Kontrollert storseier.

Trio/Halsnøy G16-1 møtte DjervNordnes på Møhlenpris fredag 15.mai. Når gutane spelte fotball slik dei kan, så hadde ikkje motstandaren ein sjanse. 8-1 seier var godt å ta med seg inn i 17.mai-toget.

Trio/Halsnøy G16-1 møtte DjervNordnes på Møhlenpris fredag 15.mai. Når gutane spelte fotball slik dei kan, så hadde ikkje motstandaren ein sjanse. 8-1 seier var godt å ta med seg inn i 17.mai-toget.

Skuffelsen etter forrige kamp mot Mathopen, der ein tapte mot eit lag ein absolutt burde slå, satt nok i ei stund. Djerv Nordnes var på papiret ein motstandar gutane burde hamle opp med, ut frå kva dei hadde prestert tidlegare i sesongen. Men forrige kamp hadde lært oss at det ikkje bare er i stille opp til kamp og motta 3 poeng. 100% fokus må til for å vinna fotballkampar.

Oliver Lygresten

Oliver viser veldig god form for tida!

Dei fyrste minuttane av kampen vitna om at gutane frå Bergen også kunne spela fotball. Me gjekk ut i ein 3-5-2 formasjon, som er noko uvant for gutane. Og då motstander opna kampen friskt, så lurte me vel på om formasjonen måtte leggast om. Men, før me fekk tenkt tanken ferdig, så rulla me opp eit flott angrep på høgresida. Simen fann Marius på motsatt, som kontrollert satte inn 0-1! Dette var nok det som skulle til for å få sjølvtillit inn i laget. For i løpet av dei neste 11minuttane satte gutane inn 3 mål til. Fyrst 0-2 ved Henning, så banker Daniel inn 0-3 på eit langskudd i hjørna frå 18 meter, før Ruben satte inn 0-4 etter flott forarbeid av Niko. Då var det gått 15 minutt av kampen. I denne perioden heng ikkje DjervNordnes med. Midtbanen vinn duellane og kantspelarane er aktive på løp. Bakerst har Oliver, Vegar og Jonas god kontroll.

Hadde ein nå fortsatt med å spela klokt og som eit lag, så hadde det nok stått 2-sifra til pause. Men i andre halvdel av 1.omgang blir det litt for mykje fokus på å scora sjølv. Ein er også litt for ivrig etter å bare spela ballen i lengderetning, framfor å snu spelet via midtbanen og spela ut motstander. Ein del valg ein gjer med ballen i denne perioden vitnar om at da fortsatt er ein del å henta på fotballforståelse. Forståelse for kva som skapar sjanser og åpningar for andre. Men for all del, me skaper ein god del sjanser utover omgangen. Da smell både i tverrliggar og stanga. DjervNordnes kjempar seg meir inn i kampen og kjem til eit par halvsjanser, utan at Magnus blir satt på dei store prøvane. 

Mål og 2 målgivande frå Henning.

Me har snakka i pausen om at midtbanen må bli meir ivrige på å gå på gjennomløp i åpningane som blir. Og da kunne vel sjå ut som om ein hadde lytta og. 3 minutt ut i omgangen vinn ein ballen på midten. Både kantspelera og angripera starter bevegelsar, som skaper opning i midten. Patrick går på løp og får ein flott stikkar frå Henning. Åleine med keeper plasserer han den kontrollert i mål, 0-5. Nå blir me kanskje vel offensive i alle ledd, som skapar enorme rom framover for motstander. Dei set inn 1-5, etter at ein spelar får stå heilt åleine på høgrekant etter ein overgang. Kunne dette tenna ein lys for DjervNordnes.......nei! For 3 minuttar seinare kjem me fram på venstresida til Marcus. Me fyller på med mykje spelera og han finn Patrick ute på 16meteren, som smell ballen i nota til 1-6.

Me har både stolpeskudd og store sjansar til å auke, men må vente til 65.minutt før ein får 1-7. Ruben startar løp i bakrom på høgrekant. Han får ein flott ball frå Henning og får etterkvart krangla ballen i mål. Siste målet er det Niko som får æra av lage. Jonas spelera han fri og han er iskald når han setter ballen i hjørna, 1-8!

Simen Mehammer

Alsidige Simen hadde 2 målgivande.

Alt i alt ein bra gjennomført kamp, der ein viser at ein i store delar av kampen er mange hakk betre enn motstander. Så har me framleis noko å gå på når da gjeld fyrstemottak og valg med ball. Med bare 3 spelera bak, så får ein sjølvsagt fleire valg framover i banen. Men det gjer ein og relativt sårbar etter balltap i oppbyggande spel. Trur motstander og kampforløp for avgjera om dette og skal brukast framover.

Laget.

Magnus Eide, Oliver Lygresten, Vegar Hoff, Jonas Tazo (Daniel Normann 65.min), Henning H. Solheim, Patrick S. Fjelland, Daniel Normann (Nikolai Mayer 40.min), Ruben Saug, Nikolai Mayer (Marcus Størksen 25.min), Marius Quam (Jonas Tazo 75.min), Simen Mehammer

Mål:

0-1 (4) Marius (Simen)

0-2 (8) Henning (Simen)

0-3 (12) Daniel

0-4 (15) Ruben (Nikolai)

0-5 (43) Patrick (Henning)

1-5 (47)

1-6 (50) Patrick (Marcus)

1-7 (65) Ruben (Henning)

1-8 (77) Nikolai (Jonas)

(Trio/Halsnøy vann tribunen og, med 10-15 tilskuera)

- Verner og Bjarte-

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift