Vann 2-1 borte mot Bremnes 1

I ein relativt jamn kamp klarte gutane å dra i land seieren på slutten. Alle måla i kampen blei laga på langskudd.

I ein relativt jamn kamp klarte gutane å dra i land seieren på slutten. Alle måla i kampen blei laga på langskudd.

Gutane har ikkje vore heilt på sitt beste den siste tida, verken i kamp eller på trening. Ein var difor noko spent på korleis det ville gå mot Bremnes 1, som me både vann og tapte mot i vår. 

Etter ein noko nervøs start dei fyrste 5min, så tok gutane tak i kampen. Ein spelte seg til tider flott ut av eige forsvar og var flinke til å halde ballen i laget. Dessverre så stoppa det litt opp på siste 1/3 av banen. Her mistar me ballen litt for ofte, både når ein skal legga igjen eller vende opp. Men me kjem til eit par bra sjanser og. Vebjørn slår ein glimrande ball i bakrom til Patrick, som kjem på løp mellom midtstopperane til Bremnes. Litt uheldig 1.touch, som gjer at avslutninga går like over mål. I tillegg så har me eit par avslutningar til som med litt meir hell, kunne gått i mål.

Grei avslutning Vebjørn:-)

Gutane viser flott innstilling i både gjennvinning og vilje til å gå framover. Innsatsen har vore god i heile år, men i dag så har ein noko lengre periodar med godt spel. Bremnes slår ein god del langt på den veldig hurtige spissen sin, men både Vegar og Sander rydder fint opp i da som kjem. Me er og flinke til å klarera etter dødballar. Dette har vore noko me har slitt med gjennom sesongen.

Dessverre så går Bremnes opp i 1-0 3min før pause. Eit langskudd frå 30m går via fingertuppane til Rasmus og i mål, heilt oppe i hjørnet. Litt uheldige gutane på det tidspunktet, då ein egentlig hadde eit godt tak på kampen. Men heldigvis var det ingen "hengehoder" i pausen. Ein hadde sett at dette absolutt var mulig å dra i land. 

Håpar Daniel kjem seg på beina raskt etter skaden!

Og 2.omg var ikkje meir enn 3min gamal, då Vebjørn får ballen 30m frå mål. Han får tid og rom og smell til med storslegga og ballen fyk inn oppunder tverrliggaren, 1-1. Vebjørn såg meir overraska enn glad ut i sekundane etter scoringa. Herleg avslutning og ei velfortent utlikning. I perioden etter scoringa har gutane godt tak på kampen. Spesielt er Vebjørn flink til å overlappe frå høgreback, slik at me kjem rundt på kant. Simen, som har blitt flytta fram til offensiv midtbane i denne omgangen, kjem til eit par solide sjansar. Men anten går skudda utanfor eller så blir han stoppa i siste sekund. Håvard, som spelte ein god 2.omg på venstrekant, kom og til eit par gode sjansar. 

God 2.omg av Håvard

I motsatt ende blir det mange duellar mellom forsvaret vårt og spissen til Bremnes. Litt heldige ved nokon anledningar at ballen spretter vår vei når innlegga kjem. Rasmus har og eit par viktige redningar. 

Like før slutt så kjem gutane på ein flott overgang. Håvard kjem diagonalt inn frå venstre og får ballen like utanfor 16meteren. Han legg ballen fint tilrette til Niko på høgre kant, som nydelig plasserer ballen i lengste hjørne, 1-2! Gode bevegelsar og god fart i da angrepet gutar! Det blir hektisk i sluttminuttane for slitne gutar, men heldigvis går avslutningane til Bremnes utanfor.

 

Gode fettera på midten i dag. 

Mykje positivt å ta med seg frå denne kampen. Viljen til å jobba for kvarandre og å halde ballen i laget er stor. Ein slår ikkje ballen bare fram og håpar på det beste, men prøver stort sett å spela seg fram til sjansar. På midten trør ein til og vinner mange av hoveduellane. Fortsatt litt for mange balltap, spesielt når ein skal legga igjen oppe i banen (slå støtte), men da kjem seg med meir trening:-). Flott kamp gutar!

Kanonkamp av Vegar i forsvar. 

På søndag kjem "småklubben" Fyllingsdalen på besøk til Kvednabekkjen. Satser på å heva oss ytterlegare til den kampen gutar!

Lag:

Rasmus, Vebjørn, Vegar, Sander, Simen, Patrick, Henning, Daniel (Marius 25.min), Marcus (Håvard 35.min), Ruben, Nikolai

Mål (Målgivande):

1-1 38.min Vebjørn

1-2 66.min Niko (Håvard)

- Verner og Bjarte-

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift