Seier mot sterke Bergen Nord

I ein kamp som var prega av den sterke vinden forrige torsdag, vann Trio/Halsnøy G16 1-0 over Bergen Nord. Dermed er ein fortsatt på tabelltopp og står med full pott etter 5 kampar.

I ein kamp som var prega av den sterke vinden forrige torsdag, vann Trio/Halsnøy G16 1-0 over Bergen Nord. Dermed er ein fortsatt på tabelltopp og står med full pott etter 5 kampar.

Bergen Nord hadde plukka godt med poeng dei fyrste kampane og bare tapt mot sterke Tertnes. Nokre forfall hos oss gjorde at me bare kunne stilla med 13 mann denne dagen. Ein av dei som var på reise, var keeper Vebjørn Røssland. Men, Rasmus stod i mål heile 2014-sesongen, så me hadde god backup. 

Rasmus var sikker og god i mål!

I 1.omgang spelte me med sterk medvinden i ryggen. Da gir ein fordel for å halde spelet inne på motstander sin havldel, men da er samtidig vanskelig å bedømme hardhet i pasninger. Sidan me pressa høgt og haldt spelet inne på Bergen Nord sin halvdel, blei det lite bakrom å spela i. Dessverre blei me litt for "trange" i angrepsspelet, der da meste blei pakka inn mot midten. Men, me kom til ein god del sjansar når ein fekk fart på ballen og blei litt meir vane med vinden. Erik og Patrick hadde farlege skudd (skulle bare skutt mykje oftare) like utanfor. Dei 4 fremste, Marius, Niko, Ruben og Håvard, hadde og gode sjansar. Men, ein veldig god keeper hos Bergen Nord, redda det som kom.

3 min før pause får gutane endelig betalt for presset. Henning bryt eit tilløp til angrep frå motstander. Han finn Erik sentralt i banen, som slår ein flott pasning gjennom på venstrekanten til Håvard. Han skjer innover og avslutter kontant til side for keeper, 1-0. Veldig bra av alle tre involverte!

Håvard

Mål av Håvard Vågen.

Leiing til pause mot eit av topplaga, såg ikkje ut til å gleda gutane i pausen. Humøret minna meir om at ein låg under med mange mål. Flott at ein set høge krav til eige spel, men da får kanskje vera måte på:-) Å få til spel ein ynskjer i slik vind er umuleg. Ein vann mange duellar på midten mot robuste motstandera og var veldig trygge i bakre rekker. Framover kunne me nok ønska at ein våga å skyte meir. Litt for mykje skuddvegring i gode posisjonar frå 16-25 meter.

2.omgang og sterk motvind gjorde at Bergen Nord ville få muligheten til å setja oss under press. Men, gutane haldt ballen langs bakken og skapte dei 2-3 fyrste sjansane i omgangen. Marius hadde eit skudd som strauk like utanfor stolpen og Niko small eit knallhardt skudd i tverrliggaren. Utover omgangen utjamna da seg noko og Bergen Nord kom til nokre sjansar - då helst etter dødball. Men, stand-in keeper Rasmus tok seg av det som kom. Veldig bra Rasmus!

Totalt sett vann gutane ein fullt fortent seier. Ingen høydare av ein kamp, men da får forholda ta mykje av skulda for. Ein takla da iallefall betre enn motstander. Forsvaret vårt spelar ein veldig god kamp, der dei bryt mykje foran i 1.omgang og fell av til rett tid når ein har motvind i 2.omgang. Sentralt vinn Patrick og Erik mange duellar og gjer stort sett kloke valg med ballen. Begge må våge å avslutte meir når sjansen byr seg. På topp blir me til tider litt for unøyaktige i kortpasningsspelet. Kantane kjem litt for tidleg inn i banen, når spelet er sentralt. Men, ein jobbar godt og kjem til nokre gode sjansar.

Vegar

Vegar utsatte reisa over fjellet for å få med seg kampen:-)

Neste kamp er fredag 13.mai mot Flaktveit kl 2000. Også den kampen går på Kvednabekkjen. La oss håpa på mindre vind (sjølv om varselet ikkje ser så bra ut).

Laget:

Rasmus E. Sjo, Vebjørn Holmedal, Henning H. Solheim, Vegar Hoff, Oliver Lygresteen, Patrick S. Fjelland, Erik V. Solberg, Ruben Saug, Håvard Vågen, Nikolai Maier, Marius Quam, Marcus Størksen og Sander E. Vevik.

Mål:

1-0 (37) Håvard (Erik)

 

 Verner og Bjarte

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift