2-2 mot Bønes

Trio/Halsnøy G14-1 leia 2-0 til pause, men slapp inn 2 mål på dødball i 2.omgang, slik at Bønes fekk med seg 1 poeng heim.

Trio/Halsnøy G14-1 leia 2-0 til pause, men slapp inn 2 mål på dødball i 2.omgang, slik at Bønes fekk med seg 1 poeng heim.

Kampen mot Bønes på Kvednabekkjen torsdag kveld, var 5 kampen til laget i haustsesongen. Bønes hadde ikkje tatt poeng på sine 5 fyrste kampar, men me visste at i denne serien så er alle laga gode. Målet var å heva spelet vårt frå forrige kamp mot Bjarg.

Me opna kampen relativt bra, med god innsats og fornuftige valg med ballen. Marius kjem til eit par sjansar, men får ikkje stilt inn siktet mot mål. Men 10min ut i omgangen spelar gutane seg fint opp på ventresida. Marcus legg an godfoten og smell ballen i lengste hjørnet, via ein Bønes-rygg, 1-0!

20min ut omgangen kjem Ruben fri på høgresida. Han får lagt nydeleg inn i feltet, der ein uheldig Bønesgut set ballen i eige nett, 2-0!

Bønes kjem og til sjansar, men dei blir stort sett stoppa i siste liten av forsvaret eller Rasmus i mål. Me går til pause med 2-0 leiing. Spelet er variabelt, men når me roar ned og konsentrer oss om å spela ball, så ser me kva som bur i laget. Innsatsen er som vanleg god.

God kamp og strafferedning av Rasmus!

1min ut i 2.omg får Bønes straffe. Men Bøneskapteinen klarer ikkje å overlista Rasmus, som redder mesterlig! Me har snakka ein del om markering og konsentrasjon på dødballar imot, etter at mange av måla me har sluppe inn kjem på akkurat dette. Og me gjer akkurat det i denne kampen og. Innlegg frå venstre side og motstander spring fri på bakerste - 2-1sad Her var det vel og nokre som kunne blokkert frisparket før det kom så langt som til bakerste stolpe. Trur me fortsetjer å fokusere litt på dette framover.......

I motsatt ende kjem både Marius, Ruben og Vebjørn til avslutningar, men utan hell. Kampen bølger litt fram og tilbake med relativt høg intensitet. Begge lag slit litt med presisjon i pasningspelet, slik at det blir mykje som foregår mellom 16-meterane. Men 12 min før slutt blir Henning lagt i bakken innanfor 16-meteren og me får straffe. Men heller ikkje me klarer å setja straffe i mål, då Patrick blåser den over mål.

6 min før slutt får Bønes frispark på 18 meter. Den setter dei i mål og dermed 2-2. Gutane prøver å mobilisera til ein siste innspurt, men det blir litt for oppjaga og mulighetane ein får inne i feltet blir enten blokkert eller renn ut over dødlinja.

Gutane føler nok dette meir som tap enn uavgjort, etter å ha leia 2-0. Men slik er fotball. Små marginer avgjer, så da gjeld å gripa sjansen og vera topp konsentrert i samfulle 70 minutt. 

Spelet varierer ganske mykje. Til tider speler gutane flott fotball. Midtbanen har god avstand til kvarandre og andre lagdelar, og ein speler ballen hurtig og presist. I andre periodar så er det meir upresist, spelet trangt og meir panikk og stress over heile gjengen. Me slit fortsatt litt med pasningsvalg og evnen til å snu spelet, men totalt sett er det fleire hakk betre enn mot Bjarg. Me står på vidare gutar. Fortsatt 4 kampar igjen av sesongen for lag 1. Neste kamp er borte mot Bremnes tirsdag 14. oktober. Men allereie laurdag 4.oktober er da kamp for lag 2 mot Stord 2, kl 1245 på Halsnøy Kunstgras. 

Lag:

Rasmus, Vebjørn, Vegar, Sander, Simen , Marcus, Patrick, Henning, Daniel, Ruben, Marius, Nikolai, Imam

Mål:

1-0 10.min Marcus

2-0 20.min Sjølvmål (Ruben)

- Verner og Bjarte -

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift