Starta sesongen med 2 sigrar

Trio/Halsnøy G16 har opna serien med 5-1 heime mot Smørås og 7-0 borte mot Minde.

Trio/Halsnøy G16 har opna serien med 5-1 heime mot Smørås og 7-0 borte mot Minde.

Trio/Halsnøy - Smørås laurdag 9.april:

Etter ein tøff sesong som 1.års gutespelera i fjor, håpar gutane å hevda seg betre nå som den fysiske forskjellen ikkje skal vera utslagsgjevande. Ein må også ta sikte på å betra heimestatistikken, som enda med 5 tap i haust:-(

Gutane gjekk ut og tok tak i kampen tidleg og det tok ikkje mange minuttane før Marius mottok ein gjennombruddspasning frå Håvard, satte fart og kontrollert satte iinn 1-0. Alltid godt med ein god opning. Smørås viste seg å vera eit spelande lag, men dei kom ikkje til mange sjanser. Me var litt meir farlege når me satte fart på ballen og utnytta romma som oppstod. Ca. 20 minutt ut i omgangen speler Oliver fri Erik, som plasserer ballen til side for keeper og dermed 2-0.

Litt ut i 2.omgang får Smørås frispark litt utanfor 16-meteren, som dei set inn til redusering 2-1. Vebjørn er ein ærleg keeper og meiner vel sjølv at den skulle han tatt. Men, då får bare dei lenger framme på banen setja fleire sjansar. Og det går ikkje lange tida før ein får roa nervene. Flott corner av Patrick som Sander stanger i mål til 3-1. Og mot slutten av kampen punkterer me kampen etter mål av Håvard og Rasmus, slik at ein vinn 5-1.

Greit gjennomført kamp av gutane. Innsatsen er som alltid god og ein vinn mange viktige duellar. Når ein speler enkelt og hurtig pasningspel, så heng ikkje Smørås heilt med. Og på topp har me mykje hurtighet. 

Laget:

Vebjørn Røssland, Oliver Lygresteen, Vegar Hoff, Henning H. Solheim, Simen Mehhamer, Sander E. Vevik, Patrick S. Fjelland, Erik V. SOlberg, Marius Quam, Håvard Vågen, Nikolai Mayer, Ruben Saug, Sindre Benjaminson, Rasmus E. Sjo, Marcus Størksen

Mål: 1-0 Marius (Håvard), 2-0 Erik (Olli), 3-1 Sander (Patrick), 4-1Håvard (Erik), 5-1 Rasmus (Simen)

 

Minde - Trio/Halsnøy :

Tidleg avgang frå Triohuset for å nå kampstart i Bergen kl 1300. Lang tur med minibussen til Trio, men god stemning og nydeleg ver. 

Knallhardt press frå start, som resulterer i corner. Marcus svinger inn på bakerste der Henning stig til vers og header ballen i bue over keeper og inn i lengste, 0-1. Grei start:-)

Dei neste 5minuttane er forferdelig rotete. Feilpasningane kjem på løpande bånd og da er ikkje veldig høg kvalitet på da gutane foretar seg. Minde kjem til nokre små tilløp til sjansar, utan at Vebjørn i mål må foreta seg noko særleg meir enn å plukka opp lause skudd. Gutane hevar seg litt og då heng ikkje Minde med i svingane. 0-2 kjem ved Ruben, etter flott pasning frå Marius. Den gode perioden fortsetter litt til, men sluttproduktet er ikkje like bra. Halvtimen ut i omgangen kjem Niko rundt på venstrekanten og blir lagt i bakken inne i feltet. Heldigvis er akkurat Rasmus kome inn på banen, då han normalt er ein kald fisk frå 11-meteren. Kaldt og kontrollert setter han ballen i mål og 0-3. 

Nokre minuttar seinare ruller me opp eit fint angrep, der Daniel kjem fri i mellomrommet. Han ser at keeper står litt for langt plassert mot høgre og smell til på volley og ballen går fint inn i venstre hjørna, 0-4! 

Me er vel ikkje heilt nøgd med alt me foretok oss i 1.omgang, men håpa å heva oss endo nokre hakk etter pause. Dei fyrste 10 minuttane vitna vel ikkje akkurat om det, sjølv om spelet stort sett gjekk føre seg inne på Minde sin halvdel. Men, så finn ein plutseleg ut at ein skal tilbake til hurtig pasningspel og frispeling på kant, og då går alt så mykje betre. 0-5 målet er nydeleg andrepspel. Gutane danner trekanter oppover heile venstresida, der Simen tilslutt slår ein nydeleg stikkar mellom back og stoppar, der Niko kjem innover i 100 og tupper ballen opp i vinkelen. Rørande gutar!

Minde kjempar på, men dei heng ikkje med utover omgangen. Me er vel nærmare 10 enn dei er redusering. Men, gutande nøyer seg med 2 mål til. Fyrste ved Simen etter nydelig innlegg frå Marcus og til slutt finn Marius ut at da er på tide at han og scorer i dag. Vinn ballen, set fart og setter ballen kontrollert til side for keeper. 0-7 gir vel eit greit bilete av kampen. Niko har ein brasse i tverrliggaren, som hadde vore kjekk å sett i mål:-)

Da er fortsatt rom for forbetringar på enkelte område, men da får ein ta fram når ein møter litt sterkare motstand i Askøy laurdag 23. april, på Halsnøy Kunstgrasbane.

Takk til sjåfør Ronny Quam som køyrde minibussen!

Laget:

Vebjørn Røssland, Oliver Lygresteen, Vegar Hoff, Henning H. Solheim, Simen Mehhamer, Patrick S. Fjelland, Marius Quam, Håvard Vågen, Nikolai Mayer, Ruben Saug, Rasmus E. Sjo, Marcus Størksen, Daniel Normann, Vebjørn Holmedal

Mål: 0-1 Henning (Marcus), 0-2 Ruben (Marius), 0-3 Rasmus (straffe), 0-4 Daniel (Simen), 0-5 Niko (Simen), 0-6 Simen (Marcus), 0-7 Marius

 

- Verner og Bjarte - 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift