Ned på jorda igjen for G15

2-7 heime for Trio 4 (15-åringane til Trio), blei ein nedtur i forhold til sigeren i forrige kamp.

2-7 heime for Trio 4 (15-åringane til Trio), blei ein nedtur i forhold til sigeren i forrige kamp.

Etter den fine bortesigeren mot Trio 2 i serieopninga hadde me god tru på poeng også i denne kampen. Diverre var me verken effektive eller «påskrudde» nok til det.

Fokus for denne kampen var og halde fram slik som mot Trio 2. Der lukkast me med å halde presset på deira banehalvdel samstundes som me var hurtige i kontringsspelet. Ein kunne likevel ane at dette Triolaget var noko kvassare slik at me måtte opp nokre hakk.

I byrjinga av  første omgang lukkast me sånn halvvegs og kom til fleire store sjansar. Diverre for oss hadde Triokeeperen stengt butikken. Lite effektivitet og fleire enkle feil av oss gjer at me går til pause med 0-4 i protokollen. Fire mål skal ikkje vere umogleg å hente inn i 7`ar fotball og me blei einige om å heva oss fleire hakk og gå for ei tidleg utlikning.

Men dette skulle ikkje vera Halsnøy sin dag. I staden for ei tidleg utlikning får me to til i mot. Me gjev likevel ikkje heilt opp og reduserer både ved Marcus og Sindre men kampen endar til slutt 2-7. Ein fortent siger til Trio 4,  der me får erfare kor viktig det er å setja sjansane sine.

Erik gjer nok ein god kamp med fleire flotte redningar trass tap.

Laget:

Erik, Adrian, Halvard, Sindre, Joachim, Mathias, Magnus, Christoffer, Bernt, Nitiphon og Marcus.

Mål: Marcus og Sindre

 

- Dan Greger-

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift