Tap og siger i dei to fyrste kampane for Halsnøy J19

Halsnøy J19 opna haustsesongen med tap 3-1 for Trio, men heva seg nokre hakk mot Odda og vann 3-0 på "Nya-Myro".

Halsnøy J19 opna haustsesongen med tap 3-1 for Trio, men heva seg nokre hakk mot Odda og vann 3-0 på "Nya-Myro".

TRIO - HALSNØY 3-1

"Seriefinalen" i fyrste kamp stod det på Trio si heimeside. Noko tidleg, men også godt mogleg.

Me starta fyrste haustkampen noko nølande og usikkert. Kom ikkje opp i duellane og var svake med ball. Det tok oss 15-20min før me tok tak i kampensadMen det er allikevel i denne fasen Trio tar leiinga 1-0, som og står seg ut omgangen. Ikkje noko å sei på da, då Trio var det beste laget og me spelte veldig dårlig.

2. omg var mykje betre. Me styrer det meste og får til ein god del bra spel fram til Trio sin 16-meter. Men i avslutningsfasen er me dessverre ikkje heilt på høgde med Trio, som har målmaskina Emilie. På ein sjeldan visitt scorar Trio og går opp til 2-0. Men jentene gir ikkje opp og får endelig ei redusering ved Marte til 2-1. Dessverre så viser igjen Trio sin effektivitet og legg på til 3-1, som og blir sluttresultatet. Me har både stolpe- og tverrliggarskudd, men utan resultatsad

Da er ingen grunn til å sjå svart på det jenter. Me (eg) veit me kan så mykje betre og me kjem sterkare tilbake!

 

HALSNØY - ODDA 3-0

Ein kamp der me styrer det meste og viser tidvis veldig flott spel. Litt startvanskar i begge omgongar, men er vel aldri trua av Odda. 0-0 til pause der me spelte i sterk motvind.

I medvinden kom og måla i 2.omg. Flotte angrep som lag og nokre flotte enkeltmannsprestasjonar sørga for siger 3-0. Scoringar av Gunhild (2) og Marte (1).

Veldig bra kamp av jentene!

 

- Kjell Inge-

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift