Storseier mot Stord 2

Trio/Halsnøy G14-2 vann heile 11-1 over Stord 2 i laurdagens 7er kamp. Det var vel ikkje eit mål for mykje når ein tel opp sjansar.

Trio/Halsnøy G14-2 vann heile 11-1 over Stord 2 i laurdagens 7er kamp. Det var vel ikkje eit mål for mykje når ein tel opp sjansar.

Trio/Halsnøy G14-2 stiller som kjent med 7er lag i 2.divisjon. Med ei treningsgruppe på 19 spelera, der 2 stk er ute for resten av sesongen, så begynner det å bli litt av ein kabal som skal gå opp, når 17 spelera skal halde liv i både eit 11er og eit 7er lag. Men, unngår me fleire alvorlege skadar og samtidig får litt hjelp av unggutar som 12-åringen Ole Tobias Brendeland, så klarer me nok i stilla lag til resten av kampane og. 

Tommy spelte godt bak saman med Ruben i 1.omg

Stord 2 blei nummeret for "små" i kampen på laurdag. Når gutane konsentrer seg og spelar fotball slik dei kan, så heng ikkje Stord med i svingane. 1. omgang opnar med 2 raske mål før 5min er gått (Patrick og Håvard). Gutane fortsetjer å skape sjansar i starten. Når dei set fart på ballen og spelar klokt, så har Stordkeeperen nok å henga figrane i. Men da er og periodar, der ein gjer ting noko vanskeleg og meir ein-og-ein. Då ser det ikkje så bra ut....

Ole Tobias hadde ein god kamp

Ole Tobias og Sindre gjer begge ein god omgang. 12-åringen Ole Tobias set inn 3-0 etter 23 min med eit flott skudd, og Sindre 4-0 2 min seinare. Sindre legg og inn til Håvard 2 min før slutt, som sistnemnte smell i mål på volley! 5-0 til pause er ikkje eit mål for mykje. Preben hadde ein heller roleg omgang bakerst i mål.

9 minutt ut i 2.omgang har gutane verkeleg punktert kampen, då dei har gått opp i leiing 9-0. Sindre 2, Marcus og Marius er målscorera. Spelet varierer frå strålande til labert, som naturleg er i slike kampar. Mange får og prøvd seg i nye posisjonar på banen, som er nyttig med tanke på forståelse for spelet. Ein stoppar har alt spelet framfor seg, som er ganske annleis enn om ein spelar spiss. Da er og stor skildnad på å spela kant og sentralt. Synest alle takla "endringa" bra.

4 mål og 3 assist av Sindre!

Før kampen var slutt, så hadde Sindre og Håvard putta eit kvar og Stord fått ei redusering. Sluttresultatet blei dermed 11-1. 

Laget:

Preben, Tommy, Ruben, Patrick, Marcus, Marius, Ole Tobias, Sindre og Håvard.

Mål: Sindre 4 , Håvard 3, Patrick 1, Marius 1, Marcus 1, Ole Tobias 1

Målgivande: Sindre 3, Marcus 2, Ruben 2, Marius

 

- Verner og Bjarte -

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift