J13 "knuste" begge Trio-laga

Fyrst måtte Trio 2 reisa heim med 6-1 tap frå "Nya Myro" forrige veke, før Trio 1 måtte tåle 6-0 tap i si eiga nye "leikegrind" på Valen. Her kjem referat frå begge kampane.

Fyrst måtte Trio 2 reisa heim med 6-1 tap frå "Nya Myro" forrige veke, før Trio 1 måtte tåle 6-0 tap i si eiga nye "leikegrind" på Valen. Her kjem referat frå begge kampane.

Halsnøy - Trio 2 :  6 - 1 ( 3 - 0) 

Etter ei kjedelig tap mot Rosendal var det ein tent og kampklare jentegjeng som var klar for kamp mot Trio 2 på "Nya Myro" 30.04.15. (Litt lenge sio kamp når eg skal skriva referat, men eg prøve) 
Veldig kjekt å få spela på grasbanen! 
Etter kampen i Rosendal snakka eg og pappa eindel ilag om litt endring i lagoppsettet for å få meir fart og trøkk framover. Bakerst er me ganske trygge, men meir trøkk framover savna me. Så litt endring i oppsettet prøvde me på idag. Me flytta Ovidie opp sentralt på midtbanen ilag med Emma, men ei litt meir defansiv rolla. Då kunne me pressa Emma høgare opp på banen, noko som viste seg å vera vellykka. Celina spela nå bak på sida, og med den høge farten ho har er det ingen problem for ho å vera med oppover og styrka angrepet vårt samtidig som ho kjapte er tilbake på plass igjen.
Laget: Grete Camilla, Rebekka, Selma, Celina, Ovidie, Emma, Silje, Ida og Elina. 
Innbyttarar: Martine, Alida og Siren. 
Kampen kom godt i gang og me pressa Trio bra, kom til fleire sjangsar og jentene spela mykje fin fotball. Etter eindel pressing kom Emma til avslutning litt utanfor 16meteren og klinka ballen i mål. Nokså raskt etterpå klarte Ida kjempa ballen med seg på midtbanen, dribla av eit par Triojenter og sette ballen i mål. 
Med 2-0 leiing og eit godt overtak på kampen vart jentene litt avslappa og "slurva" litt. Trio kom til eit par sjangsar, men eit godt forsvar og ei god Grete Camilla ordna opp.  Emma kjempa godt på midtbanen, kjempar til seg ballen, slår ein god ball gjennom forsvaret som Silje spring opp og setter i mål.
Og me går til pause med 3-0 leiing. 
2.omgang starta litt "rotete" og mykje spark att og fram mellom laga. Men jentene er gode og disiplinerte og klarar tilslutt ta kontroll over kampen igjen, ta ballen ned og spela fotball. Denne flotte innhentinga betalar seg i ei skoring av Siren etter Emma lobbar ein ball over forsvaret som Siren jobbar på. 
Nå finn jentene roen har har god kontroll på kampen, og alle jobbar tett ilag. 
Mål 5 kjem etter eit godt løp av Celina som kjem med høg fart bak ifra, kjempar med seg ballen gjennom Trio forsvaret og i mål. 
Mål 6 er det Ida som lagar. Etter eit godt samspel mellom Elina og Celina, som vert spela gjennom til Ida. 

Så glade og stolte over flinke fotballjentene, og me er klare siste kamp mot Trio 2 tirsd.07.05. 
Siste kampen i første del av dobbelserien me skal ha i vårsesongen. 


Trio 1 - Halsnøy i Valenparken torsdag 07.05 : 0 - 6 ( 0 - 1) 

Suksessen fra sist med litt endring i lagoppstillinga forsatte me med idag også. Pga ein skade på Ovidie etter ei stund flytta me Celina inn sentralt ilag med Emma. Dette vart også ein suksess. Celina er veldig fysisk sterk og vinn mange ballar. Ho er lagets potet, kan brukast på dei fleste plasser, og med stor suksess :) 
Me fekk ganske snart eit godt tak på kampen, og pressa veldig mot Trio sitt mål. Kom til mange sjangsar. Målet kom tilslutt av Emma etter eit godt langskudd utifra banen. Resten av omgangen javna seg egentlig litt ut, men eindel sjangsar til begge lag. Trio hadde nokre veldig kjappe spissar som kom raskt gjennom forsvaret vårt med eit par anledningar. Men ein av banens minste spelarar, Rebekka, ordnar opp. Motspelarane er nesten dobbel så høge som ho, men ho har ingen problem med å springe dei opp og stoppe dei. Ilag med Selma og Grete Camilla bakerst hadde dei god kontroll og forhindra noko utliking til Trio.
Kampen gjekk til pause med 1-0 leiing til oss. 
Me kom veldig godt i gang i 2 omgang og pressa Trio høgt. Ette ca 10 min fekk me endelig mål nr. 2. Elina vart flott gjennomspelt av Emma og sette ballen i mål. Nå roa nervene seg litt hos jentene (og trenerane). Trio kjem til sjangsar etter gode gjennomspel, men heldigvis ikkje noko mål. Veldig mange av sjangsane til Trio endar i corner, men heldigvis blir det ingen mål av dei heller. 
Ca halvvegs i kampen kjem mål nr 3. Silje er på rett plass og setter returen etter eit skudd fra Elina i mål. 
Nå har me kontroll på kampen , og styrer resten av omgangen. 
4-0 Sjølvmål. Emma skyt eit skudd/innlegg som treff ein Trio spelar på hovudet og i mål.
5-0 Siren kjem i god fart oppover sida, legg inn til Malin som skyt. Keeperen reddar, men returen kjem Siren og setter i mål.
6-0 Selma legg ein perfekt corner som ei umarkert Malin setter i mål. 
Ein god kamp av jentene, og godt med seier. Så kjekt å vera ilag med denna flinke gjengen og sjå at all innsats og springinga dei gjer på treninga betaler seg i god fotball og masse mål :-) 

Nå tar me ein kamppause fram til 28.05. Då begynner me på andre del av dobbel serien, og Odda kjem til "Nya Myro"

- Monica - 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift