Seier i spennande kamp

Gutane heva seg etter laber innsats i kampen mot Tertnes forrige kamp, og vann 3-2 mot Smørås laurdag.

Gutane heva seg etter laber innsats i kampen mot Tertnes forrige kamp, og vann 3-2 mot Smørås laurdag.

Treningsgruppa, som utgjer lag 1 og 2, var langt frå nøgd med innsatsen i kampane mot Tertnes 1 (tap 1-5) og Njardar/Tysnes (seier 3-1) forrige serierunde. Laber innsats i dei kampane gjorde at ein måtte bruke treningsveka til å få opp intensiteten i gruppa. For dei som var tilstades blei det 3 gode økter.

Smørås var igjen eit nytt bekjentskap for oss. Ut frå resultat og tabellposisjon så skulle dette vera overkommelig motstand, men ein har sett at bak dei 3 øverste laga i pulja kan nærmast alle slå alle. Me har fortsatt spelera som Erik, Henning og Magnus ute med skadar. Men spelerane som har kome inn har gjort sakene sine bra.

Kampen på laurdag starta med eit godt overtak til oss. Me var tidelg oppi motstander og sørga for ballvinning høgt i banen. Dette gav oss ein del halvsjansar i innleiinga. Fortsatt ein lei tendens til å bli for smale i angrepsspelet når me etablerer spel inne på motstander sin banehalvdel, som gjer at det blir vanskeleg å finna opningar i forsvarsmuren til Smørås. Men halvvegs i omgangen ruller ein opp eit kjempeangrep på venstresida. Marius finn eit rom mellom back og stoppar og speler ein nydeleg ball til Simen som er på løp. Han kjem seg til dødlinja og legg nydeleg ut til Ruben, som hamrer ballen i nota, 1-0! Flott angrep gutar, der løpa kjem i forkant av pasning og pasningar kjem til rett tid!

Me held opp intensiteten stort sett over heile banen etter scoringa, men slit litt med valga ein gjer med ball. Dette heng litt saman med bevegelse rundt ballførar tidleg. Smørås kjem på eit par småfarlige visittar, men både Vegar og Tobias gjer ein kjempejobb i midtforsvaret. Og ein føler vel at me har rimeleg god kontroll og at eit mål bør kome i vår favør.

Nikolai Mayer

Mål og målgjevande av Niko

4 minutt før pause kjem me på ein flott overgang etter ballvinning på midten. Niko blir spelt fri på kant og får lagt inn framfor mål. Litt for nærme keeper egentlig, men han er litt uheldig og kolliderer med medspelar, og Simen kan pirke ballen i mål, 2-0! Flott om dette kunne haldt inn til pause, men dessverre er ein litt uheldig i bakre rekker i siste minutt, som gjer at Smørås får redusert til 2-1. 

Slitne spelera er glad for pausen. Me blir enige om å gå ut i 100 i 2.omgang for å få fyrste målet. Men dessverre er det Smørås som utliknar i staden til 2-2 allereie etter 3 minutt . Dei kjem opp på høgresida og altfor mange av våre spelera blir for opptatt av ball. Når då innlegg til slutt kjem er det fleire umarkerte Smørås-spelera i feltet. Her må me bli litt klokare gutar.......

I minuttane etter utlikninga er det Smørås som styrer spelet. Sjølv om ein til nå har hatt relativt god kontroll på kampen, så snik det seg inn ein usikkerhet etter utlikninga. Til og med når Smørås får sin fyrste (av to) 5-minuttar for gult kort, så har dei initiativet. Ikkje før spelaren kjem innpå igjen, tar me over......Og nå skaper me fleire farlege angrep. Synd ikkje avslutningane er heilt innstilt einaste.

10 minutt før kjem Marius seg fri. Han banker ballen inn framfor mål (innlegg/skudd?) og der er målsniken Niko på plass og får styrt ballen i nota til 3-2. Den smakte veldig godt for både spelera, trenar og ikkje minst mødre/fedre på tribunen:-) Sjølv om safta i beina begynner å surne, så står gutane på kampen ut. Denne seieren ville dei ha!

I forhold til forrige kamp viste me i dag flott innsats. Ein kjempa saman som lag og fekk i periodar til bra spel. Alle gjorde ein fabelaktig innsats. Forsvarsspelar Vegar var tilbake slik me har lært å kjenna han sei siste åra. Enormt vanskeleg å passera og veldig oppofrande i spelestilen. Når han i 2.omgang hadde eit raid framover på 70 meter (som eg håpa du skulle krona med ei scoring) for så å spurta heim igjen like etterpå, så har ein forstått kva innsats for laget er!

Vegar la ned ein solid jobb i forsvar

Siste kampen er borte mot Bønas laurdag 20.juni. Flott om ein kunne avslutta med samme innsats før ein tar ein aldri så liten sommarferie.

Laget:

Vebjørn Røssland, Vebjørn Holmedal, Vegar Hoff, Tobias Tvedten, Oliver Lygresten (Ruben 70.min), Patrick S. Fjelland, Jonas Tazo (Daniel Normann 25.min), Simen Mehammer (Håvard 65.min), Ruben Saug (Ole Tobias Brendeland 40.min), Marius Quam, Håvard Vågen (Nikolai Mayer 30.min).

Mål:

1-0 (18) Ruben (Simen)

2-0 (36) Simen (Niko)

2-1 (39)

2-2 (43)

3-2 (70) Niko (Marius)

 

- Verner- 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift