Merkelig kamp på mange måtar

Trio/Halsnøy G16-1 tapte 4-2 mot Bønes 1 i vårens siste seriekamp. For fyrste gong har me opplevd å spela 1. og 2.omgang på forskjellige banar.

Trio/Halsnøy G16-1 tapte 4-2 mot Bønes 1 i vårens siste seriekamp. For fyrste gong har me opplevd å spela 1. og 2.omgang på forskjellige banar.

Siste vårkamp for laget var borte mot Bønes 1. Dei stod med likt antall poeng som oss før kampen, men mange av kampane dei hadde tapt var med minst muleg margin. Dermed hadde dei mykje betre målskildnad.

På laurdag morgon fekk me telefon om at kampen skulle spelast på Bønes sin egen bane, ikkje Varden som oppsatt. Fjelldalen Kunstgress blei ferdig fredag kveld med heilt nytt dekke. Kjempeflott kunstgrasbane, som Bønes skal vera stolt av, passa oss utmerka. Men, 5 minutt før pause måtte kampen avbrytast, då kommunen/fotballkretsen meldte frå om at banen ikkje var formelt godtkjent. Og dermed var det ikkje lov å spela obligatorisk kamp der heller. Dermed var det å få alle spelera i bilane og ta turen ned til Fyllingsdalen sin bane, Varden. Ei noko underleg oppleving kan du sei:-)

Gutane opna kampen veldig bra og hadde ein stor sjanse ved Niko allereie etter 2 min. Uheldigvis blei avslutninga/innlegget litt upresist. Men gutane virka å ha bestemt seg og var tett på motstander i press og spelte seg flott gjennom ledda til motstander. Kantspelarne Niko og Simen var i denne perioden flinke til å halde bredden, som gav både dei og medspelera i midten større rom. Bare sluttpakken framfor mål mangla for at me skulle ta leiinga.

Me har i heile år slitt litt på defensive dødballer. Delvis grunna mangel på fysisk styrke, men og fordi ein er litt for lite bestemt/nøyaktig når ein skal klarere. Og 1-0 målet til Bønes kjem etter dødball. Me får ikkje klarert og er ikkje tett nok oppi motstander, som får satt ballen i mål etter 16. min. 10 minutt seinare er det ny dødball og ein Bønesspelar får satt hovudet på ballen, som seiler inn i nota til 2-0....:-( Egentlig var det veldig skuffande at ein låg under, då me hadde dominert banespelet og følte at kampen var i våre hender. Men, da er nå ein gong slik at da er måla som teller. 

Som nemnt tidlegare, så blir kampen avbrutt i det 35.minutt pga baneskifte. Ein vel då å og ta pause, for så å spela 45 minutt i 2.omgang. Gutane opnar dessverre 2.omg veldig svakt. Dårlig press, veldig unøyaktige pasningar og noko ustrukturert i bakre rekker. Rett nok var dekket på Varden av "luggande" karakter, men det var likt for begge lag. Ein merkelig forvandling etter baneskiftet. Bønes aukar til 3-0 tidleg i omgangen og ein fryktar at gutane nå skal gi opp. Men dei klarer å mobilisere både krefter og kvalitet og tar over banespelet igjen. 20 minutt ut i omgangen får Ole Tobias ballen like utanfor 16-meteren. Han smell ballen i tverrliggar og inn. Men ballen har så mykje skru at den kjem ut av målet igjen og dommar trur den dermed ikkje har vore inne. Men, når nettet bak i målet beveger seg etter kontakt med ballen, så taler vel alt for at den var langt inne:-( Synd for ungguten Ole Tobias, som skulle vore krona med sitt fyrste mål på 1.laget.

Gutane køyrer på vidare og midtvegs i omgangen kjem Simen fri på venstresida. Han legg nydeleg inn til Marius som nærast stupheader ballen i mål, 3-1! Nå er da full fyr i kampen igjen og gutane maner kvarandre til innsats. Og ikkje mange minuttane seinare får me ein enorm dobbelsjanse ved Simen og Marius, men ballen vil ikkje i mål dessverre.

Med noko meir offensiv innstilling, så opnar da seg godt med rom bakover hos oss. Bønes kjem på fleire farlege overganger og til slutt får dei auka til 4-1 i det 76.min. Slikt skjer når ein jagar redusering mot slutten. 

Marius Quam

2 mål og sterk 2.omg av Marius

Men sjølv om ein er sliten og kampen egentlig er tapt, så fortsetter gutane å male på. Og i siste minutt får Marius ballen servert av Niko. Han takkar fint og smell den i lengste hjørnet, 4-2.

Totalt sett så skal ein vera godt nøgd med ca 50 minutt av kampen. Då spelar ein fotball slik me veit gutane kan. Da gjeld bare å kunne halde nivået i 80 minutt. Spesielt må kvar og ein legge ned fleire økter med fokus på 1.mottak og pasningar, slik at ein ikkje mister ballen så lett. Når det er på plass, og ein fortsatt har herlig innsats, så vil fleire kampar bikke i dåkas favør gutar.

Ellers vil me takka for ein flott vårsesong. Tøffe kampar for eit ungt mannskap, men veldig utviklande. Ein flott gjeng med godt humør på desse langturane til Bergen. Samholdet verkar godt og då er mykje gjort for å fortsatt kunne utvikle laget og kvar enkelt spelar. Nå ventar 14 dagar pause frå organsiert trening, før me køyrer på med oppkøyringa til Norway Cup og haustsesongen. Hold dykk i aktivitet slik at ein ikkje starter på null 6.juli. Då kan da bli hardt i sommarvarmen:-)

Laget:

Vebjørn Røssland, Vebjørn Holmedal, Vegar Hoff, Tobias Tvedten, Oliver Lygresten, Patrick S. Fjelland, Daniel Normann, Marius Quam, Ruben Saug, Simen Mehammer, Nikolai Mayer, Marcus Størksen, Ole Tobias Brendeland og Jonas Tazo

Mål:

1-0 (16)

2-0 (26)

3-0 (43)

3-1 (63) Marius (Simen)

4-1 (76)

4-2 (80) Marius (Niko)

 

- Verner -

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift