5-0 siger borte mot Trott

Resultatet til slutt var bra, men spelemessig var det eit steg ned frå forrige kamp.

Resultatet til slutt var bra, men spelemessig var det eit steg ned frå forrige kamp.

Einaste lokale kamp i år er mot Trott i Prestegardsskogen. Opp til gutane var 14 år har ein møtt mange av spelerane der mange gonger opp gjennom åra. Trott spela i Rogaland i 2015, så da var kjekt med eit gjensyn i år. Trott hadde tapt sine 3 fyrste kampar. Men, ein visste at laget hadde spelera på laget som kunne skape problemer om gutane ikkje var 100% fokusert og "på". Deriblandt landslagsspelar Olaug Tvedten, som hevdar seg veldig godt også mot jamnaldrande gutar.

Når kampen er i gong, så merker ein raskt at Trott ikkje har tenkt å gjera da enkelt for oss. Dei ligg djupt i banen og er veldig hurtige i press. Dette kombinert med uvanleg høg feilprosent i heile laget vårt, gjer at kampen er svært lite velspelt store delar av omgangen. Svake mottak, upresise pasningar, vanskelege valg med ballen og lite kollektiv samhandling gjer at ein lurer på om dette er samme laget som storspelte mot Askøy 4 dager tidlegare. Ein kjem rett nok til ein del store sjansar, men da er helst på dødball. 3 ganger er ein millimeter frå å score etter corner. To av dei blir redda på strek og ein header Henning i stolpen. 

Henning H. Solheim

Scoringa kom til slutt for Henning, som hadde mange sjanser etter dødball.

Like før halvtimen er spelt kjem Ruben seg fri på venstrekanten. Han kan nesten slå ballen i blinde inn framfor mål, då han nok veit at storscorer Niko vil vera på plass. Kaldt og rolig (trur me) set Niko ballen ned i hjørnet åleine framfor mål, 0-1! 

Trott har og sine mulighetar i omgangen. Sjansane deira kjem stort sett etter dårlige klareringar i bakre ledd hos oss, der hurtige angripera stresser forsvaret til å gjera feil. Men, heldigvis så blir ein ikkje straffa med mål imot.

0-1 til pause er fortent nok. Men, da var ikkje akkurat positivitet til eige spel å spora i pausen. Gutane var nok skuffa over egen prestasjon. Kanskje dei hadde undervurdert Trott og blitt stressa av at spelet ikkje satt som på laurdag? Ein blei iallefall enige om å heva nivået eit par hakk i 2.omgang. Spela enklare og hurtigare pasningsspel, slik at Trott sin forsvarsmur slo sprekker.

3 min ut i 2.omg får me frispark på midtbanen. Ballen blir løfta inn mot feltet, der Marius stig til værs og stusser ballen vidare i bakrom. Niko har sett dette før og er på plass. Enkelt set han inn 0-2! Nå har me endelig ein god periode i kampen. Både Niko og Marius kjem til gode sjanser. Og me har vel 2-3 cornera som bør gi utelling i form av scoring. Erik, som har hatt ein noko frustrerande dag, saman med resten av midtbanen, får muligheten midtvegs i omgangen. Flott jobb av Marcus inne i boksen til Trott, der han held på ballen, for så å servera Erik ute på 16-meteren. Han drar ballen over på venstre og smell inn 0-3 i lengste hjørne!

Deretter skrur me av brytaren ein periode igjen. Dårlig press og slurv i pasningspelet gir lite varmande spel ein kald vårkveld. Dette er før Daniel bestemmer seg for å ta tak. Saman med Rasmus på topp, presterer dei veldig bra mot slutten. Daniel er ikkje store guten, men han er ein veps å ha rundt seg for motstander, med kvikke bein og utsøkt teknikk. Han vinn ballen, slår enkel støttepasning, for så å få ballen igjen i mellomrommet. Vender opp, tar ballen med seg nokre skritt, speler vegg med Rasmus inne i 16-meteren og PANG over hovudet på keeper og i mål, 0-4! Veldig bra!

Daniel Normann

Danialdo scora eit flott mål!

I siste minutt kjem 0-5. Me har dødball og ballen lander hos Daniel på 16-meteren, som knaller til på volley. Henning stusser ballen i mål bak ein sjanselaus keeper. Kjekt for Henning å setja den, etter utallige sjanser på cornera tidlegare i kampen.

Oppsummeringa får vel bli at ein vinn kampen fullt fortent. Trott har knapt ein sjanse i 2.omgang. Men, gutane set nok høgare krav til eige spel, enn da ein fekk vist i store delar av denne kampen. Ny sjanse byr seg torsdag 5.mai, då sterke Bergen Nord kjem på besøk til Kvednabekkjen.

Laget:

Vebjørn Røssland, Vebjørn Holmedal, Vegar Hoff, Henning H. Solheim, Simen Mehammer, Patrick S. Fjelland, Erik V. Solberg, Nikolai Mayer, Ruben Saug, Marius Quam, Håvard Vågen, Oliver Lygresten, Marcus Størksen, Rasmus E. Sjo, Daniel Normann.

Mål:

0-1 Niko (Ruben), 0-2 Niko (Marius), 0-3 Erik (Marcus), 0-4 Daniel (Rasmus), 0-5 Henning (Daniel).

 

- Verner og Bjarte-

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift