Overbevisande Halsnøy jenter

J17 hadde ein overbevisande kamp på lørdag - med til tider glimrande spel og heile 9-0 over Skjergard.

J17 hadde ein overbevisande kamp på lørdag - med til tider glimrande spel og heile 9-0 over Skjergard.

I eit strålande vårver, bles kampens gode dommar, Thomas Størksen, sesongens første heimekamp i gang.

Etter ein god og aggressiv start av Halsnøylaget, blei me litt pressa av eit tidvis friskt Skjergard-lag. Etterkvart blei våre jenter sikrare i pasningsspelet, og hadde fleire gode sjanser, dei største kom ved avslutningar frå Vilde og Julie.

Etter 17 minutt rulla HIL opp eit angrep frå venstre, og Julie finta vekk ei svimmel Skjergardjente og sette ballen i mål. 1-0. Etter dette såg ikkje jentene seg tilbake,og tok over det meste av spelet ute på banen. Mange gode kombinasjonar, veggspel og tøft duellspel tok luven av Øygardjentene…

24 minutt ut i kampen, vart Ellinor skvist mellom to spelarar inne i straffefeltet, og 50-50 situasjonen enda i straffe til oss. Kristine banka den lekande lett forbi keeper. 2-0.

Pause og god stemning blant dei 15 jentene i troppen. Trenarane var og rimeleg nøgde..Dei ville ha litt meir skudd og vridning av spel..

6 minutt ut i andre omgang, fekk trenarane viljen sin, då Ester drog til frå 19 meter, utagbart for keeper ute i sida. 3-0.

Etter dette gjekk piffen ut av motstandarane, og me overtok totalt. 4-0 og 5-0 vart sett rolig inn, av ei uvanleg avslappa Julie.. 6-0 og 7-0, var flotte skudd av ei driblevillig Hanna. Det eine ein supervolley i krysset, akkurat sånn som me har trent påJ  8-0 og 9-0 av Julie.

Konstanse tok alt som kom, og var sikker som banken. Hadde forresten fått ny caps og tøff drakt…Takk Christine!

Alle var på hugget i dag. Forsvaret vart styrt bra av Madel, Vanessa, Sofia og Ellinor. Midtbanen fekk etterkvart spelet til å gli, og spelte laget fram til mange sjansar: Ingrid, Kristine, Ester, Hanna og Vilde.

Mariell, Celina, Emma og Silje, kom alle inn og leverte gode prestasjonar.

Kjekt at heile laget held såpass jamnt og godt nivå, og at det er litt kamp om plassane.

Gratulerar med seier og god kamp jenter.

Trenarane

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift