3 kampar og 3 sigrar!

J19 er i slaget for tida og har verkeleg gitt Trio kamp om seriegullet! Bremnes, SST2 og Trio har alle måtte gå av banen med tap i det siste.

J19 er i slaget for tida og har verkeleg gitt Trio kamp om seriegullet! Bremnes, SST2 og Trio har alle måtte gå av banen med tap i det siste.

Bremnes - Halsnøy 2-3

Me opna kampen aggressivt og spelemessig veldig bra. Dei fyrste 20min kjørte me over Bremnes og fekk betalt med 2 mål. Fyrst ved Kjersti Marie og så ei perle av Vilde. Men etter dette så fell spelet veldig i kvalitet, er upresise i pasningar og skal gjera for mykje ein-og-ein. 0-2 blir allikevel pauseresultatet.

Sjølv om me aukar til 0-3 litt ut i 2.omg er ikkje spelet det heilt store. Det verkar som det snik seg inn ein følelse av at dette er avgjort, lenge før kampen er over. Men det er det så avgjort ikkje. Bremnes reduserar 2 gonger mot slutten av kampen, og sluttminutta blir noko hektisk og oppjaga.

Men me ror sigeren i land til 2-3 på ein halv-dårleg dag.

 

Halsnøy - SST 2  4-0

Når ein speler mot eit 2.lag, så veit ein aldri kva motstand ein møter. Og SST 2 var eit spelande og aggressivt godt lag. Men jentene tok utfordringa på strak arm og kom godt i gang med mykje bra spel, spesielt ved bruk av kantane våre. Me var effektive framfor mål og putta 3 mål. Bakover viste me solid spel og SST 2 kom til relativt få sjansar.

I 2.omg har me full kontroll og aukar leiinga til 4-0 som og blir sluttresultatet. Kjekt å sjå at fleire spelera ser ut til å få litt meir ut av potensialet sitt. Veldig nøgd med ein spelemessig godt gjennomført kamp. Godt jobba jenter!!

 

Halsnøy - Trio  4-1

Storkamp mot serieleiar Trio. Og me viste naboane at dei skal få kamp om seriegullet, for her varta jentene opp me mykje flott spel. Til tider rundspelte me Trio.

Jentene byrja kampen noko forsiktig. Etter å ha tapt dei 2 siste kampane mot Trio var nok det ein liten usikkerhet å spora, samt at fleire av jentene var plaga med "flonso". Men etterkvart satt pasningane, bevelgelsen rundt ballførar og ikkje minst innsatsen. 1-0 kom ved Kjersti Marie etter flott angrep. Alex i målet redda fantastisk på ein av Trio sine få sjansar. Men allikevel klarar Trio å redusera til 1-1 før pause, på ein dødball. Alt i alt har me full kontroll i denne omgangen, så det er litt surt at me ikkje leiar.

2-1 kjem litt ut i 2.omg ved Kjersti Marie, etter det som ein skulle tru var ein innøvd corner-variantsmiley Derifrå og ut er det bare Halsnøy. 3-1 og 4-1 signert Gunnhild. Og me har mange flerie sjansar som med litt hell kunne gitt oss større siger. 

Kjempekamp JENTER!!

 

- Kjell Inge - 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift