Tøffe kampar for Halsnøy G14

Til tross for stortap mot både Rosendal og Stord, så er det framgong å spora både i innsats og oppførsel. Begge desse laga held mykje høgare nivå enn våre gutar, så resultata var ikkje overraskande.

Til tross for stortap mot både Rosendal og Stord, så er det framgong å spora både i innsats og oppførsel. Begge desse laga held mykje høgare nivå enn våre gutar, så resultata var ikkje overraskande.

4.serierunde 28.04.15 Rosendal/Uskedal- Halsnøy G14 (7-0) 15-0

Startoppstilling 4-4-2: Nitiphon- Thomas, Magnus, Mathias, Halvard- Joachim, Brede, Waldemar, Selmer- Christoffer, Bernt

Innbyttar: Torbjørn

Me kom frå ein svak kamp mot Trio der me synte liten vilje og innsats. Hovudfokuset til kampen mot Rosendal var difor å rette opp dette. Gutane klarer det, men diverre møter me eit lag som er mykje betre enn oss.

Me var klar over at dette kom til å bli ein tøff kamp. Me mangla Erik denne gongen,  men Nitiphon tok på seg hanskane. Kjempeflott! Nitiphon gjer trass i 15 baklengs ein flott innsats og kan ikkje skuldast for nokre av måla. Rosendal er rett og slett på eit anna nivå enn oss. Dei syner eit flott eitt-touchspel,  har fine kombinasjonar og mange bevegelsar. Her har me mykje og lære. Me får ikkje til noko pasningsspel, blir springande i mellom og klarerer langt dei gongane me vinn ballen. Då blir det svært vanskelige forhold for spissane våre.

Kampen endar 15-0 men eg trur gutane sjønar kvar nivået ligg. Me er einige om kvar skoen trykker for vår del og arbeidar hardt på treningane for å utvikle oss.

 

5.serierunde 05.05.15 Halsnøy G14- Stord 3 (0-5) 1-12

Startoppstilling 4-4-2: Erik- Tore, Sverre, Adrian, Christoffer- Joachim, Halvard, Nitiphon, Brede- Magnus, Selmer

Innbyttarar: Bernt og Torbjørn

Som mot Rosendal var me innstilte på at det kom til å bli ein tøff kamp. Stord hadde som venta mykje ball og me blei liggande litt for djupt. Dette resulterer i nokre kjappe mål frå Stord og dei leier 4-0 etter 10 minutt. På det tidspunktet såg det ut til at dette kunne bli stygge siffer men me klarer å organisere oss betre utover i omgangen. Sjølv om me ikkje skaper all verden ligg me fint i forsvar og er «oppi» Stordspelerane og hindrar innlegg. Me gjer meir av oss sjølv i duellane og er redd for eige mål. Dette har me sakna i spelet vårt og det var difor kjekt å sjå korleis gutane henta seg inn etter 4 kjappe mål i mot.

Me gjekk til pause med 0-5 men gutane hadde trua og var tente då dei gjekk ut til 2.omgong. Me la om til 3 midtstopparar og ville forsøke å utnytte farten til Selmer i bakrom samstundes som Magnus kunne halde godt på ballen som spiss. God gammal oppskrift. Det resulterte i ei utlikning ved Selmer men sluttresultatet enda likevel 1-12 etter nokre litt for lette Stordmål mot slutten. Slike ting må me få luke vekk.

Alt i alt gjer gutane absolutt sitt beste, men me møter ein motstandar som held eit mykje høgare nivå. Kjempeflott innsats av Tore og Sverre som kjem inn på relativt kort varsel. Dei gjer alt dei har heile kampen. Flott også av Selmer som kjempar inn eit mål. Halvard og Adrian syner oppofrande spel og går føre med eit godt eksempel der. Heile laget fortener ros for viljen dei syner! Etter kampen trekk gutane fram at det var lite klaging på kvarandre og motstandarane. Dette er noko me har arbeid mykje med både i fjor og i år. Sjølv meiner eg og at me har blitt vesentleg betre på det området men me kan alltid bli betre. Uansett kjekt at gutane legg merke til og synes det er betre.

 

Neste kamp er borte mot Stord 7`ar 12.mai.

- Dan Greger -

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift