Seier på litt dårleg dag.

Viljen og god lagmoral skaffe Halsnøy G13 seier mot Rosendal 7er.

Viljen og god lagmoral skaffe Halsnøy G13 seier mot Rosendal 7er.

Kampen skulle eigentleg spelast torsdag 28. mai, men på grunn av skuletur til Borgundøy på gutane måtte kampen flyttast til søndag 31. mai.
Denne kampen blei spelt som 7ar på grunn av Rosendal er meldt på som 7ar lag sjølv om dei i dag stilte med 13 mann, 2 meir enn me har totalt.
Kampen startar ganske rufsete frå vår del der me ikkje får til noko pasnings spel og det blir ein del tut og kjør, men med raske Selmer på topp så gjekk dette og fint og han spring inn 1-0 tidleg.
Rosendal kjempa seg inn igjen i kampen med å slå lange ballar opp mot ein hurtig og god spiss som spring inn 1-1. Nå begynner me og ta ned ballen litt meir og er betre i banespelet, men me har  framleis mykje å gå på her. 2-1 kjem av at Mathias leser spelet fint og snappar eit oppspel før han set fart og skyt frå 20 meter, ballen er så vidt innom Selmer på vegen og snik seg inn i mål, litt uvisst kven så fekk kreditert målet. Men som etter første målet hevar Rosendal seg og overtar initiativet i kampen og får til slutt fortent utlikning til 2-2.

Andre omgang startar litt betre enn i første og me vågar å spela litt meir ball og dette lønnar seg. 3-2 kjem etter ein Rosendal spelar er uheldig å tar ballen med nevane inne i feltet og straffe. Anders Bjørnebøle sett den kontrollert i hjørne. I motsetning av første omgang er det nå me som får ein boost av at me skårar. Me styrer meir av kampen og får eit frispark heilt nede ved corner flagget som Marcus like så greitt skrur rett i mål. Etter litt fram og tilbake dei neste minuttane er Rosendal med i kampen igjen og er frampå eit par gonger og reduserer til 4-3, og det er plutseleg kamp igjen. Nå har Rosendal flytta fram masse folk,  men me murer godt igjen med forsvaret og ein god Christoffer i mål. Me nå får me mange moglegheiter til å avgjera kampen. 5-3 kjem til slutt etter at Rosendal ikkje får klarert skikkeleg og  Anders B. klinkar til frå 15 meter, ballen får ein fin bue over keeper. Etter dette parkerer me bussen og kampen ebbar ut med 3poeng.
Gutane vinn i dag på ein dårlig dag men visar vilje og lagmoral som til slutt betalar seg i 3poeng.

Neste kamp er allereie imåro, då er det kamp igjen borte mot Uskedalen 7ar.

Erik, Gisle og Erling

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift