Ein thriller av ein fotballkamp!

Trio/Halsnøy låg under 3-1 til pause i bortekampen mot Austevoll, men snudde kampen og vann til slutt 3-4!

Trio/Halsnøy låg under 3-1 til pause i bortekampen mot Austevoll, men snudde kampen og vann til slutt 3-4!

Austevoll rykka opp til 1.div saman med oss etter vårsesongen. Dei slo oss på målskildnad og vann pulja. Vi møttes også då hos Austevoll, der kampen enda 2-2. Den gang utlikna Erik V. Solberg heilt på slutten med ein susar i hjørna. Me såg vel for oss ein tett og jamn kamp denne gangen og. Heldigvis skulle me denne gang få spela på den nye kunstgrasbanen. Den gamle var noko liten og slitt.

Me visste at Austevoll hadde god fart i fremste rekker og hadde som mål å fyrst hindre oppspel i bakrom, samtidig som forsvaret måtte falle av når det ikkje var press på ballførar. Me lukkast vel ikkje akkurat med dette dei fyrste 20 minutta:-( Fyrste målet til Austevoll kjem allereie etter 1 min. Ein spelar sklir gjennom både midtbaneledd og forsvar, som varm kniv i smør, og set enkelt inn 1-0....... Der såg me ut som tilskuera:-(. Men, gutane rister av seg opningssjokket og køyrer på. Spesielt er me aktive på venstresida, der Niko og Erik kombinerer fint. Og etter 5 min er det nettopp samspel mellom dei to som gir oss utlikning. Niko går innover i banen og legg igjen til Erik. Han avanserer nokre meter og banker ballen i nettaket til 1-1!

Kampens store spelar Erik V. Solberg!

Kampen forsetter i eit veldig høgt tempo der spelet bølger fram og tilbake. Ein austevolling kjem åleine med Vebjørn, men sisteskansen vår reddar mesterlig. I motsatt ende har me ein haug med cornera, og Henning er veldig nærme å gi oss leiinga på ein volley, som blir blokkert. Me har trykket i denne perioden, men Austevoll er svært farlig på kontringar og oppspel i bakrom. Etter ein corner til dei, der me er på veg ut, slår dei ballen inn igjen i bakrom og vips står det 2-1:-(. Me fortsetjer å trykke på mot deira mål, men utallige cornera endar dessverre med ingen utelling. Og 20 min ut i kampen kjem akkurat det me frykta mest frå Austevoll - langt oppspel diagonalt i bakrom. Den raske venstrekanten deira lurer seg bak Vebjørn H. på backen og set inn 3-1......Austevoll er dødelig effektive!

Kampen roar seg ned litt og me blir flinkare til å halde ballen i laget. Austevoll får knapt låne ballen ein periode, men me skaper ikkje allverden dei neste 10 minutta. Men, mot slutten av omgangen får me 3 store sjanser. Fyrst ved Rasmus, som header like over etter innlegg. Så vinn me ballen tilbake på midten og Patrick speler ein nydelig stikkar gjennom til Håvard. Han finn Niko framfor mål (sjølvsagt), men keeper redder mesterlig. Erik kjem også i glimrande posisjon til avslutning, men høgrefoten har ikkje same innstilling som venstreslegga:-) I motsatt ende er det også farleg, der Austevoll set ballen i stolpen.

Ein merkelig 1.omgang, der me i store deler har god kontroll og produserer mange målsjanser. Men Austevoll er meir effektive og leiar 3-1. Me blir enige om å ta ned tempoet litt når me har ball. For ein har sett at Austevoll slit med å henga med når me speler ball og set opp trekanter. I vår låg gutane også under med 2 mål til pause. Denne gang bestilte trenerane 3 mål i 2.omgang og potte-tett forsvar. Og gutane, som tidlegare har vist dei har ein egen evne til å snu kampar, gjekk til verket med godt mot.

Henning ruva i midtforsvaret!

3 min ut i omgangen kjem det ein spesial frå kaptein Erik. Han tar med seg ballen forbi nokre austevollingar, drar ballen over på venstrefoten og banker ballen i motsatt hjørne frå 23 meter (nøyaktig..) til redusering 3-2! Gutane triller ball og Austevoll begynner å sjå noko slitne ut. Fleire tilløp oppover høgresida der Håvard, Vebjørn og Daniel kombinerer fint, og ein kjem i glimrande innleggsposisjon. Dessverre er innlegg og avslutningar litt upresise, eller ein knakande god keeper står i vegen. Austevoll på si side slår bare langt, men forsvaret har nå justert seg og tar alt som kjem. Spesielt Henning framstår nå som ein bauta i midtforsvaret, der han rydder unna både med hovudet og beina.

Utlikninga til 3-3 er vakker frå start til slutt. Gutane starter spelet bakfrå og speler seg flott gjennom ledda til Austevoll. Håvard får ballen ute på høgresida og går til dødlinja. Inne framfor mål er sjølvsagt Niko, som ekspiderer det presise innlegget i mål med ein flikk med hælen. Tårevått flott, der mange var involvert!

Luftens baronar! Marius og Patrick taper nesten ingen hovudduellar på midten.

 

Gutane har ikkje tenkt å seia seg nøgde med uavgjort. Austevoll blir meir og meir slitne og det skaper større rom for banens gigant Erik, i 10-er rolla. Han viser til tider fram sin strålande teknikk og lurer austevollingane trill rundt. Synd ikkje fleire raid blei krona med scoring. 30 min ut i omgangen må Austevoll sin keeper ut i full strekk etter ei flott avslutning frå Niko. Den redningen fortente ein stor applaus! Men, 3 min seinare måtte keeperen sjå seg slått. Igjen speler me ballen flott frå spelar til spelera og Erik spelar til slutt fri Håvard. Åleine med keeper er han kald som vestlandssommaren (sitat Ørjan), plasserer ballen under keeper og me leiar 3-4

Gutane jobber fantastisk dei siste minutta av kampen og slepp ikkje Asutevoll til avslutningar. Rett før slutt, kjem Niko gjennom og lobber ballen over keeper. Håvard forfølger ballen, som er på veg mot stolpen, og priker den over streken. Ein forsvarsspelar kjem til og sparker den ut igjen. Dommar vel å oversjå målet, då han meiner han ikkje kunne vera sikker på at den var inne. Heldigvis fekk det ikkje noko å bety for utfallet av kampen, då gutane kontrollerer inn til fløyta går. At det betyr litt ekstra å vinna slike tette kampar, kjem tydeleg fram av jubelsenane.

Håvard spela ein veldig god kamp!

Ein veldig hektisk 1,5 time, der ein opplever alt som gjer at fotball er slikt eit fantastisk spel. Frustrasjon over litt enkle baklengsmål, taklingar det luktar svidd av, høgt tempo, flott spel og til slutt siger etter å ha vore under med 2 mål. Som trenera er me veldig imponert over gutsen og viljen i laget. Ein gir seg aldri og har evner til å varierere spelet frå gjennombruddshissig til meir etablert. Alle 14 bidrar og står på kampen ut. Og ein viser at laget står 2x40min betre enn Austevoll. Dette var ein stor lagsiger, der Erik V. Solberg toppa prestasjonen til laget med ein eventyrlig god kamp!

Fana kjem på besøk til Kvednabekkjen fyrstkomande laurdag. Målet må vera samme instilling og mange mål, men litt mindre baklengsmål. Trenerane er begynt å dra på åra og hjartefeil kan oppstå om me skal måtte oppleve så tette kampar kvar helg:-)

Laget:

Vebjørn Røssland, Vebjørn Holmedal, Vegar Hoff, Henning H. Solheim, Simen Mehammer, Patrick S. Fjelland, Marius Quam, Erik V. Solberg, Nikolai Mayer, Ruben Saug, Rasmus E. Sjo, Marcus Størksen, Håvard Vågen, Daniel Normann.

Mål:

1-0 (1), 1-1 (5) Erik (Niko), 2-1 (12), 3-1 (20), 3-2 (43) Erik, 3-3 (55) Niko (Håvard), 3-4 (71) Håvard (Erik).

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift