Skuffande kamp på Osterøy

Trio/Halsnøy G16 tapte bortekampen mot Osterøy Fotlandsvåg 2-0, i ein kamp som må vera den svakaste gutane har spelt på lang tid.

Trio/Halsnøy G16 tapte bortekampen mot Osterøy Fotlandsvåg 2-0, i ein kamp som må vera den svakaste gutane har spelt på lang tid.

Osterøy Fotlandsvåg hadde plukka jamnt med poeng i dei 5 fyrste kampane og virka på papiret å vera eit godt lag. Skulle ein få med seg poeng heim igjen til Kvinnherad, så måtte ein ha innsats i bunn og bruke ballen smart og godt. Målet var å gjenskape mykje av det ein viste mot Os.

Kampen opna jamnt dårleg frå begge lag. Haugevis av feilpasningar og enkle feil med ball gjorde nok at dommaren lurte på om dette verkeleg var øverste divisjon i Hordaland. Ingen av laga klarte å halde ballen i laget i meir enn 4-5 trekk og det heile virka noko oppjaga. Da gjekk faktisk nesten 30 min før den fyrste sjansen kom i kampen. Gutane kjem oppover venstrekanten etter flott spel. Marius kjem til dødlinja og får slått ut til Simen på 12-13 meter. Ballen sklir dessverre litt av foten og skuddet går utanfor. Men, det var nå endelig tendensar til samhandling framover i banen. Gutane held iniativet ut omgangen, men kjem ikkje til noko meir enn eit par halvsjansar ved Henning etter corner og Erik som kjem fri på 14 meter. Pause 0-0, som gir eit heilt korrekt bilete av kampen.

Pausepraten dreier seg sjølvsagt om å heva prestasjonane. Feilprosenten må ned og ein må begynne å vinne duellar og ikkje minst 2.baller. Da er lov å forlange litt meir frå denne gjengen enn det ein har vore vitne til i 1.omg. 

Gutane opnar 2.omgang bra og presser motstander bakover på banen. Aggressiviteten til å vinna ballen er mykje høgare og ein speler ballen hurtigare og meir presist. Bare 2 minutt ut i omgangen er Niko millimeter frå å nå eit flott gjennomspel frå Erik, som ville gitt han fritt leide mot mål. Like etterpå er me nære på etter corner, men Osterøy F. får klarert i siste sekund. 12 min ut i omgangen header Håvard i tverrligger etter nydeleg innlegg frå kant. Og sjansebonanzaen fortsetter med eit knallhardt skudd frå Erik frå 16 meter, som keeper redder mesterlig, då han i full strekk får slått ballen til corner. Og keeperen gjer atter ei glimrande redning etter at Marius stusser eit frispark ned i hjørnet. Niko kjem millimeter for seint på returen. Niko blir og lagt i bakken innanfor 16-meteren, men får dessverre ikkje straffe.

Når ein ikkje setter sjansane i denne gode perioden, så aner ein at dette rett og slett ikkje er dagen. For når ein er halvvegs i omgangen, så tar Osterøy F. over. Dei kjem rundt på venstre og avslutter frå skrott hald. Vebjørn redder med eit glimrande tigersprang. Gutane har vore flinke til å ta ut kapteinen deira, som er ein veldig god spelar i 10er-rolla. Men 25 min ut i omgangen gir me han dessverre litt for mykje rom. Han kjem seg fri i mellomrommet og speler flott vegg med spissen, for så å setja ballen kontrollert til venstre for Vebjørn, 1-0..:-( 

Gutane har kome tilbake i kampar før denne sesongen, men i dag har me ikkje den heilt store optimismen på sidelinja. Me må iallefall tilrive oss iniativet igjen og setja press på dei. Ein prøver å flytte fleire spelera opp i banen og går over til 3 mann bak når da gjenstår 8 min av kampen. Men, dessverre så er me atter ein gong upresise i pasningsspelet inne på deira halvdel og Osterøy F. kontrer inn 2-0 i det 35.min.. Gutane blir meir opptatt av dommaravgjerdsle på slutten enn å spela ballen fornuftig for å skapa sjansar. Dermed ender kampen med tap 2-0.

Totalt sett ei skuffande forestilling av oss. Me har lov å setja høgare krav til oss sjølve, enn det ein fekk vist i denne kampen. Så mange enkle pasningsfeil og lite guts, som ein viste i 1.omg kan me ikkje vera bekjent av. Rett nok hadde motstander eit relativt godt forsvar, men da er enkelt å vera god bak når motstander ikkje har bevegelse eller presisjon i det ein foretar seg. Når ein taper mot god motstand i kampar der ein har prestert veldig bra, kan ein vera skuffa over resultatet. Resultatet i denne kampen kjem som følge av ein dårleg prestasjon kollektivt, og det er meir frustrarande for oss trenera (og forhåpentligvis for gutane og). Osterøy F. fortente ikkje seieren meir enn oss, men dei satte ballen i mål i ein viktig fase av kampen.

Lærdom; Gløym denne kampen. Da skal ikkje gjenta seg. Me hevar oss til neste kamp, som er heime mot Bjarg på søndag. Då reknar me med at kollektivet hevar seg fleire hakk:-)

Laget:

Vebjørn Røssland, Vebjørn Holmedal, Vegar Hoff, Henning H. Solheim, Simen Mehammer, Patrick S. Fjelland, Marius Quam, Erik V. Solberg, Nikolai Mayer, Ruben Saug, Rasmus E. Sjo, Marcus Størksen, Håvard Vågen.

Mål: 

1-0 (65.min), 2-0(35.min)

- Verner og Bjarte-

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift