G16 slo Loddefjord 4-1

Trio/Halsnøy G16 vann "krigen" mot Loddefjord, som ikkje akkurat representerte klubben sin på nokon god måte. Språkbruk til medspelera, motstpelera og dommar, som me heldigvis sjeldan opplever.

Trio/Halsnøy G16 vann "krigen" mot Loddefjord, som ikkje akkurat representerte klubben sin på nokon god måte. Språkbruk til medspelera, motstpelera og dommar, som me heldigvis sjeldan opplever.

Gutane viste prov på at sjølvtilliten var tilbake mot Fyllingsdalen i forrige kamp (2-2) og ville for ein gong skuld vinna ein heimekamp på hausten. Fasiten før søndagens kamp, var at ein verken hausten 2015 eller denne hausten hadde vunne ein heimekamp! Eit aldri så lite heimekompleks kan ein vel sei. Loddefjord har sanka jamnt med poeng etter ein litt treg start på hausten og ein visste at det kom til å bli hardt. 

Me opnar kampen bra og sørger for at Loddefjord får lite tid til å etablera noko spel. Med Håvard og Ruben på kant ser ein og at backane til Loddefjord skal få kjørt seg, då dei ikkje har samme toppfart. Kun 4 min ut i kampen kjem Håvard i 100 oppover høgrekanten og banker ballen inn framfor mål. Ruben kjem millimeter for seint til å setja inn leiarmålet. Men, bare 3 minutt seinare skal det ordne seg. Niko er plassert som indreløpar frå start, for å få meir gjennomløp frå midtbanen. Og når Simen får ballen på 35 meter og Niko starter løpet, så har gutane satt til livet akkurat det me håpa på........Niko tar ned den flott pasningen og set inn 1-0

Nikolai Mayer

Niko var tilbake i godt slag. Kjekt å sjå!

Dessverre varer bare leiinga i 6 min, før Loddefjord reduserer til 1-1. Ein spelar drar med seg ballen innover frå høgre og passerer eit par mann. Han fyrer mellom beina på ein av våre og skuddet kjem noko brått på Røssland i mål, som ikkje klarer å avverga. Men, gutane jobbar på vidare og har stort sett kontroll og skaper fleire farlege angrep. Og midtvegs i omgangen er det igjen klart for gjennomløp av Niko. Denne gang er det Erik som slår ein flott stikkar, som Niko banker i mål, 2-1! Like etterpå er Loddefjord nærme utlikning igjen, men Røssland strekker seg så lang han er og får slått ballen til corner. Nydelig redning!

Vebjørn Røssland

Strålande kamp av Vebjørn!

Loddefjord har ein del dødballar som er farlege, men som og gir oss glimrande overgangsmuligheter. 30min ut i kampen set me ballen hurtig i gang etter ein dødball og Henning(!) stormer oppover høgrekanten. Han finn Ruben framfor mål, som dessverre banker ballen midt på keeper. Niko set returen utanfor. Der skulle me ha auka leiinga. Me leiar uansett fortent til pause og maner gutane til å fortsetje den harde innsatsen i 2.omg. Og ikkje la seg påvirke av eit ufattelig sytande motstanderlag!

Kort tid etter at 2.omg er blåst i gang får me corner. Håvard banker innlegg knallhardt inn på fyrste stolpe, der Erik har sprunge seg fri. Han styrer ballen kontrollert i mål og me leiar 3-1! Me håpar dette er starten på ein flott omgang, men i staden blir kampen prega av mykje hardt og til tider stygt spel frå begge lag. At det bare blir 1 gult kort (Loddefjord) er vel eit under. Begge lag skulle vel hatt eit par mann til  ute i 5minutt. Men, der våre gutar haldt seg til hardt spel, viste Loddefjord ei haldning og ein språkbruk overfor medspelera, motspelera og dommar, som ikkje egnar seg på ein fotballbane (eller nokon anna plass forøvrig). Hadde vore flau om dette var gutar me trente.......Beklager spesielt til alle ungar som eventuelt måtte høyre på slik språkbruk.

Vegar Hoff

"Hoffern" var bauta i midtforsvaret!

Loddefjord produserer ein del sjansar, mest etter dødball. Me har 2 enorme sjansar ved Rasmus, som 2 gonger kjem åleine med keeper, men dessverre ikkje klarer å setja ballen i mål. Men, 5 min før slutt tar Erik saken i egne hender. Han vinn ballen på høgresida, set på turboen og skjærer innover mot keeper. Ein nydelig lobb over keeper og dermed 4-1! 

Gutane speler ein god 1.omg og vinn "krigen" i 2.omg. Synd me ikkje klarer å roe oss ned med ballen i laget i 2.omg, då det var svært gode mulighetar til å spele seg til fleire sjansar om ein hadde spelt noko enklare. Uansett herlig med ein seier igjen og ikkje minst på heimebane. Nå går turen til Haugesund Sparebankcup, der ein skal møta fleire gode lag frå Rogaland og Hordaland. Djerv 1919, Forus & Gausel og Randaberg i gruppespelet på laurdag. https://profixio.com/matches/hsc2016/k/kl/1040455-g16-gutt-16

Laget:

Vebjørn Røssland, Vebjørn Holmedal, Vegar Hoff, Henning H. Solheim, Simen Mehammer, Patrick S. Fjelland, Erik V. Solberg, Nikolai Mayer, Ruben Saug, Håvard Vågen, Marius Quam, Marcus Størksen, Rasmus E. Sjo

Mål: 1-0 Niko (Simen), 2-1 Niko (Erik), 3-1 Erik (Håvard), 4-1 Erik

 

- Verner og Bjarte -

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift