8-0 mot Odda

Fantastisk innsats, spesielt tatt i betraktning at ca halve laget hadde 4 dagar med handballfestival i beina! (Red.anmrk: Nytt lagbilete utan lyskaster hadde vore å foretrekka:-)) )

Tirsdag 26.05.15 Halsnøy - Odda 8 - 0  (2-0) 


Me hadde hatt nesten 3 veker kamp-pause så me var veldig spente foran denna kampen. Då me møtte Odda på heimebane klarte me aldri heilt få tak i kampen, og me hadde eindel trøbbel med raske spissar hos Odda. Så me viste dette kunne bli ein tøff kamp. 
Då kampen starta tok jentene raskt kontroll og styrte egentlig resten av kampen. Dei kjempa godt ilag samla som eit lag, og spelte mykje god fotball. Bak var Grete Camilla god og tok det som kom. 
Me forsette med ei vellykka startoppstilling, 3-4-1. Grete Camilla, Rebekka, Selma, Celina, Ovidie, Emma, Silje, Ida og Elina.
Allerede 5.min ut i kampen kom 1-0 leiinga. Ovidie lobbar ein fin ball over forsvaret til Odda, ei kjapp Elina kjempar seg til ballen og setter den i mål. 
Me har nå eit godt grep om kampen og spelar oss til fleire sjangsar, men dessverre så får me ikkje ballen i mål. Odda kjem gjennom midtbanen vår eit par gonger, og viser at dei har raske, gode spissar. Men desse blir stoppa effektivt av vår løpsraske trio bakerst. 
Til tross for mange sjangsar utan mål forsetter jentene å pressa, og endelig 25.min ut i omgangen kjem 2-0. Elina er på rett plass etter Odda sin keeper må gi ein retur og setter ballen i mål. 
Me går til pause med 2-0 ledelse. 
Me går raskt ut i 2 omgang og, og får god kontroll over kampen. 8.min ut i omgangen er Grete Camilla ute i 16.meteren og plukker ein ball, får til eit langt utspark som Emma går på, tar med seg og setter ballen i mål. 4-0. 
5.min etterpå er me raskt frampå og får ein corner, Selma kjem fram og får ein kjapp kort corner som ho tar med seg og skyt i mål. 5-0 
Nå har me kontroll og Odda klarer ikkje komme til mange sjangser. Ved eit bytte hos Odda overhøyrte eg faktisk spelaren sei "det nyttar jo ikkje vera spiss imot dei bak der" :-) 
Når 15.min gjenstår vert Ida spelt fint gjennom av Emma og ho setter ballen i mål, 6-0.
5.min etterpå blir Celina gjennomspelt av Emma og skyt ballen kontant i mål. 7-0.
Siste målet kjem etter ei god opprulling bak ifra, der Ida går på eit godt løp, får ballen, tar den med seg ned til dødlinja og legg inn til Malin som skorer 8-0 målet. 
Ein kjempe god kamp av flinke jenter!!! P.S mange av jentene har vert på Stord og spelt håndball i 4.dagar på Håndballfestivalen, men likevell spring og spring dei idag utan problem :-) 
Må og sei me hadde ein god dommartrio idag. Patrick , og Markus og Marius som linjemenn. Ikkje ofte ein har full dommartrio :-) 
Neste kamp er heime på Nya Myro onsd. 3.juni mot Rosendal.

- Monica-

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift