Opptur for G16

Etter å ha spelt 3 skuffande kampar, så viste Trio/Halsnøy G16 igjen kva som bur i laget, når dei møtte sterke Fyllingsdalen på Varden Amfi fredag. 2-2 skal Fyllingsdalen vera mest letta over.

Etter å ha spelt 3 skuffande kampar, så viste Trio/Halsnøy G16 igjen kva som bur i laget, når dei møtte sterke Fyllingsdalen på Varden Amfi fredag. 2-2 skal Fyllingsdalen vera mest letta over.

Trio/Halsnøy G16 har skuffa i prestasjonane den siste tida, ut frå det nivået ein veit dei har inne. Og dette har vore mot lag ein på papiret burde ha mulighet til å slå. Etter tapet for Osterøy, så klarte ein bare 2-2 heime mot Bjarg. Dette var ein kamp der ein opna veldig bra fyrste 15 min og gjekk opp i leiinga ved Henning etter nydeleg overgang. Deretter skrur ein av konsentrasjon og lar Bjarg spele seg inn i kampen og ta over banespelet. Ufattelig mange balltap og dårlege pasningar/løysingar over heile linja gjer at Bjarg utliknar rett etter pause. Ein får eit håp om siger etter at Patrick stanger inn 2-1 etter corner, men dessverre så roter me litt bakover og slepp inn eit relativt enkelt utlikningsmål, slik at kampen ender 2-2.

Patrick

Flott heading av Patrick mot Bjarg.

Deretter gjekk turen til Voss. Spelet ber preg av noko lav sjølvtillit i laget. Ein klarer ikkje å halde ballen i laget i meir enn 4-5 trekk og vel vanskelege løysingar. 1.omgang er relativt jamn, med nokre sjansar til begge lag. I 2.omgang hevar Voss seg, medan me dessverre ikkje har dagen i det heile. Voss scorer 2 ganger og vinn kampen fortent 2-0..:-( 

 

Fyllingsdalen på Varden Amfi var på papiret ingen lett motstander. Og når ein før kampen får vita at dei stiller sitt sterkaste lag, så er vel ein redd at dette kan bli stygt om ikkje ein hevar prestasjonane frå dei 3 siste kampane. Men, laget har og spelt sine beste kampar mot antatt betre motstand, så eit lite håp har trenarteamet. Og gutane skuffar ikkje! 

Me er litt avventande i starten av kampen og lar ballsikre motstandera trille ball utan at dei klarer å skape noko. Men, 7 min ut i kampen så glepp me litt i press og markering, som fører til at spissen til Fyllingsdalen kjem åleine mot Vebjørn. Han set ballen iskaldt til side for sisteskansen vår, 1-0.. Hadde ein nå fått mange negative tanker i hovudet og ikkje hatt tru på egne ferdigheter, så kunne det blitt stygt. Men, gutane lar ikkje målet affisere seg og tar over banespelet. Like etterpå speler gutane seg nydeleg gjennom midtbane- og forsvarsleddet til motstander, og Patrick kjem fri. Dessverre går skuddet utanfor stolpen.

God kamp av Rasmus mot Fyllingsdalen

I forhold til dei siste kampane er valg med ball og treffprosenten i pasningane mykje betre. Og bevegelsen utan ball gjer at ballførar har fleire valg. Dessutan er gutsen tilbake, slik at ein klarer å stresse fram mange balltap inne på Fyllingsdalen sin halvdel. Dette gir oss fleire sjansar ved Erik og Nico. Synd me ikkje får utelling, for på overtid får Fyllingsdalen ein sjeldan sjanse, og kraftspissen deira klarer å setja inn 2-0..... Ufattelig irriterande etter at me har styrt kampen i store delar av omgangen. Men, varemerket tidlegare i sesongen var gode 2.omganger, så ein mana gutane til fortsatt å stå på.

Og i 2.omgang er det liten tvil om kven som er det beste laget. Gutane viser ein voldsom iver etter resultat og vinn dei fleste duellar. Over heile linja presser ein Fyllingsdalen, slik at ein hindrer oppspel til raske angripera. Og dei oppspela som kjem, tar forsvaret seg av på ein glimrande måte. Framover skaper me fleire store sjanser. Marius er svært nær redusering tidleg i omgangen, men under hardt press, set han ballen utanfor. Erik og Patrick kjem begge til gode skuddmuligheter, men blokkering i siste liten og skudd like utanfor gjer at reduseringa uteblir.

Marius erstatta Rasmus og gjorde ein solid jobb på topp.

Midtvegs i omgangen slås ballen langt diagonalt, der Niko har sprunge seg fri. Han kan ta ned ballen og plassere den forbi keeper, men registrer nok ikkje kor god tid han egentlig har og går for heil volley, dessverre utanfor. Men, 7min før slutt kjem reduseringa. Etter ein corner blir det noko klabb og babb i feltet. Marius kjem til avslutning, som i staden blir ein assist til Henning og han stanger ballen like over streken med nasa....., 2-1! 

Midtstoppar Henning scorer jamnt med mål i haust.

Dette kan bli spennande på slutten for da er Trio/Halsnøy som styrer banespelet. Med to spissar på topp og ein midtbane som arbeider sokkane av seg, så har forsvaret til Fyllingsdalen nok å henga fingrane i. 3 min før slutt er Niko/Erik?? veldig nærme å stanga ballen i mål frå 5 meter, men ballen går like over tverrligger. Erik har i år stått for nokre lekre avslutningar frå distanse, når laget treng da som mest og da er igjen Sundebuen, som sørger for jubel i leiren. 1 min før full tid, tar han ballen med seg litt til venstre og banker ballen ned i motsatt hjørna frå 20 meter, 2-2!!! Fyllingsdalen får ein siste sjanse på frispark, men da einsate som kjem utav det er eit raudt kort til ein av deira spelera for dytting i feltet (heilt uforståelig for alle). Gutane har igjen kome tilbake i ein 2.omg og har spelt slik ein veit dei kan. 

Erik redda 1 poeng mot Fyllingsdalen.

Totalt sett ein veldig godt gjennomført kamp av gutane. Hadde nivået vore like høgt i dei 3 foregåande kampane, så hadde poengfangsten og tabellposisjonen vore noko annleis. Ein har 2 kampar igjen før sesongen er over, mot Loddefjord heime søndag 23.okt på Halsnøy Kunstgras  og borte mot Åsane laurdag 5.november. Mellom der, så skal ein til Haugesund Sparebankcup og måla krefter mot andre 1.div/elitelag. Ingen grunn til å sleppa seg nedpå endo!

 - Verner og Bjarte -

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift