Tap i fyrste treningskamp for G16 1/2

Rosendal var fyrste motstandar for Trio/Halsnøy G16 i år. Bra tak på kampen og stor andel ballinnehav, kunne allikevel ikkje hindre 1-2 tap for naboen inne i fjorden.

Rosendal var fyrste motstandar for Trio/Halsnøy G16 i år. Bra tak på kampen og stor andel ballinnehav, kunne allikevel ikkje hindre 1-2 tap for naboen inne i fjorden.

Trio og Halsnøy samarbeider også i år på G16-nivå. Totalt tel ein ca 40 spelera, fordelt på 2 treningsgrupper. Treningsgruppe 1 består av 23-24 spelera, og er stort sett basert på 2000-årgangen som spelte G14 1.div i 2014. I tillegg så har ein 4 stk 99-modellar og 2 stk 13-årige hospitantar. Desse spelerane kjem til å danne Trio/Halsnøy G16-1(2.div Hordaland) og store delar av Trio/Halsnøy G16-2 (3.div Hordaland) i 2015.

Marius Quam

Marius Quam, betre trent enn på lenge, viser lovande takter

Rosendal har ein god 99-årgang, som har gjort det relativt bra tidlegare år. Det var difor litt spennande å sjå korleis det unge Trio/Halsnøy-laget stod i forhold til "erfarne" G16-spelera. Innstillinga før kampen var å halde ballen i laget, sjå etter gode kombinasjoner for å spela seg gjennom ledd og hurtig gjennvinning etter balltap. Me må spesielt bli betre på siste 1/3-delen av banen, der ein i fjor ofte blei altfor orientert inn mot midten. 

Kampen opna bra for vår del. Me hadde store delar av ballinnehavet i starten og var flinke til å bruka begge sidene. Forsvaret vårt hadde stort sett god kontroll på hurtigtoga til Rosendal. Nå er vel ikkje akkurat Vegar og Vebjørn nokre sinker heller:-)

10 min ut i kampen får me lagt inn i feltet frå venstresida. Jonas Tazo stusser ballen bakover i feltet, der Simen Mehammer kjem stormande og smell ballen inn, 1-0! Dessverre så gir gutane frå seg initiativet i kampen etter scoringa. Valga med ball blir dårlegare og Rosendal kjem til fleire sjansar. 20 min ut i kampen reduserer dei til 1-1, og etter ca 30 min går dei opp i leiinga 1-2, etter corner. Begge måla verkar litt "enkle". 

Mot slutten av omgangen hevar ein seg litt igjen og kjem til nokre halvsjansar. Ein er utelukkande positiv i pausen, der alle føler at denne kampen ikkje er tapt. Presisjonen må opp i siste del av banen og så må ein koma til fleire sjansar. 5 spelera med friske bein kjem inn etter pause.

2.omgang viser vel at me er det laget som står distansen over 2x40.min best. Ballinnehavet er stort, men ein slit med å koma gjennom ein mur av Rosendalspelera. Nokre balltap blir det, men gutane er veldig på hugget i gjennvinningsfasen, slik at det blir med nokre få farlege overganger til Rosendal. Me er nærme på nokre cornera og ikkje minst ved ein enorm sjanse frå 5meter frå Håvard Vågen. Dei set du 99 av 100 gonger Håvard:-)

Håvard Vågen

Håvard Vågen var nærmast scoring i 2.omg.

Det blir ingen mål i 2.omgang, slik at Rosendal vinn 1-2. Allikevel mykje positivt å ta med seg. Viljen til å halde ballen i laget og bygge opp bakfrå var gjennomgående i heile kampen. Innsatsen var også veldig bra, og viser at mange har relativt bra kondisjon (men ikkje tru at kondisjonsøktene er ferdige....) Me slit mest med - som i fjor - samspelet og valga siste 3.delen. Her må me få meir trykk og større bredde. Men da er lenge til seriestart!

Rosendal møter me nok til treningskamp igjen. 

Laget:

Magnus Eide (Vebjørn Røssland 40.min), Vebjørn Holmedal, Vegar Hoff, Henning H. Solheim (Simen Mehammer 60.min), Sander E. Vevik (Mathias Gindheim 40.min), Patrick S. Fjelland, Jonas Tazo ( Håvard Vågen 40.min), Simen Mehammer (Marcus Størksen 40.min), Nikolai Mayer (Sindre Benjaminson 40.min), Marius Quam, Ruben Saug (Tobias Tvedten 55.min)

Mål:

1-0 10.min Simen (Jonas Tazo)

- Verner og Bjarte -

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift