Sterk bortesiger mot Bremnes

J19 vann 1-0 borte mot Bremnes på tirsdag. Ein relativt jamn kamp målt i sjansar, blei avgjort på slutten av Halsnøy.

J19 vann 1-0 borte mot Bremnes på tirsdag. Ein relativt jamn kamp målt i sjansar, blei avgjort på slutten av Halsnøy.


Kampen starta med eit spelemessig overtak til oss, men me klarte ikkje å skapa dei heilt stor sjansane.  Me blir for puslete og usikre når me nærmar oss 16 meteren til motstandaren. Bremnes var farlige frempå mot slutten av omgangen og me var heldige som slapp unna utan baklengs. Blandt anna hadde dei eit skudd som var innom begge stolpane. Etter litt justeringar i pausen, så gjekk da betre. Me spelar god pasningsfotball og får til slutt lønn for strevet 5min før slutt, då Gunnhild set inn vinnarmålet.

I dag vil me gje eit ekstra pluss til 14-åringen Victoria, som spelte ein god kamp.

Laget var :

Alexandra Hvidevold , Ina Fjelberg (Regine Landa 70.min (Silje Westergaard 80.min)) , Frida H. Eide, Synne Vassenden ,Victoria Solheim (Tuva H. Eide 80.min), Christine S: Fjelland, Gunnhild Hvidevoll, Kjersti-Marie Tofte , Marthe Eide, Vilde E. Bjørnebøle og Hanne Grøndal.

Kjell Inge

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift