Vårsesongen går mot slutten for J19

Alt i alt ein brukbar vår av jentene, sjølv om det har variert litt.

Alt i alt ein brukbar vår av jentene, sjølv om det har variert litt.

 

Vårsesongen går mot slutten for J19 laget, og sjølv om det har variert litt skal jentene vere fornøyd med vårsesongen. At det ville variere var me forberedt på, dei fleste har ikkje spellt 11er fotball før og fleire som ikkje har spelt i lag før. Men jentene har stått på.

At det har komme lite referat frå J19 skylder me på at Kjell Inge ikkje er noko datamann. Men han er ein fantastisk flink trener, og gjer ein kjempe fin jobb med dette J19 laget. Så han er unnskyldt. Skal prøve og hjelpe han resten av sesongen så det kjeme referat frå J19 og. Her er ei lita oppsumering frå sjefen frå dei siste 6 kampene:

i dei to kampene mot Finnas vinner me komfortabelt mot eit lag me er bedre enn. Prøver å spele ballen mellom lagdelene og skaper masse sjanser. Men me sløser for mangen sjanser vekk. Men me vinn 5-0 og 8.0.

I 1 omgangen borte mot Trio er me det klart førende laget, Alex i målet er borte i ballen 1 gong og me har full kontroll. Men me skaper ikkje dei heilt store sjansene, men Gunnhild klarer å prikke inn 1-0. I 2 omgang kjeme me best i gong og har muligheten til å avgjere kampen fleire gonger, men ballen vil ikkje i mål. Trio kjeme meir med i kampen, men skaper ikkje dei store sjansene. Men på eit fint skudd i lengste hjørne får dei utligninga. På slutten er vel gjerene Trio nærmest seier så 1-1 er vel greit.

I bortekampen mot SST 2 kjeme årets første tap. Me møter eit sterkt SST 2 lag med fleire frå 1 laget og taper 5-0 mot eit bedre lag. Men me kan bedre enn det me viste i dag, me hadde for stor avstand mellom lagdelene og me kom aldri i gong.

I heimekampen mot Bremnes hever laget seg og vinn 2-0. I denne kampen tetter forsvaret igjen bak og framover på banen spele jentene fin fotball. Ein god kamp av jentene og vinner fullt fortjent.

Heimekamp mot Odda, 2-2. Me er enige om å ta tak i kampen med ein gong, men det er Odda som kommer best i gong og presser oss. Dei kjemper hardt/tøfft (til tider ufint) og vinner mangen baller som dei slår langt. Dei skaper ikkje så mangen sjanser, men holder press på oss og på ein lang ball kjeme dei gjenom og går opp i 1-0. Men jentene hever seg, og frå scoringen og ut omgangen er det me som har kontroll på kampen.  Utligninga kjem med Hanne etter at ho kjemper ballen i mål, og me går i ledelsen etter eit nydelig mål av Kjersti Marie. 2-1 til pause. 2 omgang blir meir krig enn fotballkamp. Odda kjemper hardt og får ei utligning på eit langskudd.

Me har ein heimekamp igjen før våren er over, på søndag mot Trio. Me har ein liten stall og har vert utsatt for ein del skader i det siste og klarte ikkje å stille lag mot Odda (borte). No må me fullføre våren med stil og så skal det bli godt med ein sommer for å få spelere på banen igjen. Me trenger alle me har.

Alle har gjort ein flott innsats i vår. Fint å sjå at dei yngste (Marte, Victoria,Tuva) er med og ta ansvar når dei speler, dåke har til tider imponert oss.  Alle 95 og 96 modellene som me veit er gode har tatt utfordringen med 11er fotball på strak arm. Dåke er flinke. Og så er det kjekkt for oss som er nokre år eldre å høyre at me har vert savna når me ikkje har vert med

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift