Toppkampen enda 2-2

I ein knallhard fotballkamp mellom Austevoll og Trio/Halsnøy, blei til slutt uavgjort 2-2. Kaptein Erik Voster Solberg knalla inn utlikninga i siste speleminutt!

I ein knallhard fotballkamp mellom Austevoll og Trio/Halsnøy, blei til slutt uavgjort 2-2. Kaptein Erik Voster Solberg knalla inn utlikninga i siste speleminutt!

Ingen av laga hadde tapt poeng før laurdagens batalje, som gjekk på ein slitt og kort kunstgrasbane på Austevoll. At da kom til å bli ein tett og hard kamp, hadde me sett for oss lenge. Fiskarsamfunnet ute i havgapet, fostrar ikkje akkurat fløtepusar. Da gjer heller ikkje fiskarøya Halsnøy, andre halvdel av samarbeidslaget. Fram til denne kampen hadde våre gutar stort sett vore eit hakk meir fysisk rusta enn motstanderane, men her møtte ein gladiatorar av samme kaliber. "Clash of Titans":-)

Da blei ei noko oppjaga og nervøs opning på kampen. Begge lag gav motstander lite tid med ballen og feilpasningane florerte. Austevoll var nok hakket betre enn oss, og produserte ein del farlighetar ved å spela langt i bakrom. Dei kom med stor fart og fylte på med folk i og utanfor boksen. Men, heldigvis gjekk avslutningane utanfor eller rett på Vebjørn i mål.

Sjølv blei me altfor utålmodige i oppspelsfasen. Farlige pasningar på tverrs i banen og rot med ball i beina, gav Austevoll mulighet for fleire overgangar. Heldigvis var mange av langpasningane deira upresise. Me blei også altfor høgrevridde i angrep. Alle forsøk på gjennomspel kom på Niko si side, der ein med stor fordel kunne snudd spelet og spelt fri Ruben på venstresida. Me gjorde det litt for enkelt for Austevoll å demme opp. Eit par nesten-forsøk frå Håvard på topp, var det nærmaste me kom fyrste 20 min.

Simen

Simen, "poteta" i laget:-)

Duellane over heile banen vitna om at det var litt ekstra tenning hos begge lag. Her gav ein ikkje ved dørene. Kombinert med ein kort bane (90m), blei det relativt trangt - spesielt på midtbanen, og haugevis med frispark. Henning måtte betale prisen med ein liten pause på 5min, etter gult kort.

25min ut i omgangen får Austevoll frispark frå 17m. Den banker ein Austevollspelar hardt nede i keeperhjørnet og dermed 1-0. Fortjent nok på da tidspunktet. Gutane klarer å heva seg litt utover omgangen og kjem til litt fleire farligheter. Håvard kjem nærast med eit skudd i nettveggen. Men, akkurat då ein føler at me er på veg inn i kampen og har tilrive oss eit lite overtak, så kontrer Austevoll. Lynhurtige angripera kjem i overtal og speler til slutt fri ein spelar sentralt. Og vips 2-0 like før pause:-(

Ein stille forsamling ruslar mot benken og virkar relativt oppgitte. Her har dei ikkje fått mykje til å stemma. Litt egen skyld, men all honnør til Austevoll, som vann 1. del av "krigen". For fyrste gong i år ligg laget under i ein kamp. Nå må ein visa at ein meistrar det og, for det kampar mot andre gode lag ein ynskjer , og då må ein rekne med å måtte arbeide hardt for poenga. Me gjer litt om på oppsettinga i laget. Simen flytter inn i midtforsvaret og Henning opp på midtbanen. Oliver kjem inn på back og Marius tar seg ein pause, etter å ha jobba knallhardt i duellar i 1.omgang. Erik og Patrick blir nå indreløpera foran Henning.

Rasmus

Flott scoring etter corner frå Rasmus.

Opninga av 2.omngang vitnar ikkje om noko stor snuoperasjon, men etterkvart kjem maskinen i gong. Ein får stressa fram fleire feil hos motstander og kjem til stadig større sjansar. Spesielt Erik hevar seg mange hakk denne omgangen. Både Ruben og Håvard er svært nærme scoring etter frispelingar. Litt ut i omgangen må Vebjørn Holmedal gi seg pga overtråkk og Rasmus kjem inn. Han markerer seg tidlig med gode initiativ og evnen til å halde på ballen på topp, til kantspelerane kjem på løp. 15min ut i omgangen kjem me på overgang langs venstresida. Ein snur spelet innover og Patrick kjem ein-mot-ein mot ein midtstoppar. Rasmus spring seg fri til høgre, får ballen og smell til - men, keeper får såvidt slått til corner! Me har hatt nokre farlege cornera tidlegare i kampen og håpar å få utelling nå. Nydelig lagt inn av Oliver og der stig Rasmus til vers og header inn reduseringa til 2-1! "Nu kjør vi grabbar"!

Tempraturen stig endo nokre hakk i kampen og duellane er heile tida på grensa til det lovlege. Mange frispark ein periode gir sjanser begge vegar, men utan resultat. Marius kjem inn igjen siste kvarteret, for ein sliten Henning. Han går rett inn på topp saman med Rasmus. Her er da bare å satse alt. Klokka passerer etterkvart full tid. Og akkurat då alt virkar å gå mot gjengen sitt fyrste tap, tar kapteinen ansvar. Erik, som har jobba knallhardt i 2.omgang, viser at her er ingenting tapt før "the fat lady sings". Han får ballen til venstre, litt utanfor 16-meteren. Og på ekte Gerrad-vis, banker han til på direkten og ballen smell inn under keeper i næraste hjørne, 2-2!! Feiringa taler vel sitt tydelege språk om kva dette betydde for han og heile laget. Han riv av seg trøya, spring 50m, tar ein dårleg forlengs rulle og blir overfalt av medspelera:-))) At han får gult kort og må stå over dei siste 2 min, trur eg ikkje han brydde seg mykje om. Og da fekk heldigvis ikkje noko konsekvens å spela med 10 mann på slutten. For kampen enda 2-2. Austevollingane delte vel ikkje akkurat vår glede, der det hagla bosspann og liknande etter kampslutt. Da var høgare temperatur under topplokket, enn i lufta:-)

Erik

Erik, avslutta ein god 2.omgang med scoring.

Austevoll var minst like gode som me hadde rekna med. Dei hadde hurtighet, duellkraft og gode enekltspelera. Eit veldig jamnt lag, som i stor grad spelte veldig likt Trio/Halsnøy. Hyggelege folk rundt laget, som tok godt imot oss. Så får det heller vera at da blir litt temperatur blandt spelerane. Slik skal det vera i toppkampar!

Gutane skal ha all muleg honnør for innsats og tæl. Ein gav aldri opp og stod på til siste slutt. Spelemessig blei det ikkje sesongbeste, men det gav heller ikkje Austevoll rom for. Eit uavgjortresultat som dette, smaker nesten like godt som seier.

Laget:

Vebjørn Røssland, Vebjørn Holmedal, Vegar Hoff, Henning H. Solheim, Simen Mehammer, Patrick S. Fjelland, Erik V. Solberg, Marius Quam, Nikolai Mayer, Ruben Saug, Håvard Vågen, Oliver Lygresten, Rasmus E. Sjo og Marcus Størksen (spelte ikkje grunna hoven og vond ankel).

Mål:

2-1 Rasmus (Oliver), 2-2 Erik (Marius)

 

Verner og Bjarte

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift