Siger i fyrste offisielle 11er kamp for J19

J19 slo SST2 3-2 på kunsten i ettermiddag, etter å ha spelt ein strålande 1.omgang. Etter pause kom SST meir med i kampen.

J19 slo SST2 3-2 på kunsten i ettermiddag, etter å ha spelt ein strålande 1.omgang. Etter pause kom SST meir med i kampen.

 Ikkje mykje så tyda på at jentene hadde nerver i sin fyrste offisielle 11er kamp. Det var bare rutinerte spelerane Christine og Elisabeth som har erfaring frå spel på stor bane frå tidlegare sesongar.

Jentene hadde mange store sjansar før dei til slutt fekk hull på byllen og satte 1-0 i nota. Målet blei scora av Kjersti Marie. Før pause notert ho seg for eit til. I tillegg satte Hanne inn eit mål, slik at det sto 3-0 til pause. Og det var etter sjansar å døme, minst 3 for lite. SST2 truga ikkje Alex i Halsnøy-målet ein einaste gong.

2.omgang blei litt som å sjå ein heilt ny kamp. SST2 var meir aggresive, samtidig som Halsnøyjentene brukte litt lenger tid med ballen og ikkje fann kvarandre så godt som i 1. omgang. SST2 reduserte fyrst på straffe etter ein hands i feltet. Deretter har Halsnøy ein del sjansar til å auke leiinga, men det er SST2 som reduserer til 3-2 på eit frispark.

Både Hanne, Gunnhild og Kjersti Marie har sjansar til trygge leiinga, men ballen vil ikkje i mål. SST2 får på slutten ein enorm sjanse åleine mot Alex, men ho reddar meisterleg med ein beinparade. Heilt på slutten treff dei også tverrliggar på ein lobb.

Men heldigvis ror jentene da i land og kan jubla for ein flott seriestart i 2012. 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift