J14 - Oppsummering siste 2 kamper

Tap 2-0 borte mot serieleiar NoreNeste/Os 2 og siger 2-1 heime mot Skogsvåg.

Tap 2-0 borte mot serieleiar NoreNeste/Os 2 og siger 2-1 heime mot Skogsvåg.

21.april

NoreNeset/Os 2 - Halsnøy J14 2-0:

Me reiste med ein godt motivert gjeng for kamp på Os. Der møtte me det beste laget me har møtt. Det var eit veldig jamngodt og fysisk sterkt lag.
Os kom best i gong  i starten av kampen, og pressa oss kjempe hardt. Tankane og blikka som gjekk mellom meg og Jarle på sidelinja var frykt om stortap.
Men jentene henta seg godt inn og fekk snudd kampen, og me hadde mange og kanskje flest sjansar i første omgang, men me klarte ikkje skora mål. Og ein heller tvilsom offside på Elina etter flott gjennomspill av Emma..
Men me må gå til pause med 1-0 til Os. Os skorar eit "drømmemål" på eit flott skudd i kryssen, heilt utagbar for Ovidie i mål.
2.omgang tippa meir mellom laga. Me bytta på kven som hadde presset, men eg må innrømma at Os nok var best her. Dei kom veldig kjapt i angrep og hadde mange spelarar med seg i angrepet. Ei kjempe god bakrekka hos oss gjorde ein knall god kamp.
Midt i omgangen får ein Os-spelar gå litt for mykje med ballen utan at me klarar legga godt nok press, og ho dermend skyt ho i mål og 2-0. Men me hadde og våre sjansar i 2 omgang til utlikning utan å lykkast.
Kjedelig å reisa heim med tap, men me tapte ein kamp der me spelte godt og hadde stor "fighter vilje" i alle jentene.

1.mai
Halsnøy - Skogsvåg  2 - 1:

Jentene var veldig klar på revansj etter tap borte mot Os.
Me går best ut og får eit godt press på Skogsvåg heilt fra start. Dette resulterer i mål allerede etter 10.min.
1-0 Elina, kjempar og holder presset høgt på Skogsvåg og er på rett på plass når det kjem ein retur og setter den i mål.

2-0 kjem etter 20.min.
Siren kjem på høgre kanten og skyt eit godt skudd mot mål. Keeperen til Skogsvåg glipper skuddet, og Silje kjem i stor fart og skyt ballen i mål.
Litt vanskelig å sjå om keeperen mista ballen over målstreken eller om Silje skaut den i mål, så dette målet deler me mellom Siren og Silje...
Pause og 2-0 ledelse

2. omgang. Me har det meste av presset, men me får det likevell ikkje heilt til. Går oss litt fast på midten. Har fleire sjansar, men me klarar ikkje idag heller å omsetje dei til mål. Dette må det trenast på!
Skogsvåg får ein corner halvveis i omgangen,  og ein markeringssvikt gir Skogsvåg utlikning 2-1.
Men heldigvis klarer me holda presset ut omgangen og me vinn kampen på ein halvgode dag :)

- Monica-

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift