2 tap for G16-1

Fortjent 1-5 tap mot Brann laurdag og eit forferdelig surt 2-3 tap mot Os onsdag. Uansett god matching for gutane på Trio/Halsnøy G16-1.

Fortjent 1-5 tap mot Brann laurdag og eit forferdelig surt 2-3 tap mot Os onsdag. Uansett god matching for gutane på Trio/Halsnøy G16-1.

Trio/Halsnøy - Brann, laurdag 10.sept: 1-5

Brann stiller lag i både 1.div Hordaland og i den nasjonale G16-serien. Laurdag hadde dei med eit veldig godt lag, der 7 av spelerane normalt spelar i nasjonal (og nokre også på Brann 2 senior). Gutane våre stod dermed overfor den største testen så langt i karrieren. Her var det "amatørane" mot "proffane", David mot Goliat. Heilt supert!

Brann hadde mykje av spelet i starten utan at me slapp dei til store sjansar. Me visste at ein måtte spela displinert og hindra Brann rom. Men, mot teknisk veldig gode spelera, der alle er pasningssikre  og har over gjennomsnittet gode 1.touch, så er det tøft. 7 min ut i kampen kjem Brann sin angripar seg fri og set fart mot mål. Vegar jager og leder spissen vekk frå mål. Men, uheldigvis så hekter han spelaren og dommaren bles straffe. Vebjørn reddar straffen mesterlig, men resten av gjengen sover på returen og Brann set inn 0-1...:-( Godt at Vebjørn er ein sindig keeper, for ellers ville medspelerane fått det glatte lag - og det med rette!

Utover omgangen kjem me meir inn i kampen og har feire gode tilløp til målsjansar. Men, det skorter litt på siste pasningen og avslutninga. Brann har 2 store sjansar, der Vebjørn redder mesterlig. Alt i alt ein grei omgang, tatt motstanden i betraktning. Dei har ballen mest, men hadde me vore litt meir "på" når ein vinn ballen, så var det store rom å utnytta framover. Normalt så hevar gutane seg utover i kampane, så ein var rett optimistisk før 2.omgang.

Men, Brann skrudde opp tempoet og gav oss ein leksjon i pasningsspel, bevegelse, teknikk og valg med ball utover kampen. Dei auka til 0-2 5min ut i 2.omg, der me ikkje får klarert utanfor 16-meter, og ein Brannspelar får skutt ballen i bue over Vebjørn og i mål. Like etterpå får gutane allikevel eit håp. Rasmus presser forsvaret til Brann og vinn ballen. Han finn Ruben framfor mål, som kontrollert set inn 1-2! I minutta etter scoringen mobiliserer gutane ekstra for å prøve å stresse Brann høgare oppe i banen. Me vinn ein corner og er veldig nære utlikning.

Fantastisk kamp av Vebjørn R.!

Ser ein bort frå dei 5min etter reduseringa, så har gutane i realiteten ikkje ein sjanse. Da er veldig tungt å jage ball, for så å mista den igjen nokre få trekk seinare. Og utover omgangen tar kreftene slutt. 15 min før slutt auker Brann til 1-3, på ein knallhard heading etter corner, av spelaren som var Brann sin beste (Mjøs, eit navn å merke seg). Brann auker til 1-4 og 1-5, før dommaren bles i fløyta og meiner nok for vera nok. Vebjørn Røssland i mål, spelar sin beste kamp nokon gong. Han redder nok laget frå å tapa med større sifre. Veldig bra Vebjørn!!

Det skal vera forskjell på laga, når Brann sine spelera er plukka ut frå heile Bergensregionen. Og dei viser at kvaliteten i alle spelets faser er nokre hakk over det våre gutar har inne. Nesten ingen feilpasningar og enormt mange kloke valg med ball. Speler på veldig liten risiko og venter på at opningane skal by seg. Om Brann hadde stilt med dette laget i alle kampar i 1.div, så hadde dei nok vore heilt i toppen vil me tru. Aldri kjekt å tapa med store siffer, men ein kan læra mykje av å spela mot så gode lag - om ein vil.  

Laget: Vebjørn Røssland, Vebjørn Holmedal, Vegar Hoff, Henning Solheim, Simen Mehammer, Patrick S. Fjelland, Marius Quam, Ruben Saug, Nikolai Mayer, Håvard Vågen, Rasmus E. Sjo, Marcus Størksen, Daniel Normann.

Mål: 0-1 (7), 0-2 (45), 1-2 (50) Ruben (Rasmus), 1-3 (65), 1-4 (70), 1-5 (77)

 

Trio/Halsnøy - Os, onsdag 14.sept: 2-3

Os kom på 2.plass i 1.div i vår og satser på å vera med å kjempa om tittelen i haust. Me møtte Os også i fjor, og gjekk på eit solid 1-6 tap. Men, den gong var nesten heile laget deira eit år eldre enn våre 1.års gutar, så me hadde god tru på at me kunne gje dei større kamp i år.

Kampen starta jamnt, der begge lag var flinke til å stenge rom. Gutane våre virka å vere lystne på å riste av seg stortapet mot Brann og var virkelig på hugget. Os viste tidleg at dei var eit lag som likte å halde ballen i laget, men som lett blei stressa når me satte inn presset høgt i banen. 9 minutt ut i kampen presser Håvard fram feil hos backen til Os på venstrekanten. Han speler vidare til Erik, som kjem seg til dødlinja og slår ein perfekt ball inn framfor mål til Ruben - 1-0! Akkurat som planlagt gutar! 

Årsbeste av Ruben i 1.omg!

Men, bare 3 minutt seinare får Os corner. Me får delvis klarert, men ballen kjem inn igjen i feltet og Henning handser i det han skal opp å heade ballen ut. Straffen set Os kontrollert i mål til 1-1. Kalddusj å få den i fleisen like etter å ha scora sjølv, men da er bare å fortsetje med same innstilling. Og det gjer virkelig gutane. Me ligg flott balansert når Os har ballen og er veldig aggressive i presset når sjansen byr seg. Vinn me ballen gunstig, så er det full fart i lengderetningen. Da er og flott å sjå at ein og vågar å halde ballen i laget når Os er organsiert. Men, det er på hurtige overgangar me skaper mest, etter at forsvar og midtbane har stressa fram feil hos motstander. Ved halvspelt 1.omgang vinn me ballen på midten. Ruben får tid til å lade kanona like innafor 16-meteren, men keeper redder. Men, på returen er Rasmus våken og set den inn i lengste til 2-1! Herlig!

Vebjørn Holmedal

Strålande 1.omg av Vebjørn H.!

Os er langt frå ufarlige i motsatt ende og kjem til eit par sjanser, der ei avslutning går i tverrligger. Men dei blir stort sett stoppa av ein midtbane og eit forsvar som virkar å ha den kjente fandenivolske innstillinga. Spesielt Vegar og Vebjørn bryt mange oppspel, som gir oss flotte overganger. Sentralt matcher Patrick og Marius fysikken til Os og foran dei har Erik turboen på. I det ein passerer 30min, så er gutane svært nærme å auke leiinga. Igjen bryt me Os på veg framover og Erik kjem fri på midten. Ruben, som har vore svært aktiv på si høgreside, starter løpet perfekt og får ballen i bakrom. Han ser Rasmus i fullt firsprang på bakerste, men dessverre går avslutninga i nettveggen. 

Ein veldig godt gjennomført 1.omg (endelig), der gutane viser kva som bur i laget. God balanse, flinke å stenge rom, tidlig i press og mange kloke valg. Og framover blir det farlig nesten kvar gong. Nå gjeld det å ikkje slippe grepet om kampen. Ruben, som har slitt litt med forkjølelse, er sliten etter alle løpa opp og ned høgresida og byter i pausen. Niko kjem inn.

Fyrste halvdel av 2.omgang er jamn, der begge lag produserer sjanser. Daniel spring rett frå innbytterbenken og inn i 16-meteren, der han er svært nære å auke til 3-1. Like etterpå banker Marius ballen i mål, men blir (noko uforståelig) avblåst for offside. Den var sur! Os tilriver seg etterkvart eit visst overtak, når me gir dei meir rom og tid med ballen. Og i det 64.minutt så utliknar dei til 2-2. Ballen blir slått nydelig inn frå venstre og ein osing kjem inn på bakerste og set ballen kontant i nota. Bare 3 minutt seinare, står det plutselig 2-3...:-( Os får spela seg altfor lett gjennom sentralt og ein muleg offsideplassert spiss, set ballen til side for Vebjørn. Så raskt blir ein straffa på dette nivået. 

God kamp av Marius!

Men, gutane gav ikkje opp og kjempa på for utlikning. Og like etterpå kjem Håvard seg fri, passerer keeper og skal plassere ballen til side for stopparane som dekker målet. Men, uheldigvis så stryk ballen like utanfor stolpen( Håvard likar best å score på volley, så dette blei nok for "enkelt") Vegar får deretter 5min på sidelinja etter å ha vore litt seint inne i ein duell, men me valgte allikevel å stå høgt med laget og fortsetja med 3 spelera bak. Høgt press betalte seg og plutseleg kjem Marcus fri på venstre. Han lader vesntreslegga og banker ballen i stolpen (den dirrer endo). Og i siste speleminutt får han igjen muligheten, men då ender skuddet i nettveggen. Dommar Kjærland bles av kampen og ein går på eit veldig surt tap. Så skuffa har me aldri sett gutane før.

Marcus Størksen

Så nære for venstreslegga til Marcus!

Os hadde mange gode spelera og var i periodar flinke til å halde ballen i laget. Dei hadde hurtige spelera over heile banen, som gav oss utfordringar. Men, i store delar av kampen har gutane god kontroll og skaper fleire store sjansar enn Os. At det glipper litt innimellom er heilt naturleg, då ein ikkje klarer å vera "på" i 80min og ha like høg intensitet. Me hadde ein plan om vera tett i duellar, presse saman som lag, gjere kloke valg med ball og utnytte farten me har i overgangar. Me synest at gjennomføringa i forhold til dette var årsbeste. Spesielt når ein tar motstanden i betraktning. At ein er enormt skuffa forstår me godt. Men, når skuffelsen har lagt seg, og ein ser bak resultatet, så skal ein vera stolt av prestasjonen gutar. Gjennomfører ein slik framover, så kjem 3-poengarane og!

Laget: Vebjørn Røssland, Vebjørn Holmedal, Vegar Hoff, Henning Solheim, Simen Mehammer, Patrick S. Fjelland, Marius Quam, Ruben Saug, Nikolai Mayer, Håvard Vågen, Rasmus E. Sjo, Marcus Størksen, Daniel Normann.

Mål: 1-0 (9) Ruben (Erik), 1-1 (12), 2-1 Rasmus (Ruben), 2-2 (64), 2-3 (67)

 

Verner og Bjarte

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift