J17: Ny seier for Halsnøy jentene

Dagens motstander var Bønes 3 på graset på Sæbøvik. Bønes var ubesiret så langt i sesongen, men møtte massiv motstand i hardtabeidande Halsnøy jenter.

Dagens motstander var Bønes 3 på graset på Sæbøvik. Bønes var ubesiret så langt i sesongen, men møtte massiv motstand i hardtabeidande Halsnøy jenter.

 

Laget: Ellinor, Marielle, Maren, Madel, Silje, Ester, Kristine, Hanna, Sofia, Konstanse og Julie. Vilde og Alida var reservar.

Kampen vart spelt i eit fint duskregn som varte kampen gjennom.

Etter ein jamn start, kom Hil-jentene til mange skuddavslutningar. Kristine hadde to stolpeskudd, samt mange andre gode forsøk.

Både Hanna og Julie hadde nokre halvsjansar som ikkje resulterte i mål. Forsvaret hadde god kontroll gjennom heile kampen og spelte sikkert og bra.

Etter 1.omgang stod det 0-0, sjølv om Halsnøy hadde mest sjansar og spel.

2.omgang starta som første, med eit bra trøkk av hardtarbeidande Halsnøyjenter. Endeleg, 9 minutt ut i andre omgang kom målet; eit glimrande soloraid av Kristine der ho la inn til Hanna som moste ballen i mål, utagbart..

Sjølv om pasningskvaliteten også i dag var varierande, var spelet og skuddviljen, bra, og 22. minutt ut i omgangen gjekk eit av langskudda til Kristine rett i nota.. 2-0 til Halsnøy.

No var det einvegskjøring, og etter 30 minutt vart Julie spelt fri etter flott spel og plasserte ballen flott i mål..

 

Gratulerar med strålande kamp jenter!!

 

Trenerane

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift