J13 tapte 1-0 for Rosendal

Lite finspel, helst lange ballar og krigingprega kampen i Rosendal. Laget sin fyrste mållause kamp på........veldig lenge!

Lite finspel, helst lange ballar og krigingprega kampen i Rosendal. Laget sin fyrste mållause kamp på........veldig lenge!

Mandag 20.04, ein varm og nydelig vårdag, og ein god dag for å reisa te Rosendal på kamp. Me kjørte mange bilar innover, klare for kamp. Kjekt når det er foreldre med og heier :-)
Med kampen i Odda friskt i minne starta med med samme formasjon. 3-4-1
Samme solide trioen bak med Rebekka, Selma og Ovidie. På midten starta me med Emma, Elina, Celina og Silje. På topp Siren.  (Martine, Malin, Alida og Ida)

1.omgang: Det viste ganske tidlig i kampen at dette ville bli ein tøff kamp som ville kreva hard jobbing for jentene.
Det var mykje slåssing og hard jobbing på midtbanen vår, skal vera glad me hadde Emma der som er sterk i kroppen og vant mange dueller mot Rosendal sin gode sentrale midtbane spelar.
Me såg og tidlig at det ville bli vanskelig for jentene våre og ta ned ballen og spela den gode fotballen dei kan. Rosendal var kjapt oppi ballførar og flinke og komma mellom spelararne våre. Men me kom likevel til nokre sjangsar, Celina gjorde ein veldig god 1 omgang på venstre kanten. Utrulig løpssterke den jento :)
Men me fekk dessverre ikkje noko klar målsjangs, eller mål.
Før halve omgangen var gått hadde keeperen til Rosendal eit langt utspark (eit frispark som egentlig burde vert tatt om igjen pga det vart tatt feil!) Ballen fekk ein stuss som spratt over forsvaret vårt, og ein av Rosendal sine kjappe spissar sprang ifra og sette ballen i mål :(
Resten av omgangen var jamspelt, med små sjansar til begge lag. Ei god Grete Camilla rydda opp for oss bak :)

2.omgang starta som 1. slutta. Masse kriging på midtbanen og lite sjangsar. Jentene våre prøvde stadig vekk og ta ned ballen og spela fotball men dette blei vanskelig.
Rosendal prøvde ikkje så masse på detta, dei slo lange ballar framover som kantene og spissene sprang på. Kjedelig fotball! Ut i omgangen la me om litt og jentene begynte slå lange ballar dei og, me prøvde og pressa midtbanen vår litt høgare opp. Då me starta med dette kom me til fleire og fleir sjangsar, men hverken stolpeskuddet til Silje, langskudda til Emma og Ovidie, gjennombrudda til Celina og Elina ville i mål :( Me pressa og pressa hardt siste 10 min, dessverre utan resultat. Rosendal hadde ein god midtstopper som fekk klarert det meste som kom. Eg e sikker på at om me hadde hatt 5 min til hadde me fått utlikninga ;-)

Dessverre endte det med eit ufortjent tap. Egentlig ein kjedelig kamp med lite fotballspel og masse spark att og fram mellom laga. Dette er forresten for første gang sidan eg starta ilag med desse jentene dei ikkje har skora mål i ein kamp.. Men me gleder oss og er klare for revansj på heimebane!!

(Lagbilde i sterk motsol var ikkje noko bra, så me prøver på nytt lagbilde snart :-) )
Neste kamp er 30.04 heime mot Trio 2 på Nya Myro :-)
-Monica -

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift