Sesongstarten nærmar seg!

Då er terminlista for A-lag og ungdomslag ferdig. Fleire av ungdomslaga må på tur til Bergen & omegn å spela kampar.

Under ser ein oversikt over gruppene laga til Halsnøy er komen i. Ein vil og finna tabell for kvart lag under fanen "Tabell" på heimesida. Denne ligg litt nede på høgre side på hovudsida. Under fanen "Fotball", øverst til høgre, kan ein velga kvart lag. Her vil ein kunne finna detaljar om kvart lag, om trenera/oppmenn er flinke å legga inn. 

A-LAGET spelar i 5.divisjon, som dei har gjort i mange sesongar nå. Men i år blir det nok hardare enn nokon gong å halde seg oppe i denne divisjonen. Seriesystemet skal leggast om i 2017, som kort fortalt betyr at ein skal ha mindre avdelingar og lag i 2. og 3. divisjon. Dermed må fleire lag ned i kretsseriane 4.div og nedover. Inntil 5 lag kan rykke ned frå 5.divisjonen Halsnøy er i.

Totalt har trenerane 18-20 spelera på blokka, der nokre er 16-åringar. 

Fyrste kamp er heime mot Laksevåg 10.april kl 1450(?)

 5.div 

Ask
Bremnes
Erdal
Fitjar
Flaktveit
Halsnøy
Laksevåg
Nore Neset
Rosendal
Smørås 2
Sotra 2
Stord Fotball 2

 

HALSNØY J16, spelar i 3.divisjon for 11er lag. Laget klarer ikkje å stille 11er-lag, men håpar å kunne stille 9er-lag, med litt hjelp frå J14. Før årets sesong endra kretsen aldersinndelinga på jentesida. Dvs at jenter frå 15-17år skal spela i samme aldersklasse, J17. Dette slår litt uheldig ut for vårt lag, då laget bare består av 14-,15 og 16-åringar. Men, jentene er gode og kan fint klara å hevda seg i 3.div. Dessutan har nokre jenter frå Trio meldt sin interesse for å vera med på laget i år, då Trio ikkje stiller med eige lag i denne klassen.

Dei har i år kome i ei pulje der dei fleste laga er frå Bergen & omegn. Dette betyr fleire helgekampar og nokre lange reiser. Troppen består av 9-10 spelera + nokre 14-åringar.

Fyrste kamp er borte mot Fitjar 7.april kl 1830.

J17 3.div avd. 1

Ask 3
Bjarg
Bønes 3
Fitjar
Gneist 2
Halsnøy 9er
Kringlebotn /Sædalen
Nordsiden-Askøy /Apollo
Skjergard
Smørås 2
Trott 1

 

TRIO/HALSNØY G16 skal spela 2.div, der dei fleste laga kjem frå Bergen & omegn. Dei spela i same divisjon i 2015, men då var nesten heile laget 1.års gutespelera (15år). Stamma i laget er den same i år og ein håpar å kunne hevda seg i toppen av divisjonen. Dei to beste laga rykker opp til 1.divisjon etter vårsesongen. 

Dette er 3.sesongen samarbeidslaget spelar saman og består i år av 17 spelera, der 6 stk er frå Halsnøy. Nokre av spelerane kjem nok også til å vera med A-laget, når kampane ikkje kolliderer.

Fyrste kampen er heime (på halsnøy) mot Smørås 9.april kl. 1300

G16. 2.div avd 1

Askøy FK
Austevoll
Baune
Bergen Nord
Flaktveit
Follese
Mathopen
Minde
Smørås
Tertnes
Trio / Halsnøy
Trott

 

HALSNØY G15 ville egentlig spela i G15-serie i Rogaland, men der fekk dei ikkje plass. Dermed var G16 3.div einaste alternativet for 7er-laget. Laget har dessverre veldig få spelera (7stk), men med hjelp frå G14 og G16, så bør ein klara å stilla 7er-lag.

Fyrste kampen er borte mot Trio 2 14.april kl 1830.

G16 3.div avd.9

Stord 2
Bremnes 7-er
Fitjar
Halsnøy G15-7-er
Odda 2
Rosendal
Solid
Trio 2
Trio 4
Trott 2

 

HALSNØY J14 stiller som 9er-lag i år og. Etter ein flott 2015-sesong, der ein spelte 1.div i Sunnhordland på hausten, skal dei nå ut å teste nivået til fleire lag frå Bergen & omegn.

Spelargruppa består av 12 spelera i alderen 12-14år. 

Fyrste kampen er heime mot Frøya 16.april kl 1300 (blir kanskje flytta til 17.april)

J14 9er avd. 2

Halsnøy
Bømlo
Frøya
Lyngbø
Nordsiden-Askøy Apollo
Nore Neset /Os 2
Skogsvåg

 

HALSNØY G14 stiller 9er-lag i 2.div for 11er-lag. Litt frafall før sesongen gjer at også dette laget er avhengig av hjelp frå aldersklassen under. 

Spelargruppa teller totalt 9 stk. 

Fyrste kamp er borte mot Odda 9.april kl 1200

 

G14 2.div avd.5

Bremnes 2
Bømlo 7-er
Fitjar
Halsnøy 9-er
Moster
Odda
Rosendal
Stord 2
Trio
Trott
Trott 7-er

 

HALSNØY G13 skal i år for fyrste gong delta i serie med tabell. Laget har gjort det bra i barnefotballen og spelar til tider flott fotball. Overgangen til 9er-fotball blir spennande å sjå, då da er litt fleire element å forholda seg til. 

Troppen teller 12-13 stk, inkludert nokre 11-åringar. 

Fyrste kamp er borte mot Finnås 7.april kl 1830.

G13 2.div avd 1

Bremnes 2
Bremnes 3
Bømlo
Finnås
Halsnøy 
Moster
Njardar/Tysnes
Solid
Stord 1
Stord 3
Stord 7-er
Trott 2

 

Klubben ynskjer alle laga lukke til med sesongen og minner om at me i Halsnøy utøver FairPlay, både på banen og på tribunen.

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift