Bare nesten for Trio/Halsnøy G16

Gutane tapte 2-3 for solide Gneist, men skal vera stolte over det dei presterte mot favoritten til kretsmestertittelen.

Gutane tapte 2-3 for solide Gneist, men skal vera stolte over det dei presterte mot favoritten til kretsmestertittelen.

Gneist vann 1.div i vår og er vel favoritt til å bli kretsmester i haust og. Norges største breddeklubb har heile 5stk 11er lag i G16, så dei har rikelig med spelera å ta av:-) Å starta hausten i 1.div mot dette laget, ville iallefall gi gutane ein indikasjon på kva nivå som er i toppen. Men, ein var innstilt på å gi laget frå Blomsterdalen kamp om poenga.

Gneist opnar kampen klart best og viser at dei har eit lag med mange gode fotballspelera, som er flinke med ball og har gode bevegelsar. Dei fyrste 10 minutta har vel dei 2 stolpeskudd og gir oss knapt mulighet til å etablera spel på deira halvdel. Men, etterkvart som nervøsiteten roar seg, så jobbar gutane seg inn i kampen. Alle jobbar iherdig for å dekka rom og å stressa motstander til balltap. Og etter 12min er me nærme å ta leiinga etter å ha brutt i midtbaneleddet og satt fart framover. Rasmus blir spelt fri, men blir blåst av for det som må vera ein marginal offside. Håvard må dessverre gi seg for dagen, då han får ballen i fjeset og kutt i tunga, og Ruben kjem inn.

Etter å ha jobba seg inn i kampen, slepp me inn eit forferdelig enkelt mål etter corner. Ein lav corner mot fyrste stolpe, går på forunderligvis inn i mål og det står 0-1:-(. Den var irriterande for gutane. Like etterpå er Holmedal på raid oppover høgrekanten. Han passerer eit par mann og speler inn sentralt. Ballen blir rulla vidare ut til Ruben på venstre hjørne av 16-meteren, men han styrer ballen utanfor lengste stolpe. Gneist går rett i angrep opp langs høgresida og slår inn framfor mål. Ingen får avskore pasningen og ein Gneistspelar styrer ballen enkelt i mål til 0-2:-(. Dette var og eit mål som virkar litt for enkelt.

Iskald redusering av Marcus til 1-2

Men, gutane gir ikkje opp og tar over banespelet siste 15min av omgangen. Ein er tettare i press og kjem til eit par gode sjansar. Ruben skyt over mål etter igjen å ha blitt spelt fri på venstre. Me byter nokre spelera for å få inn friske bein i varmen og klarer å oppretthalde trykket. Da er mål i sikte og reduseringa kjem 5 min før pause. Erik kjem seg fri i mellomleddet og finn Marcus, som er på løp opp venstresida. Han stormer mot keeper og chippar ballen enkelt i lengste hjørne til 1-2! Flott mål gutar. Heilt mot slutten av omgangen blir begge lag redusert til 10 mann i 5min, då fyrst Patrick får gult kort for å ytra missnøye med ei dommaravgjerd (heilt greit ut frå der dommar Myrvold legg lista) og Gneist for eit eller anna uforståelig......

Pausen gjer nok godt for begge lag, då da har vore høgt tempo og mange duellar i varmen. Sjølv om Gneist har vist at dei er eit veldig godt lag, har ein trua på at ein kan snu denne kampen og. Ein må bare utnytta sjansane og jobba som slavar (er det lov å sei lenger...?)

2.omgang starter egentlig ganske rotete for begge lag. Tempoet er betraktelig lavare og ingen av laga kjem til nokre særs store sjansar. Me har eit par tiløp der kantspelerane våre i Ruben og Niko er nære på å koma fri, men Gneist får ordna opp i siste liten. I andre enden er Gneist på eit par visittar, men Røssland i mål, blir ikkje satt særlig på prøve. Ikkje før det bare er 12min igjen. Då stormer Gneist oppover høgrekanten og kantspelaren slår eit nydelig innlegg, som på mesterlig vis blir heada i mål, 1-3. Lite å gjera med den. Men, gutane gir ikkje opp. Erik vinn ballen etter rot i Gneistforsvaret og stormer mot mål. Dessverre er den ellers så ballsikre guten litt uheldig med touchen når han skal passere siste mann, og sjansen blir avverga. Men, 1 min før full tid er Erik på farten igjen. Han passerer nokre spelera og smell ballen i hjørna frå 16 meter, 2-3! Dei siste minutta klarer me desssverre ikkje å skape mulighet for redusering og taper kampen 2-3.

Erik banka inn 2-3!

Gneist vinn nok fortent ut frå spel og sjanser, men gutane viser i store periodar at dei kan halde tritt mot eit av laga som kjempar om tittelen. Me veit kva me må jobbe vidare med på trening og har trua på at laget skal få ytterliggare stigning i prestasjonar utover hausten. Nå er det over ei veke til neste kamp, som er borte mot Austevoll søndag 28.mai, så ein får nytta tida godt gutar. Me gler oss til å sjå at kvar og ein får ut endo meir av sitt potensial:-)

God defensiv jobb av Simen!

Laget:

Vebjørn Røssland, Vebjørn Holmedal, Vegar Hoff, Henning H. Solheim, Simen Mehammer, Patrick S. Fjelland, Erik V. Solberg, Marius Quam, Håvard Vågen, Nikolai Mayer, Rasmus E. Sjo, Marcus Størksen, Daniel Normann, Ruben Saug.

Mål:

0-1 (17), 0-2 (23), 1-2 (36) Marcus (Erik), 1-3 (68), 2-3 (79) Erik

- Verner og Bjarte-

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift