2 kampar mot Trio og 2 sigrar

Halsnøy J13 er puljevinnarar i vår! Dei to siste kampane var mot Trio 1 og 2, som begge gav siger.

Halsnøy J13 er puljevinnarar i vår! Dei to siste kampane var mot Trio 1 og 2, som begge gav siger.

Ei litt kort oppsummering av dei to siste kampane våre :)

2 kampar mot Trio på 4 dagar, og 2 seirar :-)


Søndag 14.06 var me på Valen og spelte kamp mot Trio 2. Eg var vekkreist denne helga så pappa reiste ilag med jentene. Men eg klarte komma meg heim og kom litt ut i første omgang.  Då jentene kom bort der fekk dei vita at Trio hadde spelt 1-1 mot Rosendal! Dette  gav jentene eit kjempekick.. Nå visste me at me hadde ein litt større sjanse på puljeseier.
Jentene gjekk veldig sterkt ut, fekk eit godt tak på kampen og kom til sjangsar.
1-0 av Elina kom akkurat då eg parkerte bilen.
Ca 20.min ut i kampen slår Selma ein lang ball over midtbanen og inn i rommet bak Trio forsvaret. Elina og Ida jobbar på ballen, Ida når ballen og får til eit skudd, men Trio keeperen reddar. Returen er Silje godt plassert på og sette den kontant i mål. 2-0 :-)


Trio jobbar veldig godt resten av omgangen og pressar oss hardt. Dei kjem til fleire sjansar med veldig raske spissar. Men heldigvis har me ein løpssterkt trio bakerst og ei god Grete Camilla i mål. Me går til pause med 2-0
Me får ikkje heilt grepet på kampen i 2 omgang, og Trio kjem til fleire sjansar.
Men 20.min ut i omgangen kjem Silje nok ein gong igjennom og skyt eit perfekt skudd i mål, 3-0!
Resten av kampen er vår og me vinn 3-0 :-)

Torsdag 18.06 møtte me Trio 1
på Nya Myro.
Det er ein litt overtent jentegjeng som møter til kamp, då dei er veldig opptatt av at kampen må vinnast om ein skal bli puljevinnarar. Dette ber kampen veldig preg av for vår del. Me slit med å få tak på kampen, taper duellar og klarer ikkje ta ned ballen og spele den fotballen desse gode jentene kan.
Allerede etter 5.min blir forsvaret vårt lurt av ein kjapp Trio spiss og 1-0.. Muleg offside, men..?
Nå går jentene litt i "lås" og slit litt. Men dei skal virkelig ha for innsatsen, dei er utrulig flinke å jobba og stå på. Dei vil virkelig ta kontroll over kampen.
Etter ca.30.min kjem endelig målet som løyser opp låsen. Celina kjem igjennom Trio forsvaret i stor fart og blir felt. Emma setter sikkert ballen i mål til 1-1.
Nå har jentene fått ny giv og presser Trio høgt, dette betaler seg i corner.
Emma legg ein god corner som Ida setter i mål. 33.min og 2-1.


1.omgang endar me 2-1 leiing til oss. Ein skikkelig peptalk i pausen og jenter som skjønner at dei må heva seg mange hakk om dette skal gå bra.
Dei går ut og spelar ein god 2.omgang. Dei vinn dueller og klarer å spela god fotball i periodar, men blir og til tider litt stressa og slår mange lange ballar. Trio er fortsatt farlige, og har 2 veldig kjappe spissar som kjem til eit par sjansar. Men ei veldig god Grete Camilla ordnar opp bakerst!
Mot slutten av omgangen vert Selma flytta opp på midtbanen og gjer ein kjempe god jobb ilag med Emma.
Heilt på rampen av omgangen jobbar Malin godt ute på høgre ving og legg ballen fint inn til Selma som kjem bakfra med høg fart og smeller ballen i mål. 3-1 :-) Dommaren bles av kampen, og jentene er puljevinnarar!! :-D
Nå ventar me spente på korleis høsten blir.


Me avsluttar ein super vårsesong med heile helga på cup i Etne!! :-)

- Monica-

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift