Nedtur for G14

Etter eit flott uavgjortresultat borte mot Fitjar, så blei kampen mot Trio søndag ein nedtur. Å tapa 3-10 mot naboen på heimebane gjer vondt!

Etter eit flott uavgjortresultat borte mot Fitjar, så blei kampen mot Trio søndag ein nedtur. Å tapa 3-10 mot naboen på heimebane gjer vondt!

3. serierunde 20.04.15: Halsnøy G14- Trio 2 3-10 (2-4 pause)

Startoppstilling: Erik- Christoffer, Magnus, Adrian, Nitiphon- Mathias, Brede, Halvard- Waldemar, Selmer, Joachim

Innbytterar: Thomas, Bernt, Torbjørn

Mål: Waldemar 2, Joachim 1

Etter 2-2 borte mot Fitjar i førre serierunde var trua på nye poeng stor. Likevel skulle det ikkje gå meir enn nokre minuttar før realiteten innhenta gutane.

Der me mot Fitjar hadde ein meir defensiv inngang til kampen var me einige om at på heimebane skulle me angripe. Me gjekk ut i 4-3-3 med ein klar tanke om å utnytte farten til Waldemar og Joachim på kantane. Dette fungerte svært godt dei første 5 minuttane. Me skapte sjansar og gjekk hurtig opp i 1-0 etter ei flott skåring av Waldemar. Trio svara raskt og utliknar til 1-1 etter flott spel. Dette ser ut til å ta knekken på oss. Me tapar så å seie alle duellane og syner svært liten vilje og innsats. Trio leikar med oss og går opp i 4-1 utan at me yter god nok motstand. Mot slutten av omgangen vakner me litt til liv noko som resulterer i ei utlikning og 2-4 til pause.

Ein noko frustrert og skuffa trenar ga noko i nærleiken av ein tordentale i pausen. Her spelte me på heimebane mot Trio men det såg ikkje ut til å bety noko som helst. Innsatsen og vinnarviljen måtte opp mange hakk. Gutane gjekk til 2.omgang noko meir tente og me reduserte etter flott spel til 3-4. Det var meir trøkk i gutane no og trua på 4-4 var absolutt til stades. I staden får Trio eit straffespark som dei set høgt og fint i målet bak Erik. Då gjev spelerane opp og det heile fell samane som eit korthus. Me blir rundspelt etter alle kunstens reglar og syner ingen vilje til å snu det. Pinleg av oss. Brutalt men ein slik innsats kan me ikkje vere kjent av. Uakspetabelt. Dette snakka me om etter kampen og eg trur nok gutane er einige. Det snur fort i fotballen; Fantastisk innsats og kamp mot Fitjar, tafatt og viljelaust heime mot Trio.

Positivt av Thomas frå G13 som debuterer for oss. Syner god innsats og vinn mange duellar!

Neste kamp er borte mot Rosendal/Uskedal tysdag 28.april. Me skal vise oss frå ei heilt anna side då!  

- Dan Greger -

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift