Stranda stoppa Trio/Halsnøy G16 i Norway Cup

Med relativt godt ver, overnatting på hotell og mykje bra fotball var Norway Cup atter ei stor oppleving.

Med relativt godt ver, overnatting på hotell og mykje bra fotball var Norway Cup atter ei stor oppleving.

Trio/Halsnøy G16 hadde som mål å fyrst gå til A-sluttspel og så fekk ein sjå kor langt kvalitet og innsats kunne ta oss.

Her er ei lita oppsumering av kampane:

Trio/Halsnøy - Gimse IL 2 RES: 6-1

Gutane var særs spelesugne og tok fullstendig lurven av Gimse i 1.omgang. Niko hamra inn 3 mål før det var gått 6min og etter ei unødvendig redusering like etter, så satte Rasmus inn 4-1. Me pøste på vidare og Gimse var knapt over midten. Utallige sjansar, annulerte mål og tverrliggertreff. Da var ein sjansebonanza utan like. Før omgangen var ferdig (dei varer 25 min) hadde Håvard putta to til slik at resultatet var 6-1.

2.omgang blei slik det ofte blir når ein leiar komfortabelt. Mindre lagspel, meir ein-og-ein og sløsing med sjanser. Gimse var vel knapt over midten, så ein hadde full kontroll. 

Niko scora 3 mål i løet av 6 min.

 

Trio/Halsnøy - Vestsiden Askøy RES: 4-1

Dette var einaste kampen me spelte i dårleg ver. I 1.omgang bles det kraftig, tordna og regna godt. Dette var og fyrste kamp på gras (Ekeberg). Spelet gjenspeila vel forholda. Men, me opna kampen bra og leia 2-0 etter 6 min, etter scoringar av hurtigtoga Niko og Ruben. Vestsiden Askøy har nokre særs robuste spelera som går knallhardt til i duellane - helst noko seint inne. På ei klarering bakfrå og litt dårleg timing i bakre rekker, reduserer dei til 2-1. Men Marius roer nervene til laget, då han set inn 3-1 rett før pause på roleg og kontrollert vis.

Sola kom i 2.omgang, og gutane hadde full kontroll. Motstander hadde vel knapt ein sjanse, medan me produserte 3-4 store. Ruben var den einaste som klarte å scora i denne omgangen til 4-1, og ein var klare for A-sluttspelet allereie.

2 mål av Ruben

Trio/Halsnøy - Faaberg RES: 2-1

Me følte vel at laget hadde litt å gå på etter dei 3 siste omgangane ein hadde spelt. Spesielt måtte ein få opp aggressiviteten og vera flinkare til å halde ballen i laget om ein ville slå solide Faaberg, og vinne pulja. Dei hadde, som oss, vunne begge kampane dei og. Me hadde scora fleire mål, slik at uavgjort var nok.

I strålande ver var det me som kom best i gong. Niko kjem rundt på kant. Flott innlegg, som blir satt nydelig i mål på hovudet - av motstander, 1-0. Då var da gått 3min. Men, bare 4 min seinare utliknar Faaberg etter styring på frispark, 1-1. Kampen går føre seg i stort tempo og det manglar ikkje på duellar. Begge lag har raske angripera, som truer bakrom heile tida. Hos oss er både Niko og Håvard nære ved å gi oss leiinga, men stillinga står seg til pause.

Solid kamp av Vegar i bakre rekker.

2.omgang vitnar om at det står litt på spel og begge lag kriger meir enn å etablere noko bra spel. 10min før slutt går me opp i leiinga 2-1 etter nok eit sjølvmål. Ruben skal ha stor del av æra for å ha pressa fram dette målet. Så 2 min før slutt får Faaberg straffe. Men heldigvis blåser dei den langt over mål. Gutane vinn dermed alle kampane i puljespelet og er klare for 1/64-finale, der dei er sikra å møta eit lag som blir nr. 2 i si pulje.

 

Trio/Halsnøy - Sauda RES: 3-1 (1/64-finale):

Nesten som lokaloppgjer å rekne dette. Og fryktelig tidleg med kampstart kl 0800. Vinn eller forsvinn nå, så her gjaldt det å gjera kloke valg med ball, ha topp innsats og setja sjansane. Me opner kampen best og har eit par gode sjansar ved Marius og Erik. Håvard får eit mål tvilsomt annulert for offiside. Sauda er litt med i kampen siste del av omgangen, men det blir sjeldan farleg. I motsatt ende er Håvard cm frå å setja inn ein retur etter skudd frå Erik. Ikkje heilt topp omgang av oss, med for mange balltap. 

Patrick stanga inn den viktige utlikninga

Sauda tar avspark bakover (som nå er lov) og nestemann fyrer av får 10m inn på egen halvdel. Ballen går i flott bue over Vebjørn og i mål, 0-1.....ein skikkelig kalddusj. Gutane presser nå på for utlikning, men kjem ikkje gjennom ein 10-mann stor forsvarsmur. Men, på ein flott slått corner frå Simen, stig Patrick til værs og stanger inn 1-1, 15min før slutt. Dei neste 10 min er svært lite velspelt. Sauda banker ballen langt opp i banen kvar gong dei kan og me mister ballen for lett. Men, 3 min før full tid tar bursdagsguten Marius gaven i egne hender og banker inn 2-1 frå 18meter. Og rett før dommaren bles av kampen, set Niko inn sluttresultatet 3-1.

Bursdagsbarnet Marius gav oss leiinga 2-1

Gutane er klare for 1/32-finale og har vist at dei står kampane ut.

Trio/Halsnøy - Stranda RES: 0-3 (1/32-finale):

Gutane varmer opp til 1/32-finalen

Gutane hadde ca 7 timer kvile etter kampen mot Sauda, før Stranda stod for tur på Ekebergsletta. Kvile på hotellet kom godt med. Me hadde utsendingar som hadde sett Stranda slå Stoppen 2-0 i sin 1/64-finale. Dei var veldig godt organisert og låg relativt lavt. Men, ikkje betre enn at det skulle vera mogleg å slå dei.

Me opna kampen noko nervøst og klarte ikkje å ta heilt tak i kampen. Og bare 6 min ut i kampen, scorer Stranda etter eit nydelig gjennomspel, 0-1. Me har store deler av ballinnehavet, medan Stranda satser på å slå langt på lynhurtige angripera (sjeldan Vegar og Vebjørn blir tilnærma parkert i bakre rekker, som mot spissen til Stranda). Patrick fyrer av på frispark, men keeper får fingertuppane på, før Niko brasser ein ball frå hjørna av 16-meter og inn i mål - i følge nøytrale som stod langs linja. Men, dommar såg det dessverre ikkje slik.....

Sjølv om me ligger under til pause har me god tru på at ein kan snu dette. Me har vore det førande laget og venter bare den rette sjansen. Og me opnar 2.omgang med ein stor sjanse, som endar oppe på netttaket. I nesten heile omgangen er spelet inne på Stranda sin halvdel, men me får dessverre ikkje satt ballen i mål. Og, når me kaster alle mann i angrep mot slutten, så blir det godt med rom for hurtigtoget til Stranda. Han putter 2 stk dei siste 2 minutta og dermed taper me 0-3.

Utruleg surt å tapa og bli slått ut av eit lag me burde slått. Men, Stranda brukte styrken sin til fulle og fekk dermed møta brasilianske Pequeninos Do Jockey i 1/16-finalen (som dei tapte 3-0).

Sportsleg var Norway Cup bra. Ikkje heilt på toppnivå, men det er sjeldan ein får oppleve på dei ujamne banane. Gutane viser i periodar at dei er eit godt lag, med stor innsats og evne til å ta ut litt ekstra. Når ein nå i haust skal spela på høgaste nivå i G16-sereien i Hordaland, må ein nok opp nokre hakk til i kvalitet med og utan ball. Men, ingen skal få ta oss på innsats.

Dette var fyrste året ein budde på hotell og det angra ein ikkje på, verken gutar eller trenera. Med foreldre og søsken så var ein totalt 51 stk som budde ved Sørmarka Konferansehotell. Roleg område sør for Oslo, der ein hadde stort område ute å boltra seg på, med blandt anna sandvolleyballbane og badevatn. Og som vanleg, var oppførselen til gutane god.

Takk for turen! 

Verner og Bjarte

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift