Tap mot Arna-Bjørnar

Nok eit tap på bortebane for G16-1. 3-0 til Arna-Bjørnar var heilt fortent ut frå sjansar og spel.

Nok eit tap på bortebane for G16-1. 3-0 til Arna-Bjørnar var heilt fortent ut frå sjansar og spel.

Trio/Halsnøy 1 møter alle dei beste laga i pulja på bortebane. Arna-Bjørnar hadde opna sesongen med 3 sigrar og 21-5 i målskildnad, så at ein kom til å møta tøff motstand var det liten tvil om.

Me snakka før kampen om å vera på hugget frå start og ikkje la dei få spela på seg sjølvtillit frå start av. Men dette var lettare i teorien enn praksis, for dei gjekk ut i eit enormt tempo, der dei var veldig aggressive i presset og spelte veldig direkte når dei vann ballen. Angrepsrekka deira hadde stor fart og då spesielt kantspelerane. Her måtte til og med normalt hurtige Vegar melde pass i løpsduellar.

Magnus Eide

Strålande kamp av Magnus!

Me stod nok litt for høgt med forsvarsfiraren når dei vann ballen og da ikkje var press på ballførar. Dei slo konsekvent langt mot hjørneflagga, der kantane kom i 100 og fekk lagt inn foran mål. 1-0 kom etter at me fyrst får avverga eit innlegg, men ikkje klarer å klarere før ein Arna-Bjørnar spelar smell ballen i mål. Då var det gått 4 minutt. Etter 8 minutt mister me ballen høgt i banen etter eit hjørnespark, der me har mange spelera framme. Arna-Bjørnar kjem med 4-5 lynhurtige spelera på kontring og set enkelt inn 2-0. Huff, dette kjem til å bli stygt om ein ikkje får justert press og blir flinkare til å falle av i forsvar, tenkte me som stod på sidelinja.

Heldigvis så går ikkje gutane sure, men arbeider seg inn i kampen. Me klarer å halde ballen litt meir i laget og får etterkvart nokre halvsjansar. Ein ser at om ein klarer å la ballen gå på få berøringar og ha gode bevegelsar, så kjem ein seg og lettare fri. To ganger speler gutane seg flott fri på venstrekanten til Ole-Tobias (som kom inn for ein skada Henning etter 15 min). Då startar ein angrepa bakfrå og speler seg fram via midten og ut igjen på kant. Her stemmer pasning og beveglese. Med litt meir trøkk inne i boksen, så kunne me lett fått eit mål.

I motsatt ende er me glad at Magnus viser stigande form igjen. Han gjer nokre flotte redningar, både 1-mot-1 og etter langskudd.

Gutane er fast bestemt på å kjempa på vidare i 2.omg. Om ein får litt meir tur framover, så kan det vera muligheter. Arna-Bjørnar sin dirigent på midtbanen, måtte ut midtvegs i 1.omgang. Dessverre for oss, så kjem han innpå igjen i 2.omgang. God i duellane, overblikk og veldig presise pasningar mot lyntoga framme. Her måtte midtbanen vår sørga for å gi han minst mogleg frihet, noko ein tidvis klarte. Utfordringa var at dei hadde fleire som kunne skapa sjansar. 12 min ut i 2.omg aukar Arna-Bjørnar til 3-0. Fortent nok etter spel og sjansar. Utover omgangen kunne nok dei fått fleire mål, om det ikkje var for at Magnus storspelte. Eit par redningar var av svært høg kvalitet (og hadde gjort seg på TV).

Våre gutar kjem dessverre ikkje til så veldig mange sjansar. Marius har eit volleyskudd og Patrick eit frispark frå 17m, som vel er da nærmaste me kjem. 

Me ser igjen at me kjem til å få nokre utfordringar med fysikk mot dei beste laga. Vår "bauta" Marius, kjem og til kort mot robuste 16-åringar:-) Arna-Bjørnar har eit press på ballførar, slik me ønsker. Og dei viser ein enorm vilje til å gå på løp og angripa med mange spelera - i stor fart. Men gutane skal ha skryt for innsatsen. Ein står på og held humøret oppe, sjølv om motstanden er god. Da er ein viktig egenskap gutar! Så får ein bare ta mest mogleg lærdom av slike kampar. Me må ha fokus på høgt tempo og trøkk på trening for å bli vant med det som møter oss i kampane. Ein får ikkje tid til å bruke mange touch mot dei beste laga. 

Neste kamp er mot Mathopen, laurdag 9.mai kl 13 på Halsnøy Kunstgrasbane. Då satser me på 3 poeng gutar!

Laget:

Magnus Eide, Ruben Saug, Vegar Hoff, Henning Solheim (Ole-Tobias Brendeland 15.min), Simen Mehammer, Patrick S. Fjelland, Daniel Normann (Sander E. Vevik 40.min), Vebjørn Holmedal, Jonas Tazo (Henning Solheim 65.min), Nikolai Mayer (Daniel Normann 65.min), Marius Quam

- Verner og Bjarte -

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift