Tap mot Fyllingsdalen

Ein god 1.omgang, der innsats og spel stort sett var veldig bra, blei dessverre ikkje fulgt opp etter pause. Dermed tok Fyllingsdalen med seg 2-0 heim til Varden.

Ein god 1.omgang, der innsats og spel stort sett var veldig bra, blei dessverre ikkje fulgt opp etter pause. Dermed tok Fyllingsdalen med seg 2-0 heim til Varden.

Fyllingsdalen stiller stort sett med 2001-årgangen sin i denne serien. Dette laget vann DanaCup relativt enkelt i sommar, så ein visste vel at kvaliteten var god. Og da dei manglar fysisk, tar dei igjen på flott ballbehandling og kloke valg med ball.

Fyllingsdalen går opp i leiinga 0-1 allereie etter 6min, etter ein overgang oppover høgresida. Kampen har starta med mykje kjemping og lite finspel, men me er absolutt med på notane sjølv om ein ser at motstander er eit godt spelande lag. Og etter at ein har rista av seg dei fyrste 10minuttane, så er da gutane våre som styrer kampen. Herlig aggressive i gjenvinning og fleire frispelingar, spesielt på høgresida. Marius får ein stor sjanse kort tid etter scoringa, då han blir spelt gjennom, men dessverre så blir han stoppa i siste sekund. Ruben kjem også gjennom, men litt for skrått til at avslutninga blir skikkeleg farleg. På høgrekanten er Vebjørn flink til å koma opp frå sin backposisjon og kjem til eit par innlegg og skuddmulighetar.

Nærast kjem ein på eit langskudd frå Patrick, som smell ballen i tverrliggar bak ein veldig god Fyllingsdalenkeeper. Alt i alt ein positiv omgang mot eit godt spelande lag. Fortsatt har ein litt å gå på når da gjeld bevegelse i angrep og valg med ball (snu spelet, ikkje minst), men ein viser i periodar at det bur mykje fotball i denne fine gjengen. Forutan om scoringen, så har ikkje Fyllingsdalen så veldig mange sjansar. Forsvarsrekka har stort sett kontroll, sjølv om dei til tider gir noko stort bakrom, når da ikkje er press på ballførar, og satser på å springa opp motstander.

Ein har god tru på at resultatet kan snu i 2.omgang om ein opprettheld trykket og blir endo smartare i bevegelsane med og utan ball. Men, i staden for å heva oss eit par hakk, så skjer det motsatte. Me kjem knapt til ein skikkeleg sjanse i denne omgangen. Fyllingsdalen auker til 0-2 5min før slutt og vinn vel fortent ut frå da som skjer i 2.omgang. Dei er veldig ballsikre og spelar mykje på 1 og 2 touch. Og med alle dei balltapa/feilpasningane me har i 2.omgang frå forsvar, via midtbane og til angrep, så blir det tungt i striregnet. Men, la oss ta med det positive i 1.omgangen og jobba på vidare gutar. Da er aldri lenge til neste kamp nå på slutten og me veit jo at dåke alle kan litt betre:-)

Neste kamp for Trio/Halsnøy 1 er borte mot Fana 1 på laurdag. Men før det, så skal lag 2 i sving både tirsdag (Uskedalen/Rosendal) og torsdag (Trio/Halsnøy 3). 

Laget:

Rasmus, Vebjørn, Vegar, Sander, Simen, Patrick, Daniel, Henning (Sindre 55.min), Ruben (Marius 55.min), Marius (Imam 35.min), Nikolai,

- Verner og Bjarte -

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift