Knepent tap i toppkampen

G16: Trio/Halsnøy2-Rosendal 2-3

G16: Trio/Halsnøy2-Rosendal 2-3

Knepent tap i toppkampen

Klikk på bilete for full storleik
 
 
G16: Trio/Halsnøy2-Rosendal 2-3. Det må kunne kallast reint toppoppgjer i 3.divisjon då Rosendal var gjest på Kvednabekkjen. Rosendal er det klårt beste laget i denne divisjonen og det ser ut til at vårt lag 2 er dei som kan by del mest motstand. Og i kveld var det nære på det vart poeng.
 
Klikk på bilete for full storleik
1-0 ved Håvard Vågen.

Dette var fjerde dagen på rad med G16-kamp, men første gongen lag 2 var i aksjon, etter at lag 3 vart slått i internoppgjer for halvanna veke sidan. Men Trio/Halsnøy-gutane låg alldeles ikkje på latsida i starten. Etter berre berre 6 minutt sto det 2-0! Gutane var på hugget og utnytta forsvarsfeil hjå motstandaren. Håvard braut ei feilpasning og gjekk av ein spelar, før han roleg venta ut keeper og scora sikkert. Så var det Ruben sin tur til å bryte. Det skjedde på midtbanen, men dampen frå Opsanger sette turboen på, raste i frå og hamra ballen opp i hjørnet. 2-0 og ein pangstart. Kort etter kunne det også blitt 3-0, då Rasmus slo eit perfekt frispark bak forsvaret. Ruben heada mot mål, men Rosendals-keeper Olav Lernes varta opp med ei strålande redning.

 
Klikk på bilete for full storleik
Stor kamp av Sander Eik Vevik.

Sidan jamna kampen seg ut og spelet dabba av. Rosendal fekk eit lite spelemessig overtak, men skapte ikkje all verda. Etter ubesluttsamt forsvarsspel fekk Mathias Guddal stå åleine og kontrollert heada bakover, over keeper Vebjørn og reduseringa var eit faktum. Men elles var det sjeldan rosendelingane klarte å bryte heilt gjennom. I midtforsvaret var Sander i storform, meir kontant og taklingssterk enn nokon gong før. Kjekt å sjå!

 
Klikk på bilete for full storleik
Ruben Saug la på til 2-0.

På tampen av omgangen hadde også Trio/Halsnøy to nye, store sjansar. Ruben kom i flott driv og spelte fri Håvad, som avslutta rett utanfor. Og då Dion vart frispelt åleine mot keeper, var Lernes nok ein gong frampå med ei matchvinnarredning. Dermed 2-1 til pause.

Også i andre omgang hadde Rosendal stort sett eit lite overtak i spel. Fintesterke og raske Mathias Guddal vart eit stadig større uromoment på topp. Vebjørn redda første gongen han kom gjennom, men dei to neste klarte han ikkje å stoppe. Utlikninga var dels av det heldige slaget, sidan ei heimetakling gjorde at ballen hamna i beina på Guddal. Men avslutninga var det Hazard-klasse over; venta til rette augneblinken og sette kula sikkert mellom beina på keeper. Og fem minutt etter var kampen snudd, då Guddal stakk gjennom eit litt ubesluttsamt forsvar og tuppa den inn med ei lang tå.

 
Klikk på bilete for full storleik
Positiv kamp på høgreback av Rasmus Eik Sjo.

Likevel var kampen ikkje avgjort. Relativt sjansefattig resten av omgangen. Rosendal med ein i tverrliggjar, og Sindre med eit tåskot like utanfor frå god posisjon. Og to minutt før full tid fekk Trio/Halsnøy sin store sjanse. Sander serverte lynraske Dion i bakrom. Åleine mot keeper gjekk skotet...like utanfor. Dermed 2-3 og favorittsiger.

Trenar Odd Henning Saghaug var likevel godt nøgd med kampen. Neste veke er det bortekamp på Tysnes.

Kampfakta frå Kvednabekkjen

G16: Trio/Halsnøy2-Rosendal 2-3 (2-1)

1-0 (3 minutt) Håvard Vågen

2-0 (6 minutt) Ruben Saug

2-1 (16 minutt) Mathias Guddal

2-2 (48 minutt) Mathias Guddal

2-3 (54 minutt) Mathias Guddal

 

Tilskodarar: 40.

Dommar: Svein Arild Kjærland, Uskedal

Ingen kort.

 

Trio/Halsnøy sitt lag:

Vebjørn Røssland, Oliver Lygresten, Mikal Øvstebø, Sander Eik Vevik, Rasmus Eik Sjo, Jonas Tazo, Ruben Saug, Marcus Størksen, Sindre Benjaminson, Dion Clifton Attille, Håvard Vågen.

Innbyttarar: Tobias Tvedten, Mathias Grindheim.

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift