Grei siger for Trio/Halsnøy 2 i seriestarten.

Sesongen er i gang for G16, og dei to laga som er påmeldt i 3.div møttes til dyst på Kvednabekkjen torsdag kveld.

Sesongen er i gang for G16, og dei to laga som er påmeldt i 3.div møttes til dyst på Kvednabekkjen torsdag kveld.

 

 
G16: Trio/Halsnøy2-Trio/Halsnøy3 7-1. Etter over eit halvt år ute med skade, var det endeleg duka for comeback på fotballbanen for Erik Voster Solberg. Ein kneskade i september sette vår unge, lovande midtbanespelar ut av spel resten av sesongen og heile vinteren. Det er ein tøff prøve for ein som er van med å spele ball kvar einaste dag.
 
Klikk på bilete for full storleik
Endeleg comeback for Erik Voster Solberg.

Fjorårets G14 vart på hausten ramma av 3 langtidsskader, og medan Håvard og Oliver kom seg noko lunde raskt tilbake på banen etter ymse beinbrot, så tok det lenger tid for Erik. Etter operasjon av kneet har det teke lang tid å kome på banen igjen. Dei siste vekene har han gradvis vore meir med på trening med lagkameratane og i går kveld var det endeleg råd å få spele kamp igjen. Erik synest sjølv det var godt å kome i gang igjen og kneet fungerte bra. Men han var ikkje heilt nøgd med avslutningane: 'Eg hadde eit par skudd som eg burde ha scora på,' meiner han.

 

I alt godt over 30 av våre totalt ca 45 G16-spelarar var i aksjon i går. Det som heiter treningsgruppe 1 utgjer 23 spelarar og bemannar i all hovudsak lag 1 og 2, medan dei knappe 20 i den andre treningsgruppa utgjer lag 3. Desse var heile 18 mann i går, medan lag 2 var berre 13, for at førstelaget skal ha nok til sin seriestart. Men på banen var det like fullt 11 mot 11, og lag 2 måtte tåle eit klårt favorittstempel.

 
Klikk på bilete for full storleik
Trio/Halsnøy 3 sesongen 2015.

Det levde dei opp til frå start og tok kommandoen i kampen. Likevel var det lag 3 som gjekk i føring. Lynraske Dion kom rundt på ein overgang. Skotet vart redda, men Eirik W var kjapt framme på returen, 0-1. Lag 2 let seg likevel ikkje skiple og Sindre utlikna med eit skot av høg kvalitet berre to minutt seinare. Og halsnøygutane hadde verkeleg stilt inn kanonen denne kvelden, for Marcus og Sindre auka til 3-1 med to formidable skot i vinkelen. Før pause putta også Nikolai, så stillinga var 4-1. Ein god omgang, med kjapt og godt spel av lag 2, der også lag 3 var med på notane. 

 

Andre omgang vart mykje svakare. For lag 2 sin del: for mange spelarar med for mange touch. For mykje føring og einmannsspel. For lag 3 sin del kom eit noko dårleg treningsgrunnlag stadig meir til syne. Ein fekk lite spel til framover i banen og kom for seint i press. Dei få gongane lag 2 fekk fart på kula, gjekk det for fort. Men det skjedde ikkje så ofte og det vart relativt få sjansar av det.

 

Unnataket var på corner, der banens suverent minstemann var suverent best. Daniel var luftens baron og scora to mål etter corner, og kunne også fått sitt tredje. Berre ein liten stuss gjorde at ballen heller traff han i magen og slo lufta utav han. Også Nikolai putta ein gong, slik at kampresultatet vart 7-1. Om lag som forventa.

 

I neste veke har lag 3 heimekamp mot Odda 2, medan lag 2 ikkje skal i aksjon før om to veker: toppoppgjer mot Rosendal.

Kampfakta frå Kvednabekkjen

G16: Trio/Halsnøy2-Trio/Halsnøy3  7-1 (4-1)

0-1 (7 minutt) Eirik Alexander Warberg

1-1 (9 minutt) Sindre Benjaminson

2-1 (15 minutt) Marcus Størksen

3-1 (33 minutt) Sindre Benjaminson

4-1 (37 minutt) Nikolai Mayer

5-1 (63 minutt) Daniel Normann

6-1 (69 minutt) Nikolai Mayer

7-1 (75 minutt) Daniel Normann

 

Tilskodarar: Om lag 50

Dommar: Are Ulseth

Gult kort: Benjamin Henriksen

 

Trio/Halsnøy 2 sitt lag:

Vebjørn Røssland, Oliver Lygresten, Mikal Øvstebø, Sander Eik Vevik, Tobias Tvedten, Nikolai Mayer, Jonas Tazo, Daniel Normann, Håvard Vågen, Marcus Størksen, Sindre Benjaminson, Rasmus Eik Sjo, Ole-Tobias Brendeland, Erik Voster Solberg.

 

Trio/Halsnøy 3 sitt lag:

Loc Nguyen, Sindre Lemicka Brix, Alexander Johnsen, Mathias Grindheim, Eivind Raudstein Tofte, Werner Thorsen, Gunnar Røssland, Elias Urdshals, Tommy Heimvik, Eirik Alexander Warberg, Dion Clifton Attille, Benjamin Henriksen, Isaac Jørgensen, Joakim Askeland, Håvard Hope, Sander Torget, Stein Helge Bjelland, Jonas Røstbø.

 

- Are Ulseth-

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift