Uavgjort mot Fana

Trio/Halsnøy G16 tok imot Fana heime på Kvednabekkjen laurdag. Ein brukte igjen ein omgang på å vakne og måtte ta til takke med uavgjort 2-2.

Trio/Halsnøy G16 tok imot Fana heime på Kvednabekkjen laurdag. Ein brukte igjen ein omgang på å vakne og måtte ta til takke med uavgjort 2-2.

I dei to fyrste kampane i haust, har gutane brukt ein omgang på å få maskineriet i gong. Mot Fana på laurdag var planen å trø til frå start og setje press på motstander med ein gong. Trur kanskje ein må vurdera å forklare "trø til frå start" litt betre...:-)

Kampen opnar relativt jamnspelt, der ein tidleg ser at Fana har spelera med god teknikk og fart. Og sentralt på midten virkar dei solide. Me kjem til fyrste store sjansen etter 5 min. Erik kjem seg til dødlinja på venstre og finn Håvard framfor mål. Dessverre set måljegeren ballen over mål. Når da gjaldt planen om å trø til frå start, så er det vel egentlig bare Håvard som gjorde ord til handling i fyrste del av omgangen. Han var "på" i duellane på si venstreside og pressa fram ein del feil. Bare synd at ikkje fleire var tettare oppi situasjonane, slik at laget kunne dra nytte av dette.

Me har ein kollektiv dårleg touch i store delar av omgangen. Alle bruker lang tid på å få kontroll på ball og ikkje minst lang tid på å spela ballen vidare til betre plassert spelar. Det siste litt uforståeleg, når spelerane sjølv er med på avgjera kva som fungerer best for å skapa sjansar og hindra balltap. For når me mista ballen, var Fana hurtige i omstillinga. Fleire tilløp til sjansar oppstod på denne måten, der raske angripera blei spelt fri i bakrom.

Håvard kjempa godt gjennom heile kampen

Men det var på corner det fyrste baklengsmålet kom. 15.min ut i kampen får ein Fanaspelar gå opp upressa i feltet og stanger inn 0-1. Flott prestasjon av ein høg spelar, men me kunne nok forstyrra han litt meir der. Me produserer nokre halvsjanser, og då helst opp langs vår venstreside. Men, den siste pasning eller avslutningane er for upresise. Fana leiar fortent nok til pause. Ein pause som går med til å få gutane til å innsjå kva som må betrast. Ein må vera tettare i duellane og vinne 2.baller, for å skape ubalense hos motstander. Og så må ballen gå mykje hurtigare mellom spelerane og ikkje minst må ein vera flinkare til å vende spelet. Gå ut og spel etter planen - enkelt og greit!

God 2.omg av Vegar.

Fyrste 5 min av omgangen går med til å få spelerane opp i intensitet. Og etterkvart så vinn ein nesten alt som er av duellar og sjansane byr seg. Erik og Niko kjem til eit par gode skudd, men enten går dei til side/over mål, eller så redder ein veldig god Fanakeeper. 15 min ut i omgangen får me endelig utlikninga. Ein corner blir stussa vidare til Henning, som står umarkert på motsatt side. Han banker ballen oppi motsatt hjørne og dermed 1-1. Kampen roar seg litt, men gutane har god kontroll og fører kampen. Allikevel er det Fana som igjen går opp i leiinga. Fana bryter og spelar ballen opp til spiss. Litt for mange i forsvar er opptatt av duellen, og det blir stort rom til å spela fri ein spelar på gjennomløp, som lobber ballen over skuldera til Vebjørn og i mål, 1-2.. Ein skrik på offside, men dommar Sæther gjer nok rett i å ikkje blåse. 

Med 15 min igjen av kampen er da endo tid til både utlikning og seiersmål. Og gutane presser på, men møter ein forsvarsmur av Fanaspelera. Me blir litt for smale i angrepsspelet (igjen), då kantane våre kjem inn i banen for tidlig eller backane ikkje kjem rundt på kant. Angrepa blir dermed stort sett avslutta sentralt i banen. Og Erik er veldig nærme, då han frå 20 meter brenner til og ballen stryk utsida av stolpen. 5 min før slutt har Henning flytta seg opp i banen. Han mottar ballen på 25 meter og finn ingen å spela ballen til. Dermed er da bare å prøve på avslutning og med ei blanding av tåskudd/vristspark, så knaller han ballen inn i nota til venstre for keeper, 2-2!! Og i siste speleminutt får Simen alle tiders mulighet til å avgjera kampen, då han plutseleg blir ståande åleine framfor keeper. Frå 7 meter set han uheldigvis ballen i stolpen. Dermed ender det med poengdeling.

Farlegaste angrepsvåpen: Midtstoppar Henning

For oss trenera var det frustrerande å sjå 1.omg og gledelig å igjen sjå korleis ein hevar seg i 2.omg. Men, totalt sett så er me ikkje heilt fornøyd med kampen, utifrå kva me veit gutane kan. Det var unormalt tamt, spesielt i 1.omg. Ein kan lærer mykje av det som ikkje fungerer, så lenge ein er klar over det og gjer noko med det til neste kamp. Det gjekk ikkje denne gang, men håpar da kjem seg til neste og at me då kan spela ein god 1.omg for ein gong skuld:-) (Må sjølvsagt bare fortsetja å spela gode 2.omg..)

15-åringen Tarmo debuterte.

Neste kamp er heime mot Os, onsdag 14.oktober (om då ikkje me flytter kampen mot Brann, og dei kjem ned til oss fyrstkomande helg)

Laget:

Vebjørn Røssland, Ruben Saug, Vegar Hoff, Henning H. Solheim, Simen Mehammer, Patrick S. Fjelland, Marius Quam, Erik V. Solberg, Nikolai Mayer, Håvard Vågen, Rasmus E. Sjo, Marcus Størksen, Tarmo Tars.

Mål: 0-1 (15), 1-1(55) Henning, 1-2 (65), 2-2 (75) Henning

- Verner og Bjarte-

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift