på. Men klabb og babb fører til 1-0 Fitjar. Surt etter ei god opning av oss, men gutane heldt hovudet oppe! Resten av omgangen dreia  seg mykje om duellar og lange ballar. Lite som minna om tiki-taka på Fitjar i tidsrommet 1845-1905. Men  Brede og Mathias bytter etter kvart  posisjon. Brede ned på midten med sin pasningsfot og Mathias opp på topp med sin fart og evne til å utfordre. Den steinharde jobbinga betalte seg 10 minutt før pause. Joachim får ballen på venstre kant, skjer inn og curlar ballen i næraste kryss. Ei nydeleg skåring litt ut av intet! Det lønnar seg å avsluttewink. Mot slutten av omgangen får ein Fitjar spelar gult kort og måtte med det sone 5 minutt på sidelinja.

2.omgang: Rett etter pause kjem Torbjørn og Bernt inn på topp. Dei gjer ein flott innsats og stressar Fitjarforsvaret. Christoffer kjem inn i forsvaret for Nitiphon og gjer ein god jobb. Me legg då om formasjonen litt men kampen er enno jamnspelt. Fitjar har det beste pasningsspelet medan me spring og vinn duellar i litt større grad. Få store sjansar til nokon av laga. Det er då utruleg surt når Fitjar går opp i 2-1 etter eit skot ein uheldig Erik ikkje ser utgangen av. Kaptein Marcus gjer oppgåva si og manar gutane til fortsatt innsats. Nok ein gong kjempar me oss inn i kampen etter å ha ligge under. Magnus har eit kanonskot i tverrleggjaren.  Halvard, som i 2.omgong var mykje meir med offensivt, vinn ballen inne på Fitjar sin banehalvdel. Han avanserer fram mot kanten av 16 meteren og får til ei god avslutning som keeper må gje retur på. Den snappar ein meget frisk Selmer opp og bankar ballen i målet. 2-2! Selmer skåra med det i debuten for ossyes

Målet fører til ei veldig press frå Fitjar si side mot slutten av kampen. Magnus ryk på eit korrekt gult kort og må sone 5 minutt. Heimepublikum ropar på raudt men dommaren gjer det rette. Det toppar seg når Fitjar får ein feilaktig i dømt straffe minuttar før fulltid. Halvard gjer ei god takling på ball men Fitjarspelaren spring i Halvard og dett i bakken. Straffen blir sett høgt over mål og kampen ebbar ut i 2-2. Greitt resultat for begge lag. Meget god innsats av alle denne kvelden. Stolt av gutane!

Marcus er nå ute ei stund etter å ha spelt med brot i tåa i fleire månader. Ein veldig smerteterskel på han men nå skal det opererast. Han kjem sterkt tilbake!

Neste kamp er heime mot Trio 19.april kl 1400.

- Dan Greger Våge -

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift