Halsnøy G15 slo naboane i serieopninga

Halsnøy G15 stiller 7er-lag i G16 3.div, då dei ikkje fekk plass i Rogaland G15, og Hordaland ikkje har egen G15-klasse. Serieopninga mot Trio 2 blei ein særs positiv opplevelse, då dei vann 4-0 på Kvednabekkjen.

Halsnøy G15 stiller 7er-lag i G16 3.div, då dei ikkje fekk plass i Rogaland G15, og Hordaland ikkje har egen G15-klasse. Serieopninga mot Trio 2 blei ein særs positiv opplevelse, då dei vann 4-0 på Kvednabekkjen.

Sesongstart, debut i G16 og lokaloppgjer. Fleire grunnar til både å gleda seg og vera spent før årets fyrste seriekamp. Resultatet må me seie oss meget godt nøgd med.

Me bestemte oss for og vera aggressive frå start, setja press og halda spelet på deira banehalvdel. Dette lukkast me godt med og Marcus kunne allereie etter 10 minuttar setje inn  1-0 etter ein flott prestasjon. Etter skåringa jamna kampen seg litt ut spelemessig men me haldt framleis aggressiviteten oppe og hindra Trio å komma til dei heilt store sjansane. Likevel i 7`ar fotball snur ting hurtig og me ville ha ei skåring til før pause. Halvard roa nervane etter 35 minuttar då han sette eit frispark etter litt uheldig keeperspel.

2. omgang starta med eit press frå Trio. Me var nok litt heldige og klarte ikkje å halde same presset som i første omgang. Godt då og ha ein solid Erik i mål som gjennomførte ein meget god kamp. Midtvegs i omgangen kvikna me heldigvis til igjen og fann tilbake til det me hadde lukkast med. Etter 55 minutt var Halvard frampå igjen og sette inn 3-0. Etter dette synes eg me tok meir over og spelte sikkert og fornuftig. Då det nærma seg kampslutt sette like godt Halvard inn sitt tredje for dagen og fastsette sluttresultatet 4-0.

I og med at me no speler G16 kan me låne litt frå Trio/Halsnøy G16. Denne kampen fekk me Sindre med oss. Han tok ansvar, sette fart og utfordra. Veldig kjekt! Mathias frå G14 var også med oss. God kamp av han mot to år eldre spelerar.

Alle gjennomførte ein solid kamp og jobba steinhardt. Må likevel få trekke fram Halvard som leverte ei bunnsolid førestilling frå stopparplass og at på til skåra hat-trick!

Seriestarten kunne ikkje gått betre for vår del. No må me halda fram og gå for 3  nye poeng mot Trio 4 torsdag 21.april her heime på kunstgrasbanen.

Laget:

Erik, Adrian, Halvard, Joachim, Marcus, Mathias, Magnus, Sindre (G16), Nitiphon, Bernt og Christoffer.

Mål:

Marcus (10), Halvard (35,55,70)

- Dan Greger Våge-

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift